Rogaland veterinærforening slår alarm!

DEBATT: At i Sandnes skal berre to veterinærar dekkje opp for all diagnostikk matfylket Rogaland har behov for, er å halde folkehelsa så vel som dyrehelsa og mattryggleiken for narr.

«I dag er det unikt, og heilt nødvendig, med kort avstand frå fjos og matbord til veterinærinstituttet i Sandnes», skriv Tone Runhild O. Skadsem.

Debattinnlegg

  • Tone Runhild O. Skadsem
    Tone Runhild O. Skadsem
    Leiar av Rogaland Veterinærforening
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Rogaland veterinærforening er svært bekymra for folkehelsa og dyrehelsa i desse tider. Det er varsla storstilt nedlegging av veterinærinstituttet sine tenester her i Sandnes, samt i andre husdyr og folkerike områder i landet som Trøndelag og Tromsø.

Forklaringa som blir brukt er mangelfull pengesekk grunna flytting av eit av seks eksisterande institutt, frå Oslo til Ås. At i Sandnes skal berre to veterinærar dekkje opp for all diagnostikk matfylket Rogaland har behov for, er å halde folkehelsa så vel som dyrehelsa og mattryggleiken for narr.

Feil retning

Veterinærinstituttet sine oppgåver i dag er beredskap og kompetanseutvikling for å avverge helsetruslar mot fisk, dyr og menneske. Dei har i tillegg mål om å bli beredskapssenter for «ei helse», one health. Å fjerne størstedelen av staben ved VI, som er ein viktig del av det velutvikla veterinærmiljøet på Høyland i Sandnes, vil vere eit stort skritt i feil retning. Det er ikkje lenge sidan «SEARCH» opna eit tverrfagleg samarbeid mellom veterinær- og humanmedisin. Det er sagt at dette skal vera eit satsingsområde her i Sandnes. Kvifor blir då det tverrfaglege miljøet nå bygd drastisk ned? Olaug Bollestad var med på opningsfesten. Nå forventar me at ho ikkje legg til rette for avskjedsseremonien.

Salmonella har me god kontroll på i norsk matproduksjon. Det blir rutinemessig tatt ein mengde prøvar, og det er VI Sandnes som står for all Salmonella diagnostikk, med topp moderne raskt utstyr som nett har blitt innstallert. Skal nå operatøren seiast opp?

Viktige sparringspartnarar

Me treng å oppretthalde kompetansen til veterinærar og teknikarar her lokalt på instituttet. Ambulerande veterinærar har i dag eit nært samarbeid med kollegaer på Høyland. Dei er viktige sparringspartnarar, og har god oversikt over smittesituasjonen lokalt. Ved mistanke om alvorleg sjukdom kan også patologen stille på gardstunet på kort varsel.

Rogaland er matfylket. Men og eit område der smittepresset stadig aukar grunna auka reiseaktivitet, utanlandsk arbeidskraft, større besetningar og stor dyretettleik. Rogaland har ei særstilling i norsk husdyrproduksjon som gjer fylket både sentralt og sårbart. Utbrot av smittsam sjukdom her vil få store konsekvensar langt utover fylkesgrensene. I dag er det unikt, og heilt nødvendig, med kort avstand frå fjos og matbord til veterinærinstituttet i Sandnes.

Ingen skam å snu

For å vere ein god patolog, må ein sjå mykje av det vanlege for å oppdage det uvanlege. Gode auger krev altså mengdetrening. Smittsame sjukdomar kan difor oppdagast tidleg før omfanget blir for stort. Dette er ein viktig grunn til at det tidlegare er eit stortingsvedtak på at strukturen i Veterinærinstituttet skal vera desentralisert. Ved å redusere bemanning og tilbod, fjernar ein seg gradvis, og signaliserer at Rogaland ikkje er viktig nok.

Det er ingen skam å snu! Landbruksminister Olaug Bollestad har kalla leiinga i Veterinærinstituttet inn på teppet. Kva vil ministeren gjera for å sikra framleis fokus på dyrehelse, folkehelse, som til saman utgjer «ei helse», og ikkje minst mattryggleik over heile landet.

Les også

  1. Behold Veterinærinstituttet i Sandnes!

  2. Gambling med dyrehelsen i Rogaland?

  3. 8 av 10 ansatte ved Veterinærinstituttet i Sandnes mister jobben

  4. Bollestad kaller Veterinærinstituttets ledelse inn på teppet

  5. Pollestad krever svar fra Bollestad om kutt i Veterinærinstituttet

Publisert:
  1. Debatt
  2. Olaug Bollestad
  3. Salmonella
  4. Veterinær

Mest lest akkurat nå

  1. Boligbrann i Søredalen

  2. – Det er fryktelig dumt å basere hele sexlivet på et lite organ som funker eller ikke funker

  3. Vårt energisystem er satt på spill

  4. Fikk inn mer penger enn planlagt til minnesmerke

  5. Tre skjørt og bluse-hus nominert til pris

  6. Ingen TV-håndball i Iran: Vestlige drakter setter stopp