Vestlendingane byggjer ein viktig felles identitet på nynorsken

DEBATT: Går Rogaland fylkesting inn for Vestlandsregionen på desembermøtet sitt, går det au inn for nynorsk som skriftmål for regionen vår.

«Nynorsk i Vestlandsregionen går ut på at regionen som fellesskap skriv på nynorsk, og at alle statsorgan skriv på nynorsk til Vestlandsregionen, i tråd med mållova», skriv leiaren i Askøy Mållag, Erlend Bakke.

Debattinnlegg

  • Erlend Bakke
    Erlend Bakke
    Leiar, Askøy Mållag
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

I «Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland» er det berre éi setning som handlar om språket i den komande Vestlandsregionen. Ho lyder slik: «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar.» Likevel held sjefredaktør Lars Helle i Aftenbladet fram med å fortelja at intensjonsplanen legg opp til at Vestlandsregionen skal vera språknøytral.

Les også

Språkstrid: Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling, slik Lars Helle gjer

Set makt bak

Det intensjonsplanen faktisk legg opp til, er at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland set makt bak den venlege formuleringa om nynorsk. Det gjer dei ved å vedta at nynorsk skal vera administrasjonsmålet i Vestlandsregionen, og at regionen skal krevja nynorsk i skriv frå staten. Korleis skulle me elles kunna slutta opp om ein «viktig felles identitetsbyggar»?

Offentleg målbruk handlar mellom anna om makt og identitet.

Sjå føre deg at Oslo skulle slå seg saman med Akershus, etter ein intensjonsplan der det stod at «bokmål har vært, og er, en viktig felles identitetsbygger», og der nynorsk ikkje var nemnt med eitt ord. Hadde du då venta at den nye Oslo-regionen etterpå erklærte seg som språknøytral, og i praksis berre skreiv på nynorsk? Nei.

Les også

Nynorsk blei redninga då Tore Renberg stod fast i arbeidet med sin nye roman

So kvifor skal me venta at vestlandspolitikarane våre vedtek nynorsk for Vestlandsregionen? Kva er det aller viktigaste? Det er å sikra Vestlandsregionen meir makt og sterkare identitet enn han elles ville hatt. Offentleg målbruk handlar mellom anna om makt og identitet.

Nynorsk i Vestlandsregionen går ut på at regionen som fellesskap skriv på nynorsk, og at alle statsorgan skriv på nynorsk til Vestlandsregionen, i tråd med mållova. Det kjem ikkje til å hindra vestlendingane som privatpersonar i å skriva slik me vil. Det hindrar heller ikkje bokmålskommunen Stavanger i å skriva på bokmål.

Men nynorsk i Vestlandsregionen knyter Stavanger meir til nynorskkommunane på Jæren, det fører by og land i Rogaland tettare saman, og det bind Stavanger og Rogaland sterkare til regionen som heilskap, heilt til Vågsøy nørdst i Sogn og Fjordane.

Les også

Det naturlege skriftspråket i ein ny vestlandsregion er nynorsk

Viktig felles identitet

Ein gong til: Intensjonsplanen som fylkestinget i Rogaland har sendt på høyring seier at vestlendingane byggjer ein viktig felles identitet på nynorsken. Difor heng dette saman: Går Rogaland fylkesting inn for Vestlandsregionen på desembermøtet sitt, går det au inn for nynorsk som skriftmål for regionen vår.

Les også

Tom Hetland: La folket få stemma om vestlandsregionen


Det intensjonsplanen faktisk legg opp til, er at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland set makt bak den venlege formuleringa om nynorsk. Det gjer dei ved å vedta at nynorsk skal vera administrasjonsmålet i Vestlandsregionen, og at regionen skal krevja nynorsk i skriv frå staten. Korleis skulle me elles kunna slutta opp om ein «viktig felles identitetsbyggar»?

Sjå føre deg at Oslo skulle slå seg saman med Akershus, etter ein intensjonsplan der det stod at «bokmål har vært, og er, en viktig felles identitetsbygger», og der nynorsk ikkje var nemnt med eitt ord. Hadde du då venta at den nye Oslo-regionen etterpå erklærte seg som språknøytral, og i praksis berre skreiv på nynorsk? Nei.

So kvifor skal me venta at vestlandspolitikarane våre vedtek nynorsk for Vestlandsregionen? Kva er det aller viktigaste? Det er å sikra Vestlandsregionen meir makt og sterkare identitet enn han elles ville hatt. Offentleg målbruk handlar mellom anna om makt og identitet.

Nynorsk i Vestlandsregionen går ut på at regionen som fellesskap skriv på nynorsk, og at alle statsorgan skriv på nynorsk til Vestlandsregionen, i tråd med mållova. Det kjem ikkje til å hindra vestlendingane som privatpersonar i å skriva slik me vil. Det hindrar heller ikkje bokmålskommunen Stavanger i å skriva på bokmål.

Men nynorsk i Vestlandsregionen knyter Stavanger meir til nynorskkommunane på Jæren, det fører by og land i Rogaland tettare saman, og det bind Stavanger og Rogaland sterkare til regionen som heilskap, heilt til Vågsøy nørdst i Sogn og Fjordane.

Les også

Ikkje ta kvelartak på nynorsken!

Viktig felles identitet

Ein gong til: Intensjonsplanen som fylkestinget i Rogaland har sendt på høyring seier at vestlendingane byggjer ein viktig felles identitet på nynorsken. Difor heng dette saman: Går Rogaland fylkesting inn for Vestlandsregionen på desembermøtet sitt, går det au inn for nynorsk som skriftmål for regionen vår.

Les også

  1. Rogaland Ap sier ja til Vestlandsregionen

  2. Det naturlege skriftspråket i ein ny vestlandsregion er nynorsk

Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Akershus
  3. Sogn og Fjordane
  4. Hordaland
  5. Språk

Mest lest akkurat nå

  1. FHI ønsker å stoppe omikronutbrudd i Norge før jul

  2. Julekort er en egen greie. Et år dro familien til Ikea for å ta bilde i julepysjamas i soveromsavdelingen

  3. Trafikkuhell på Solasplitten

  4. Tore Renberg har fått korona: Utsetter turné

  5. Helsearbeider forsøkt voldtatt på jobb

  6. – Imponerende at de klarte å ha aktiviteter som passet både treåringer og tenåringer