På tide med eit rungande barnebrøl

DEBATT: Gro Harestad etterlyser i Aftenbladet 30.08. ein ny folkeaksjon – folkeaksjonen for ein trygg barndom. Eg er så einig. Vi har verkeleg ikkje råd til å vente.

Publisert: Publisert:

«Barna manglar ein folkeaksjon, utan at den manifesterer seg som eit nytt politisk parti. Barna treng eit opprør. SV vil vere med på det opprøret», skriv Ingrid Kristine Aspli. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

Ingrid Kristine Aspli
psykolog og 2.kandidat for Stavanger SV

Statistikken er skakande. Vi veit at 6 prosent av barna i Noreg har blitt utsett for grov vald frå foreldra sine. Vi veit at omtrent 15 prosent av norske jenter og gutar opplever ei eller fleire former for seksuelle overgrep før dei fylte 18 år. Det er ikkje til å leve med.

Trygge barndommen

SV vil trygge barndommen heilt frå svangerskapet av. Innsatsen vår må stå i forhold til viktigheit. Når vi veit at dei fyrste leveåra er dei aller viktigaste, ja då må det visas igjen i politiske prioriteringar. Slik er det ikkje i dag.

SV har kravd bemanningsnorm for barnevernet tidlegare, og blitt nedstemt. Vi må krevje det igjen.

Barna manglar jordmødrer i Stavanger. Kun 1 av 8 får heimebesøk frå jordmor slik retningslinene tilseier. Samstundes kortas liggetida på sjukehus etter fødsel stadig ned.

Barna manglar helsesjukepleiarar i Stavanger. Helsestasjonane har no fått verktøy for å samtale om vald i familien, men dei må ha tid til å ta det i bruk. Det tek tid å spørje om du har rista babyen din. Det gjerast ikkje i forbifarten.

Les også

SV: – Mye å spare på å bruke mer på barn

Barna manglar vaksne i barnehagane. Dei tilsette må ha tid og kunnskap til å reagere når treåringen har mistenkelege blåflekkar på ryggen. Barna treng ein bemanningsnorm som omfattar heile barnehagedagen.
Og barna må få livsviktig kunnskap. SV har kravd at alle femåringar i barnehagen må få opplæring i kva vald og overgrep er. Det vant vi gjennom med i bystyret.

Barna manglar vaksne på skolen. Barna treng at lærarar har meir kompetanse om vald og overgrep, og dei treng fleire kollegaer. Dei må ha tid til å sjå bak åtferda. Dei må ha kunnskap om kva dei skal sjå etter, kva dei skal seie, og vite når og korleis dei skal melde ifrå.

Barna manglar helsesjukepleiar på skolen kvar dag. SV har i fleire år kravd ei opptrapping av skolehelsetenesta opp til den såkalla minstenorma, men blitt nedstemt. Det er berre ein ting å gjere. Vi må krevje det igjen.

Barna manglar ressursar i barnevernet. SV har kravd bemanningsnorm for barnevernet tidlegare, og blitt nedstemt. Vi må krevje det igjen.

Barna treng eit opprør

Barna manglar ein folkeaksjon, utan at den manifesterer seg som eit nytt politisk parti. Barna treng eit opprør. SV vil vere med på det opprøret. I skrivande stund er det dagen for klimabrølet. Neste brøl ut må bli barnebrølet.

Publisert: