Ny E39 Kristiansand–Stavanger, treng vi fire felt?

DEBATT: Planane om utbetring av E39 går langt tilbake, og det er få eller ingen som er ueinig om at vegen treng opprusting. Likevel vel eg å spørje om det er rett å bygge fire felt på heile strekninga.

«Gi oss fire felt der det trengs: Stavanger–Ålgård og Kristiansand–Mandal/Vigeland. Bygg resten av vegen med planlagde gode traséval som to- til trefeltsveg med midtdelar og utstrakt bruk av forbikøyringsfelt», skriv Anne Sofie Aarflot. Foto: Anders Fehn

Debattinnlegg

  • Anne Sofie Aarflot
    Anne Sofie Aarflot
    Sandnes
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Dette sett både i lys av trafikkmengde, mål om reduserte CO₂-utslepp, samt ein enorm prislapp som bilistane skal ta sin del av. Fleire kommunar langs ruta har då også byrja å stemme mot bompengesatsane.

Parallelt med toget

Vegen var fyrst planlagt som ein to- til trefelts veg. Det står tydeleg i planane at «trafikkmengden mellom Vigeland og Ålgård er langt under kravet for en firefeltstrasé». Likevel lanserte Samferdselsdepartementet ved Bård Hoksrud i 2014 at heile strekninga skulle vere fire felt med 110 km/t. Utbyggar skulle være det nye flotte selskapet Nye Veier AS, som vart oppretta i 2015. Ein av grunngjevingane var: «Motorveien vil gi vesentlig kortere reisetid for brukeren, og dermed knytte Agder og Rogaland tettere sammen som felles bo- og arbeidsmarkedsregion». Med andre ord ynskjer departementet å leggje til rette for auka bilisme. Næringstrafikken blir også brukt som viktig argument for fire felt. Eg gjer merksam på at store deler av traseen går parallelt med toget, som burde ta meir av godstrafikken.

Klimamål

Eg vil påstå at dagens plan ikkje er i pakt med realitetane, verken når det gjeld trafikkmengde eller klimamål. Gi oss fire felt der det trengs: Stavanger–Ålgård og Kristiansand–Mandal/Vigeland. Bygg resten av vegen med planlagde gode traséval som to- til trefeltsveg med midtdelar og utstrakt bruk av forbikøyringsfelt. Bruk innsparte milliardar til eit godt traséval forbi Ålgård, god tilslutning frå Egersund /Dalane og resten til reduserte bompengar.

Les også

  1. – Tre trusler mot nye E39

  2. Bom-nei på Jæren: Hva skjer nå?

  3. – Lønnsom E39 – for hvem?

  4. Stor nytte av lønnsom E39

Publisert:
  1. Debatt
  2. E39
  3. Samferdselsdepartementet
  4. Nye Veier AS

Mest lest akkurat nå

  1. Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger

  2. Kondis­professor knuser fem myter om vekt og for­brenning: – Det er helt feil

  3. Jørpeland: Lastebil veltet i et sandtak

  4. Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren

  5. Stangeland Maskin: Alle ansatte får permitterings­varsel

  6. Meteorologen kommer med iskald beskjed: - Slik fortsetter det