Har kommunalministeren eigentleg avgjort at Forsand skal til Strand?

DEBATT: Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik sine signal om at han vil lytta på innbyggarane sine ønske i Søgne og Songdalen, lovar godt for at Forsand får gå til Strand.

Så om kommunalministeren og regjeringa han er ein del av skal stå fram som prinsippfast og truverdig, har han i realiteten avgjort at Forsand skal gå saman med Strand, skriv dei tre politikarane frå Strand. På bildet ser me ordførar i Sandnes Stanley Wirak (Ap) og ordførar i Strand Irene Heng Lauvsnes (H).

Debattinnlegg

  • Irene Heng Lauvsnes
    Ordfører, Strand kommune (H)
  • Alf Henning Heggheim
    Kommunestyrerepresentant, gruppeleiar (SP)
  • Geir Tomasgard
    Kommunestyrerepresentant, leiar Strand AP
Publisert: Publisert:

Det er gledeleg å lese at me har ein kommunalminister som er oppteken av viktige lokaldemokratiske prinsipp. Fredag 17. juni sa Gjelsvik at han står fast i synet om å gjennomføre ei innbyggjarundersøking i dei gamle kommunane Søgne og Songdalen. Kommunalministeren ønskjer med dette å høyre kva innbyggjarane meiner om lausriving frå Kristiansand kommune, – som dei blei slått saman med 1. januar 2020.

Kommunalpolitisk talsperson i Senterpartiet, Heidi Grini slår fast at regjeringas vedtak om innbyggjarundersøking er endeleg og kjem til å bli gjennomført. Vidare seier ho at «. for regjeringa er det viktig at folk i Søgne og Songdalen får sagt si meining. Vi vil lytte til det som er flertallet der, uansett hva det måtte gi av resultat». Dette samsvarer godt med synet SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum gjev uttrykk for i Aftenposten den 20. Juni. Vedum er overraska over reaksjonane i saka om kommunedelinga i Kristiansand og viser til at reaksjonane hoppar over det viktigaste – nemleg at folk skal bli lytta til, og at det skal være ei folkeavrøysting.

Me ventar like klar tale her

Me som har venta på ei avklaring om Forsand skal vera ein del av Sandnes kommune, eller om Forsand og Strand skal gå saman vidare som ein kommune, er svært glade for denne prinsipielle avklaringa frå regjeringa. Me legg sjølvsagt til grunn at ein vil vera like tydeleg i grensejusteringssaka knytt til Forsand, som no ligg til avgjersle på kommunalministeren sitt bord.

Innbyggjarundersøkinga i Forsand som Statsforvaltaren i Rogaland la fram i vinter, gav eit tydeleg fleirtal for at Forsand går vidare saman med Strand. Dette blei også Statsforvaltaren sin konklusjon etter ei grundig utgreiing. Det er og verdt å nemne at eit solid fleirtal i Rogaland fylkesting gjorde følgjande vedtak den 15. Juni: «Fylkestinget i Rogaland ber regjeringa vedta grensejustering mellom Sandnes og Strand kommune, i tråd med ønsket til et klart fleirtal av innbyggjarane i gamle Forsand kommune og som Statsforvalteren i Rogaland har tilrådd».

Så i sum vil det vera svært overraskande om det Statsforvaltaren la vekt på i sin konklusjon, inkludert resultatet frå innbyggjarundersøkinga og uttalen frå Rogaland fylkesting, vert overprøvd av regjeringa. Det vil i så fall gjere regjeringa si bruk av omgrepet «lytte til» vanskeleg å forstå.

Støttar demokratiske prinsipp

For desse Sørlands- kommunane er det tale om å gå tilbake til gammal kommunestruktur, og slik ei reversering av det mange meiner var ei tvangssamanslåing. Når det gjeld Forsand, er det tale om ei grensejustering, då det ikkje er tale om å gå tilbake til gammal kommunestruktur og Forsand som eigen kommune. Gamle Forsand kommune vil få ein ny kommunestruktur om han blir slått saman med Strand kommune. Det er grensa mellom Strand og Sandnes som eventuelt vil bli endra. Dette inneber at det ligg til kommunalministeren sitt mandat å gjere vedtak om kven forsandbuane skal gå saman med i framtida.

Og når staten først vel å spørje innbyggjarane til råds i form av innbyggjarundersøkingar eller folkeavstemmingar, oppfattar me at regjeringa tydeleg avklarer at dei stiller seg bak det gode demokratiske prinsippet det er å lytte til råd gjeve frå innbyggjarane. Om ei regjering skulle velje å sjå vekk frå råd som vert gjeve frå innbyggjarane, vil det innebere at ein tek steg i retning av å uthole instituttet med innbyggjarundersøkingar og folkeavstemmingar som viktige demokratiske kompass.

Så om kommunalministeren og regjeringa han er ein del av skal stå fram som prinsippfast og truverdig, har han i realiteten avgjort at Forsand skal gå saman med Strand.

Så i sum vil det vera svært overraskande om det Statsforvaltaren la vekt på i sin konklusjon, inkludert resultatet frå innbyggjarundersøkinga og uttalen frå Rogaland fylkesting, vert overprøvd av regjeringa. Det vil i så fall gjere regjeringa si bruk av omgrepet «lytte til» vanskeleg å forstå.
Publisert:
  1. Songdalen
  2. Forsand
  3. Grensejusteringer
  4. Søgne
  5. Sandnes

Mest lest akkurat nå

  1. Brann i Langgata i Sandnes - to til sykehus med røykskader

  2. I ett europeisk land er det dyrere å feriere enn i Norge

  3. Bil i autovernet i Sola

  4. Klart for fjerde korona­vaksine­dose i Stavanger

  5. Disse gatene stenges i Sandnes i dag

  6. – Hvalrossen Freya er nok på vei mot Rogaland nå