Avlys eksamen våren 2021!

UNDERVISNING: Skuleåret 20/21 vil i heilskap by på skiftande læringsvilkår. Eg meiner lærarar og elevar i år må få nytte tida fullt og heilt til å gjennomføre kvalitetssikra og gode vurderingssituasjonar gjennom året utan å førebu eksamen.

Skuleåret 20/21 vil i heilskap by på skiftande læringsvilkår. Elevar og lærarar må til ei kvar tid vere innstilt på endringar, stengde skular somme stader og andre stader ikkje, karantene for fleire klassar og bruk av digital undervisning.

Debattinnlegg

  • Ingunn Folgerø
    Ingunn Folgerø
    Rektor, Bryne vidaregåande skule
Publisert: Publisert:

6. november gjekk Elevorganisasjonen i Viken ut kravde at eksamen våren 2021 vart avlyst. Kravet har utspring i erfaringar elevar har med at digital undervisning har variabel kvalitet og at oppfølginga frå lærarar vert dårlegare enn før.

Våren 2020 vart eksamen avlyst etter langvarige sonderingar. Elevar og lærarar måtte leve med både usikker undervisnings- og eksamenssituasjon over tid. Våren 2020 kunne lærarane vurdere elevens heilskaplege kompetanse med grunnlag i kva eleven hadde lært i ordinær skule fram til 13. mars. Deretter tilpassa lærarane vurderingssituasjonane så godt det lét seg gjere fram mot semesterslutt. Heilskapen vart lagt til grunn for endeleg vurdering og ¾ del av året fekk elevane ordinær undervisning.

Skiftande læringsvilkår

Skuleåret 20/21 vil i heilskap by på skiftande læringsvilkår. Elevar og lærarar må til ei kvar tid vere innstilt på endringar, stengde skular somme stader og andre stader ikkje, karantene for fleire klassar og bruk av digital undervisning. Det inneber at læringsmiljøet vert fragmentert og kan utfordre lik opplæring for elevane. Difor bør eksamen avlysast. Læraren har både utdanning og kompetanse til å utøve forsvarleg vurderingspraksis.

Eit anna moment er at ny eksamensforskrift for VG1 ikkje er vedteke. Først etter jul ventar me å få kjennskap til korleis ny eksamen skal vere. Då har elevar og lærarar berre eit halvt skuleår på seg til å førebu seg til eksamen som skal måle kompetanse for eit heilt år. Yrkesfagelevar skal opp i praktisk eksamen og dei fleste stader får ikkje elevane vere ute i praksis i år grunna smittevern. Yrkesfaglærarar ser med uro på at elevane i år ikkje får fullverdig opplæring i praktiske fag og det kjennest utrygt å skulle gå opp i ei eksamensform elevane ikkje får øvd seg på gjennom skuleåret.

Kan bli uroleg vår

Dersom ei varsla tredje bølge med korona kjem i april 2021, vil det påverke opplæringa i perioden tett opp mot eksamen. I år har ein ikkje same garanti for at heilskapen gjennom størstedelen av året har gått som normalt. Me er gjennom heile året i ein situasjon der me må tilpasse og finne pragmatiske løysingar på opplæringa.

Eg har tillit til at lærarar og elevar finn dei best tilgjengelege måtane å sikre vurderingsgrunnlag på i ei slik tid, og dei bør få så stabile rammer som mogleg for å klare det. Å avlyse eksamen no skaper føreseielege rammer for vurderingspraksisen og læringsarbeidet for resten av skuleåret. Privatisteksamen bør gå som planlagt Det gjorde den også våren 2020. Ei ordning kan vere at elevar som ønskjer å ta eksamen, kan melde seg opp og ta eksamen saman med privatistane.

Publisert:
  1. Eksamen
  2. Undervisning
  3. Koronaviruset

Mest lest akkurat nå

  1. Viking holder stø kurs mot seier

  2. Oversvømmelser og store vannmengder langs E39

  3. Steinras på riksveg 13 i Suldal - veien er sperret

  4. «Meget sterk sannsynlighet for at siktede har begått drapet»

  5. Koronasmitten øker på Nord-Jæren – hva betyr det for deg?

  6. Stort steinras: Svein Tore kjørte nesten rett inn i raset