Ta politisk kontroll over krafta!

DEBATT: Nye vindkraftverk må ikkje få legge beslag på meir av vår verdifulle natur.

« Krafta må gi varige og framtidsretta arbeidsplassar og ikkje brukast til produksjon av kryptovaluta eller til billig datalagringsplass for store utanlandske aktører», skriv innsendarane.

Debattinnlegg

  • Debatt
Publisert: Publisert:
  • Innlegget er skrive av: Marit Brevik, leiar i Motvind Sørvest, leiar Hallgeir Langeland i Naturvernforbundet i Rogaland, leiar Jan Haugen , leiser i Industriaksjonen, Jo Jenseg, leiar i LO i Stavanger og omegn, Trond Ågotnes, lair i Motvind Vestland, Terje Havsø, Norges Jeger- og Fiskerforbund Rogaland, Øystein Nereng, leiar i Vern Kverneland, Arne Løland, Bevar Hetlandsskongen, Hildegunn Flengstad, leiar i Motvind Tysvær og Annemor Eikeland, talskvinne for Nei til Vindkraft i Kvinnherad.

Vannkraft blei i førre århundre sett på som viktig infrastruktur på same måte som vegar, jernbane, vann og avløp. Sjølv om utbygginga av vannkraft førte til store og dels konfliktfylte naturinngrep, så var ho heilt grunnleggande for utviklinga av Norge som eit avansert industriland. Dei mange levande
industrisamfunna våre er i stor grad bygde på vannkrafta.

Ein god del av industribedriftane stod det utanlandsk kapital bak, og investeringane i Norge kom ikkje fordi vannkrafta var fornybar men fordi krafta var billig.

Nye vindkraftverk må ikkje få legge beslag på meir av vår verdifulle natur.

Reine kommersielle selskap

Sjølv om det er ein fordel at vannkrafta er fornybar, så er prisfordelen i ferd med å forvitre. Det skjer fordi kraftproduksjon i dag ikkje lenger blir sett på som viktig infrastruktur, men som ein vare som skal seljast til høgast mogleg pris! Kraftselskapa er blitt reine kommersielle selskap som pressar på for å få lagt stadig fleire utanlandskablar; kablar som fører til at me importerer det høgare prisnivået i resten av Europa.

Frå 2012 har hushaldningane i Norge betalt – og betaler – store midler over straumrekninga til «grøne sertifikat». Pengane har i stor grad gått til vindkraftutbygging med voldsom rasering av natur som resultat. Vindkraftselskapa får sågar størst støtte ved at dei er gitt bare fem års avskrivingstid for anlegga, altså ein stor skattefordel.

Kan oppgraderast

Stadig større turbinar har òg gitt lågare produksjonskost for vindkraft og har forsterka utviklinga. Nye vindkraftverk må ikkje få legge beslag på meir av vår verdifulle natur. Vannkrafta vår kan oppgraderast ein god del utan nye naturinngrep og utan at nye vassdrag blir bygd ut.

Storstilt satsing på energieffektivisering og solkraft kan frigjere ennå større mengder energi til bruk for ny industri og næringsverksemd. Det nye Stortinget kan sikre dette med enkle grep.

På den nye nettstaden energi og natur kan ein lese meir om dette. Det blir og viktig med politisk styring av kva me skal bruke krafta vår på. Krafta må gi varige og framtidsretta arbeidsplassar og ikkje brukast til produksjon av kryptovaluta eller til billig datalagringsplass for store utanlandske aktører. Datalagring er kraftkrevjande men er ikkje industri.

Nøkkelen til å bevare det konkurransefortrinnet som vannkrafta kan gi oss, ligg i korleis me organiserer og administrerer energioverføringane til utlandet. Bruken av overføringskablane må styrast politisk, og Statnett må bli pålagd å redusere eksportkapasiteten når prisen i EU ligg over
marknadspris i Norge. Me håpar sterkt at det i nye Stortinget vil vere politisk vilje til å styre energipolitikken nasjonalt, uavhengig av EU sin energimarknad og deira mål om like energipriser i heile marknaden.

Stimulere til nøktern bruk

Innanlands kan me bruke avgiftssystema for å stimulere til nøktern bruk av energi, noko ein for så vidt òg gjer i dag til ein viss grad. Det er samla straumrekning (straum, nettleige og avgifter) som får forbrukarane til å bruke straum på ein rasjonell måte, ikkje straumprisen isolert.

Straumprisen bør haldast låg av omsyn til konkurransekrafta i alt næringsliv. Høge straumpriser gir redusert lønsemd innan både offentleg og privat sektor.

Dei fleste er i dag opptekne av klimasaka, og ho er viktig! Men me løyser ikkje klimakrisa med ein energipolitikk som raserer naturen vår og som kan føre til utflagging av verdas reinaste prosessindustri. Flyttar ein til dømes aluminiumsproduksjonen vår til land som nyttar kolkraft, så vil
CO₂-utslippa bli åtte-dobla.

Politisk kontroll

Me kan ikkje lenger la kraftbransjen få gjennomslag for ein politikk som er skreddarsydd til sine eigne interesser i ly av høgst tvilsame klimaargument. Tida er inne for å ta politisk kontroll over krafta vår. Me som står bak dette innlegget, representerer ein brei allianse av naturvernarar og
fagorganiserte. Me ser på vannkrafta vår som vårt felles arvesølv. Den må disponerast til beste for samfunnet som heilheit, ikkje ut i frå kva som bare tener kraftbransjen.

Me oppfordar alle industrivenner og naturvernarar til å spreie dette innlegget til lokale, regionale og sentrale politikarar.
føre valet 13. september.

Publisert:

Valg 2021 - miljø/klima

  1. – Gi politiske insentiver som muliggjør å fjerne karbondioksid fra luften

  2. Er framtida i Suldal grøn eller grå som stein?

  3. – Grøn helsing frå ein tidlegare oljearbeidar

  4. – Vi kan ikke støtte partier som skaper usikkerhet for våre medlemmer i industrien

  5. – Nå trenger vi samling om effektive klimatiltak

  6. – Ta politisk kontroll over krafta!

  1. Valg 2021 - miljø/klima
  2. Debatt
  3. Vindkraft
  4. Energipolitikk
  5. Stortingsvalget 2021