Symbolpolitikk av MDG

DEBATT: Ryfylketrafikken må betala høgare eigendel enn noko anna bomvegprosjekt i landet for å få eit vegtilbod som andre kommunar har hatt gratis lenge.

«Ryfast er eit ferjeavløysingsprosjekt som kostar trafikantane dyrt», skriv Sigmund Hatløy.

Debattinnlegg

  • Sigmund Hatløy
    Stavanger
Publisert: Publisert:

Leiar av fylkeskommunens samferdselutvalg Aleksander Rügert-Raustein (MDG) er mot reduksjon av bomtakstane i Ryfastsambandet i Aftenbladet 9. juli. Han meiner dette vil auka trafikken i regionen og trua nullvekstmålet som trengst for å få statlege belønningsmidler til Nord-Jæren-pakken for trafikktiltak. Han meiner lågare ryfast-takstar vil vera samferdselspolitisk sjølvmord.

Manglar enkel reknekunst

I storleik er ryfylketrafikken nokre få prosent av trafikken på Nord-Jæren. Både ved dobling og halvering av ryfylketrafikken vil det vera vanskeleg å merka endring i trafikken på Nord-Jæren. Å kalla Rügert-Raustein si meining rein symbolpolitikk er for svakt uttrykk. Det er skremmande mangel på innsikt i enkel reknekunst. At han er opptatt av miljø- og klimatiltak er vel og bra, men kva er att av truverdet til Nord-Jæren-politikarane etter at dei fjerna det viktigaste miljøtiltaket, rushtidsavgifta?

Rügert-Raustein blandar saman Nord-Jærenpakken og ryfylketrafikken på ein utillateleg måte. Ryfylketrafikken får korkje store statlege tilskot (nær 50 prosent) eller belønningsmidler slik Nord-Jæren får. Ryfylketrafikken må betala høgare eigendel enn noko anna bomvegprosjekt i landet for å få eit vegtilbod som andre kommunar har hatt gratis lenge.

Stortinget har vedtatt at ulempene og ekstrakostnadene for Distrikts-Norge skal reduserast. Frå 1. juli i år vart det 25 prosent rimelegare å reisa med riksvegferjer. Og prisen skal reduserast endå meir. Ryfast er eit ferjeavløysingsprosjekt som kostar trafikantane dyrt. At ordføraren i Strand kommune bed om å bli likestilt med tilsvarande fjordkryssingskommunar, er heilt i samsvar med det Stortinget har meint.

Er det rett?

Stortingsfleirtalet overkøyrde regjeringa i denne saka. Ei regjering som for kort tid sidan brått fjerna naudsynte transporttilskot til sjøtransportavhengige kommunar. Stort press måtte til for retta på dei sentrale misgjerningane innan reknekunst.

Er det rett at samferdselspolitikken skal vera slik at dei som har størst kostnader og ulemper skal hindrast i å få forbetringar andre tek som sjølvsagte?

Les også

  1. «Ryfast ble bygget for å brukes, MDG»

Publisert:

Valg 2021 - samferdsel

  1. – Perspektivløst om fergefri E39

  2. – For Frp betyr fart mer enn miljø

  3. – Kunsten å sette opp eit reknestykke

  4. – Ryfast er eit ferjeavløysingsprosjekt som kostar trafikantane dyrt

  5. «Problemet med for låge bomtakstar»

  6. – Meir pengar til hurtigbåt med Venstre i regjering

  1. Valg 2021 - samferdsel
  2. Debatt
  3. Ryfast
  4. Nord-Jæren
  5. Nullvekstmålet