Mannen som sikra Noreg velstand og stor politisk handlefridom

DEBATT: 5. november 2017 er det 100 år sidan den moderne nasjonsbyggaren Jens Evensen vart fødd.

Publisert: Publisert:

Jens Evensen (1917–2004) er ein av Noreg sine fremste nasjonsbyggarar i moderne tid. Foto: Inge Gjellesvik, NTB Scanpix

Debattinnlegg

Liv Signe Navarsete
Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Me har svært gode grunnar til å minnast Jens Evensen − juristen, byråkraten, diplomaten og statsråden som me alle dagleg kan takke for deler av velstanden vår.

Eigedom til naturressursane

Landet vårt er blitt velsigna med tilgang til store naturressursar, men det har ikkje vore opplagt at dei skal utnyttast til gagn for folk flest. Det må til folkevilje representert gjennom politikarar som har landet sine reelle langsiktige interesser for auga.

Tidleg på 1900-talet fekk Stortinget, etter lang strid og med Gunnar Knudsen og Johan Castberg i spissen vedtatt, gjennomført konsesjonslover som m.a. fastsette den såkalla heimfallsretten. Rett til utbygging av vasskraft skulle berre gje høve til å utnytta den i ei avgrensa tid, deretter skal all vasskraft falle tilbake til oss alle/staten. Lovgjevinga har vore til stor gagn for landet vårt i all ettertid ved at dei hindra at storkapitalen fekk tilnærma fritt tilgjenge til enorme fortenester. Det var ikkje sjølvsagt at det skulle bli slik, noko me diverre har sett og framleis ser er tilfelle i mange andre land i verda. Det er difor urovekkande at me har politiske parti som ikkje vil halde fast på heimfallsretten.

Sikra oss oljeformuen vår

Då det på 1960-talet vart spørsmål om leiting etter olje og gass i havområda utanfor landet vårt, var dei unge juristane Jens Evensen og Carl August Fleischer tilsette i Utanriksdepartementet. Evensen var ekspedisjonssjef i rettsavdelinga i Utanriksdepartementet frå 1961 til 1973, Fleischer som juridisk rådgjevar. Tida var avgjerande for fastsetjing av nasjonale rettar i sjøområdet utanfor norskekysten. Som hastesak vart det, med Evensen og Fleischer som «foreldre», i 1963 vedtatt lov om undersjøiske naturførekomstar. Dette er ei svært viktig «grunnlov» som slo fast at alle ressursar på og under havbotn tilhøyrer staten.

Utanriksdepartementet fekk politisk gjennomslag for at naturressursane skal tilhøyra staten. Motstridande til desse nasjonale interessene var då − som no − sterke økonomiske interesser som ynskte å få hand om ressursane i havområdet på billigaste måte. Det var diverre sterke krefter her i landet som arbeidde for at det skulle skje. At det ikkje skjedde, kan me i dag i dag takke både Evensen og Fleischer for. Dei var representantar for ein stolt embetsmann-tradisjon der nasjonen sine interesser alltid stod først. Evensen var òg svært sentral i seinare forhandlingar om, og avtalar med, landa rundt Nordsjøen om grenser for kontinentalsokkelen.

Les også

Maktkampen om oljeeventyret − om blant andre «Olje-Norges far», Jens Evensen

Jens Evensen 69 år gammal, som dommar i den internasjonale domstolen i Haag. Foto: Øyvind Ellingsen

Dei viktige traktatane

Jens Evensen var seinare også sentral då FN i 1982 vedtok ny havrettstraktat. Ved å forhandle i grupper av land med felles interesser, og ut frå at mange land hadde då blitt sjølvstendige og oppfatta seg som kyststatar med havinteresser, medverka han til kompromisset om m.a. 200 mil eksklusiv økonomisk sone. Eit område som omfattar om lag ein tredjedel av havareala.

Noreg har stor interesse av at folkeretten og internasjonale traktatar vert etterlevde. Me bør difor i alle fora arbeida for at havrettstraktaten vert etterlevd, og aldri kompromisse på hovudpunkta i den.

Ut frå velstanden dei grunnleggjande avtalane, traktatane og lovgjevinga om havretten har ført med seg for landet vårt, bør me alle vere svært takksame for dei som stod i striden for dette. Ikkje minst gjeld det lovgjevinga og vedtaka som gjer at me i dag har det store Oljefondet.

Dagens politiske situasjon gjer at det er maktpåliggjande å minne om at vår velstand byggjer på tidlegare politiske vedtak basert på god politisk dømmekraft og handlekraft og basert på ein rettferdstrang som tilseier streng statleg regulering når det gjeld utnytting av naturressursar.

I dag er det Senterpartiet som klarast marknadsfører ein slik langsiktige nasjonal politikk. Våre nasjonale interesser i dag tilseier at me melder oss ut av EØS-avtalen. Ut frå WTO-avtalane og vanlege handelsavtalar vil norsk næringsliv og landet leve langt betre med å ha kontroll på både naturressursar og også alle former for regulering av arbeidslivet.

Same grunnleggande politisk vilje ligg til grunn for Senterpartiet si avvising av mellom anna TISA-avtala. Det hemmelege utkastet vert kalla handelsavtale, men er reelt eit utkast som går ut på å gje makt frå politiske fora til den internasjonale finanskapitalen/storkapitalen på kostnad av interessene til land og folk. I denne politiske kampen står Senterpartiet klart for, og vil fremja norske interesser slik det vart gjort av m.a. Jens Evensen.

I respekt og takknemlighet

Eg sluttar meg til det dåverande utanriksminister Jan Petersen sa i gravferda til Jens Evensen i 2004:

«På regjeringens vegne vil jeg uttrykke dyp respekt og takknemlighet for det store og banebrytende arbeid som Jens Evensen gjennom en menneskealder fikk utrettet til det beste for landet vårt og for det internasjonale rettssamfunnet.»

Me skal gjera alt me kan for at Senterpartiet i komande val vil få eit veljargrunnlag som gjev oss høve til å vidareføra og gjennomføra politikken som mellom anna Gunnar Knudsen, Johan Castberg og Jens Evensen på avgjerande tidspunkt i Noreg si historie stod for.

Les også

– Oljenasjonen Norge har mange helter, nå trenger vi nye

Publisert: