Rettsstaten må dyrkast – frå dag til dag og frå sak til sak
DEBATT: Lars Helle har ein klok kommentar i avisa den 22. desember 2020. Han peikar på at det er sprekkar og hól i rettsstaten som bør setjast under debatt og tettast til.
Debattinnlegg
- Geir Sverre BrautProfessor i samfunnsmedisin, Høgskulen på Vestlandet

Det kan godt vera at ein rettsstatskommisjon, som han trekkjer fram, kan vera ein veg å gå. Eit vesentleg utgangspunkt må då vera å sjå på om den lange rekkja av rettstryggleiksgarantiar me alt har her i landet, fungerer slik som det var tenkt at dei skulle gjera.
Lars Helle: Vi trenger en rettsstatskommisjon
Forvaltningslova og offentleglova set klare krav til offentlege verksemder. Men kven følgjer eigentleg opp om krava til saksutgreiing og innsyn i saksbehandlinga blir etterlevde? Lovgjevinga er komplisert. Det er ikkje lett for folk flest å avgjera om det rettslege grunnlaget for eit vedtak held vatn. Dersom ein skal få uhilda råd om dette, må ein søkja profesjonell hjelp, og då kjem kostnadene på.
Kva skal ein gjera med forvaltningsorgan som ikkje toler open diskusjon og ikkje følgjer utgreiingspliktene etter forvaltningslova? Poenget er ikkje å omgå krava i forvaltningslova og offentleglova, men å følgja dei. Eg veit sjølv etter mange tiårs forvaltningsteneste at det ikkje alltid er like hyggeleg å levera ut det ein har skrive i ulike saker. Men det er mellom dei mest vesentlege mekanismane me har for å halda oppe demokratiet og rettsstaten.
Sjølvsagt har dei folkevalde, anten dei sit i kommunestyret, fylkestinget eller kontrollutvala, ei oppgåve her. Dei er dei første som bør ta tak i slike saker. Eit kvart saksframlegg frå administrasjonen bør vris og vendast av dei folkevalde. Det er difor me har vald dei.
Neste ledd på rettstryggleiksstigen, er gjerne tilsynsorgana. Uansett korleis klageordningane er, må ein som innbyggjar vera trygg på at dei går inn og vurderer alle relevante sider av ei sak. Kapasitets- eller føremålsvurderingar må ikkje vera avgrensande. Når me kan klaga på vedtak etter forvaltningslova, skal klageorganet prøva alle sider av saka. Men det er slett ikkje alltid det skjer. Dersom ein berre kontrollerer lovbruken, kan det fort verta ei for snever overprøving.
Når ein då i siste runde, som ikkje medfører vesentlege kostnader, ønskjer å prøva Sivilombodsmannen, vert heller ikkje skjønnsvurderingane vurderte. Dette er eit rettstryggleiksproblem, særleg når store mengder av rettskrav innanfor velferdstenestene byggjer på skjønnsmessige vurderingar.
Kva står me då att med? Domstolane, sjølvsagt. Eg meiner at eg dei seinare tiåra har sett at dei har vorte noko meir dristige til også å gå inn i skjønnsvurderingane enn det dei var før. Det er bra. Problemet er at dersom ein ønskjer å føra ei sak for retten, tek ein på seg ein ganske høg økonomisk risiko. I saker som byggjer på skjønnsavgjerder, er utfallet alltid uvisst. Det tyder at det økonomiske tapet kan blir utoleleg for folk som ikkje har mykje å rutta med.
Slik sett, eg støttar gjerne betre ordningar for rettshjelp. Men grunnlaget ligg i kvardagsforvaltninga. Lovgjevinga har me på plass, men dei rettstryggleiksgarantiane som ligg der, blir ikkje følgt opp, dyrka og utvikla. Dei blir sedde på som grenser for forvaltninga og ikkje som handlingsrom for folket og dei folkevalde. Det var vel kanskje slik eg trudde at Stortinget tenkte då dei fastsette lovkrava.
Les også
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Jerv-spilleren klikket fullstendig: – Jeg mistet hodet
Kreftsyk måtte vente på hjelp i to timer da alarmsystemet ikke fungerte
15.500 tilskuere fikk festkvelden de drømte om: – Noe fra gode, gamle dager
UiS angriper Ola Borten Moe: «Misvisende». «Villedende». «Umulig å ha tillit»
Her er 17. mai-programmene for 16 lokale kommuner