Bent Høie Inkassobyrå

DEBATT: Etter to flotte veker på «hyttå» kom eg heim til to inkassovarsel, eit frå Helse Stavanger HF og eit frå Helse Bergen HF, begge sende via Lowell Norge AS, og begge for behandlingar i januar 2019!

Slike inkassovarsel har verksemder i Helse Vest sendt ut rundt 55.000 av den siste tida. Det skulle dei ikkje ha gjort før dei hadde sendt både påminning og purring, skriv Anders Andersen.

Debattinnlegg

  • Ivar Andersen
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«Årsaken til at du ikke har mottatt inkassovarselet tidligere skyldes tekniske utfordringer i forbindelse med innføring av nytt økonomisystem på sykehusene i Helse Vest. Dersom det totale kravet ikke er betalt til Lowell Norge AS innen 14 dager frå dagens dato, vil vi iverksette inkasso», var helsinga i begge breva.

Det eine refererte til ein faktura eg aldri har fått eller sett, det andre til ein faktura eg meinte å ha betalt. Me skal sjølvsagt betala for dei konsultasjonane me har hatt, men framgangsmåten her vil ikkje gjera folk friskare, snarare tvert om.

Les også

Denne eiendommen ville kommunen tvangsselge. Årsaken? 9 kroner i ubetalte renter

Utan påminning eller purring

Berre det å få et inkassovarsel er for meg ganske alvorleg, – og for andre meir skvetne enn meg sikkert endå verre, og også ei ekstra bør til sjukdommen. Men her har altså helseføretaka somla i halvtanna år, så då må me betala forseinkingsrenta på 9,5 prosent og purregebyr på 70 kroner, utan at eg har fått ei einaste purring.

Eg trudde at om ein ikkje betalte ein faktura innan fristen, så fekk ein ei påminning, – og om ikkje denne heller vert betalt, så får ein ei purring. Men i all den effektivitet som denne regjeringa meiner dei står for, så hopper ein glatt over påminning og purring, – og går rett på inkasso, men sjølvsagt med gebyr for purring.

Les også

Sats sender ut inkassovarsel for omstridt abonnement

Kunne vore gjort lettare

NRK Rogaland har hatt denne inkassosaka framme, og artikkelen vert runda av med: «På grunn av de tilbakemeldingene som er kommet, har sykehuset nå bestemt at de sender ut et ekstra varsel før regningene går til inkasso.»

Ja, dette skal og må vera normal prosedyre, spesielt innan helsestellet. 55.000 inkassovarsel er sende ut i Helse Vest, 17.000 av dei i Helse Stavanger, – etter somling i eitt og eit halvt år. Eg er sikker på at brorparten av desse hadde blitt betalt ved ei påminning. Dersom òg halvdelen av desse er feilsende, som i mitt tilfelle, så er det ekstra gale.

Publisert:
  1. Inkasso
  2. Helse Vest
  3. Helse Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Sira Kvinas største magasin er mer enn halvert. Nå ses villreinens gamle trekkvei

  2. 68 Nortura-ansatte mister jobben på Forus: – En ned­slående beskjed

  3. Nå får du 1200 kroner for fire piggdekk i Stavanger

  4. – Aftenbladets forside er ikke avisen verdig

  5. Lokal trio tatt ut på landslaget

  6. Den draps­siktede fra Kongs­berg bodde i Stav­anger