Kva med ho som treng ei hand å halda i?

DEBATT: Som pårørande gjennom mange år ønsker me å koma med vårt innspel til det som er sagt og skrive i samband med det varsla driftskuttet ved Finnøy Sjukeheim. Me er bekymra!

«Omsorga for eldre må aldri få lov til å gå inn i ei samlebandtenking, der eit effektivitetsmål blir at det går stadig færre minutt til omsorg og stell pr. person», skriv Marianne Mjølhus, Margrethe Toft og Jane Kirsten Cayeux.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Me ser at det er blitt stadig travlare å vera dei som skal ta vare på våre eldre på sjukeheimen. Me ser korleis dei må springa stadig fortare for å vinna over stadig meir. Me ser likevel gode sjukepleiarar og omsorgspersonar som møter våre eldre og oss pårørande med omsorg, respekt og varme, – som etter beste evne i ein travel kvardag gir «det vesle ekstra». Spørsmålet er kor lenge dei orkar. Me kjenner til tilsette som har jobba i eldreomsorga i lange tider, og som seier at dei for første gong har vurdert å gå over i annan jobb.

Ikkje fordi dei ikkje trivst i jobben, men fordi dei stadig oftare går heim etter endt arbeidsdag med ei kjensle av ikkje å strekkja til.

Me skjønnar ikkje korleis avgjerdstakarar og politikarar i kommunen kan ta til orde for at drifta vil bli forsvarleg, trass i nedskjeringar.

Mannefall

I samband med dette uroar me oss veldig for eit mannefall blant dei som bryr seg mest, anten fordi dei ikkje orkar å stå i jobben lenger, eller fordi dei strekkjer strikken for langt og blir sjukmelde. Ein gjennomtrekk av stadig nye og ukjende tilsette og vikarar er absolutt ikkje optimalt for bebuarar som er avhengige av det trygge, kjende!

Me er bekymra! Og me skjønnar ikkje korleis avgjerdstakarar og politikarar i kommunen kan ta til orde for at drifta vil bli forsvarleg, trass i nedskjeringar. Me lurer då på kva som blir lagt i ordet forsvarleg. Det stemmer sikkert, om det handlar om å oppbevara og halda liv i folk. Men kva med respekt, omsorg for heile mennesket og livskvalitet? Kva med ho som treng ei hand å halda i? Kva med han som treng litt ekstra hjelp med maten? Kva med ho som må på do akkurat når alle er opptatt? Og kva med ho som treng ekstra trening for å halda seg på føtene litt lenger, eller han som treng hjelp til å henta fram minne før dei forsvinn heilt?

Les også

Samarbeidspartiene satser bredt på eldreomsorgen

Livskvalitet og tryggleik

Omsorga for eldre må aldri få lov til å gå inn i ei samlebandtenking, der eit effektivitetsmål blir at det går stadig færre minutt til omsorg og stell pr. person. Effektivitet målt på denne måten, må aldri få rot i arbeid med menneske, og minst av alt i arbeidet med gamle og sjuke! Her må ikkje berre dei mest basale behova stettast. Det er snakk om omsorg som gir livskvalitet, tryggleik og ei glede over livet også i alderdomen.

Til deg som er med på å ta avgjerda og styrer pengesekken: Kva om det er di mor som ikkje får eta seg mett fordi ho er redd for å vera til bry, eller ikkje får den hjelpa eller tida ho treng? Kva om det er din far som aldri får frisk luft, fordi ingen har tid til å ta han med ut? Kva om det er di bestemor som sit og er lei seg, og ingen har tid til å trøysta? Kva om det er din bestefar som blir trilla i rullestol, fordi det går fortare enn å la han få gå dei få metrane han framleis kan klara? Kva om alt det sosiale og kjekke forsvinn frå sjukeheimen, så det ikkje lenger er noko å gle seg til? – Er det ei slik framtid de vil gi våre og dykkar eldre?

Utkants- og øykommune

Me minner om at Finnøy var ein utkants- og øykommune. Om me er komne inn i Stavanger kommune, ligg me framleis på same plass, og det er ei kjend sak at utkantane er dyrare å drifta. Det er heller ikkje like lett for pårørande å stikka innom så ofte som ein kunne ha ønska, då dei som ev. bur nær, gjerne bur på andre øyar og er avhengige av båt og rutetider. Skal me stilla likt med dei sentrale delane av kommunen når det gjeld eldreomsorg, er det difor heilt nødvendig at driftsbudsjettet her ikkje blir skore ned. Då kan me håpa at mor vår framleis kan seia «Ennå er det gildt å leva!».

Og noko som er like viktig: At dei gode sjukepleiarane og omsorgspersonane som jobbar på sjukeheimen, kan seia «Ennå er det gildt å jobba her!»

Publisert: