Sklitaklingar på debatten om framtidas skule

KRONIKK: For å få eit rausare bilete av barnet i norsk skule, kan me ikkje gå ned den populistiske vegen.

«Faktum er at etter 15 år med nasjonale prøver har vi solid kunnskap om både uheldige og gode sider ved bruken av prøvene – ein kunnskapsbase som gir eit anna bilete enn Sandelson teiknar», skrive professor Per Henning Uppstad ved Lesesenteret ved UiS.

Debattinnlegg

  • Per Henning Uppstad
    Per Henning Uppstad
    Professor, Lesesenteret, UiS
Publisert: Publisert:

Under pandemien i og i ei tid med sterke motsetnader har me sett korleis polarisering og populistiske utspel står i vegen for å snakke seg fram til gode løysingar. Men idealet for ein god diskusjon er at saklege argument står i sentrum, og at dei som debatterer, er viljuge til å la seg overtyde av meiningsmotstandaren. Dette krev at båe partar er viljuge til å nyansere.

I debattredaktør Solveig Grødem Sandelson sin kommentar «Bildet på norsk skule» (20.8) er ho lite nyansert og går på eit reint populistisk spor, eit spor ho også har gått opp før (13.5). Ho ynskjer at lesarane skal velja ei ny regjering, slik at ein kan få «eit rausare bilete av norske skulebarn».

Det ho eigentleg vil, er å avskaffe nasjonale prøver i engelsk, matte og lesing. I Sandelson sitt bilete kan norsk skule – og synet på barnet – samanfattast i desse prøvene, og ho meiner at ein vil få eit heilt anna bilete på barnet ved å få dei bort.

Einsidig forakt for nasjonale prøver

Sandelson er sarkastisk, retorisk overtalande og einsidig i si forakt for dei nasjonale prøvene. Dette er synd, for debatten om norsk skule – og styringa av den – er tent med at ein er meir påliteleg enn Sandelson er her.

Nasjonale prøver har rett nok vore kontroversielle sidan dei blei innført i 2005, særleg sidan dei både skulle gi informasjon om eleven og om stoda på den einskilde skulen. Særleg rangeringa som følgde, fekk Utdanningsforbundet til å kritisere nasjonale prøver på liknande vis som Sandelson. Naturleg nok, sidan Utdanningsforbundet er lærarane si fagforeining, og ikkje elevane sitt talerøyr.

Faktum er at etter 15 år med nasjonale prøver har vi solid kunnskap om både uheldige og gode sider ved bruken av prøvene – ein kunnskapsbase som gir eit anna bilete enn Sandelson teiknar.

Få sentrale prøver

Sandelson legg til grunn ei oppfatning av at det frå sentralt hald er eit svært stort prøvetrykk i norsk skule, og at dette særleg er politikarane si skuld. Dette stemmer ikkje, for dei sentrale prøvene er faktisk relativt få. Osloskulen er rett nok kjend for eit stort prøvetrykk, men på landsbasis har skulen ikkje mange prøver som politikarane har «dytta på» dei.

Dei siste fem åra har også fleire prøver gått ut enn prøver som har blitt introduserte; læringsstøttande prøver og skriveprøvene – for å nemne nokre – har gått ut.

Det er også vedteke at dei nye kartleggingsprøvene i lesing skal vere friviljuge å gjennomføre i første klasse. I andre klasse skal dei ut.

Med andre ord er det slett ikkje så rigid som Sandelsson vil ha det til.

Lærarar vil ha prøver

Det er også faktisk lite som tyder på at om lærarar sjølv fekk velje, ville dei kutte bruken av prøver til eit minimum. Vurdering er sentralt i all læring, og i vurderinga har prøver ein plass. Difor lagar forlaga stadig nye prøver på etterspurnad frå lærarar.

Ein konsekvens av dette er at lærarar også brukar prøver som ikkje er kvalitetssikra, altså prøver der ein ikkje kan vere sikre på at måler det ein trur dei måler.

I ein systematisk gjennomgang av prøver på lesing peikar til dømes Anne Arnesen og kollegaer på at den mest brukte prøven i norsk skule – Carlstens leseprøve – har eit fullstendig fråvære av dokumentasjon på kvalitet. Den største bruken av prøver – den kommersielle – skjer heilt utan at politikarane gjer noko som helst.

Korleis vil vi at framtidas prøver skal vere?

I staden for å polarisere – og demonisere dei som jobbar i Utdanningsdirektoratet – burde vi fremme ein diskusjon om kor lite informasjon om skulen politikarane kan klare seg med for å kunne styre, og om kva prøver lærarar og elevar treng.

Å lage prøver er eit eige forskingsfelt som også har utvikla seg svært mykje berre siste 10 åra. I dag er det eit sterkare søkelys på eleven si positive oppleving, mellom anna gjennom bruk av tekstar som vekkjer interesse og læring.

Lærarar er dessutan rett gode til å bruke resultat frå prøver til å fremme læring. Å anerkjenne dette er også ein måte å gi lærarar fred til å gjere jobben sin.

Prøver er i stadig endring, fordi kunnskapen om dei blir større. Endringar i vurderingsforskrifta frå 2020 løftar fram at lærelyst skal vere eit formål med vurdering. Det er kanskje verd å merke seg at det er det «utskjelte» Utdanningsdirektoratet som held tak i forskrifta, og at denne forskrifta er noko av bakgrunnen for at styresmaktene har gått inn for å gå gjennom heile den nasjonale prøveporteføljen på ny.

Kunnskapsdepartementet varsla i april at det vil komme store endringar i prøvesystemet, og det er mogleg at nasjonale prøver – slik vi kjenner dei – vil forsvinne, og at andre vil komme til. Og om det skjer, veit vi ikkje heilt kva som vil komme i staden. Men sjølv om dei sentrale prøvene skulle forsvinne, vil dei kommersielle leve vidare på endå betre vilkår.

Kva treng vi?

Sandelson må sjølvsagt få lov til å ynskje seg ei ny regjering, men også med ei ny regjering treng vi ein påliteleg debatt: Kva prøver treng vi eigentleg? Kvifor? Og til kva? Korleis kan eleven oppleve lærelyst gjennom vurderinga?

Men for å få eit rausare bilete av barnet i norsk skule, kan me ikkje gå ned den populistiske vegen.

Les også

Solveig G. Sandelson: «Bildet på norsk skule»

Les også

Solveig G. Sandelson: «Ein heil del politikarar i ein heil del parti burde gi seg sjølv karantene mot å driva nokon form for skulepolitikk i minst eitt år

Publisert:

Valg 2021 - skole

  1. – Leksebevisst skole, ja takk!

  2. – Lovfest miljøterapeuter i skolen

  3. Kva med å utdanna eigne lærarar for små skular?

  4. Eg vil ha fagleg betre nasjonale prøver. Det vil visa eit rausare syn på elevane

  5. Regjeringa har slått bensin på bålet i lærarkrisa

  6. Rogaland best i landet: Slik får de flest mulig til å fullføre videregående

  1. Valg 2021 - skole
  2. Utdanningsdirektoratet
  3. Kunnskapsdepartementet
  4. Skole
  5. Kommentator Solveig G. Sandelson