Tre styrepils i 60 knop

SJØPROMILLE: «Nils» er 18 år og veg 70 kilo. Han kosar seg med vener på ein holme i fjorden. I løpet av to timar drikk han tre boksar øl, før han skal køyra heim på vannscooter. Ein heimetest viser at promillen berre er 0.77, så han kan heilt lovleg starte scooteren med 300 hestekrefter og dra på i 60 knop (111 km/t) utover fjorden.

Publisert: Publisert:

Bård Hoksrud frå Frp i ein demonstrasjon i regi av Norges Vannscooterforbund. Foto: Aas, Vegard M. / NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Heidi Hjorteland Wigestrand

I 1970 meinte Anders Langes Parti at bilbelte-påbodet var det same som å påby folk å gå med ullunderbukse om vinteren. Sjøpromillen er Frps ullunderbukse, meiner generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen i organisasjonen MA – Rusfri Trafikk.

Det gode liv på sjøen er for somme forbunde med inntak av alkohol. Styrepils er eit velkjent ord, men gir politiet eit håplaust pedagogisk prosjekt når dei i tv-innslag minner om kva som er bra sjøvit. Om politiet då seier: Bruk vest og hald deg edru, så veit jo alle, at du treng ikkje vera edru på sjøen.

Det norske paradokset

Du kan ha maksimalt 0,8 i promille om du køyrer båt under 15 meter. Ein person med mellom 0,6 og 1,00 i promille vil ha svekka refleksar, tankegang, djupnesyn og evne til å bedømme avstand, ifølge nettstaden Promille.no.

Promillegrensa på 0.8 har ligge fast sidan 1. januar 1999. Før det fanst det ikkje noko eksakt promillegrense for mindre fritidsbåtar. Domstolane etablerte gjennom praksis ei rettleiande grense på 1,5 promille.

Dette var kanskje ikkje så farleg for 50 år sidan då dei fleste tøffa rundt i fritidsbåtar som gjekk i 6 knop, men i dag då talet på båtar og farten dei kan komma opp i, er ein heilt annan, burde tida vera overmogen til å gjera noko med promillegrensa til sjøs. Denne sommaren er i tillegg mange ferske båtførarar ute på sjøen. Dermed aukar faren for ulukker truleg endå meir dersom det er alkohol inne i bildet.

I Danmark er promillegrensa 0,5 for vannscooterar og speedbåtar. I Sverige er grensa 0,2 for båtar større enn ti meter og som går meir enn 15 knop.

Skjærgardsmoralisme

Alkoholrelaterte ulukker til sjøs har dei siste to åra blitt ekstra aktualiserte gjennom dødsfalla til skistjerna Vibeke Skofterud og Malvik-ordførar Ingrid Aune. Ifølge Sjøfartsdirektoratet var 28 av totalt 81 døde knytta til bruk av fritidsbåt frå 2017 til 2019, påverka av alkohol. Direktoratet understreker at det truleg er store mørketall ettersom ikkje alle døde blir obdusert. I perioden 2015 til 2018 var rus-status ukjent på heile 55 prosent av dei omkomne.

Forslaget om å senke promillegrensa for mindre fritidsbåtar frå 0,8 til 0,2 har blitt nedstemt i Stortinget tre gonger sidan 2015. Siste gong i vår. Sju av ti vil ha lågare promillegrense til sjøs. Ei undersøking gjort for MA – Rusfri Trafikk sommaren 2017, viser eit overveldande fleirtal for å senke dagens promillegrense for fritidsbåtførarar frå 0,8 til 0,2. Norske veljarar ser mykje strengare på båtfyll enn fleirtallet på Stortinget. Folk flest meiner at båt og drikking ikkje høyrer saman. Regjeringa vil ha null døde i båtulukker, men rører ikkje promillegrensa.

Alle regjeringspartia, også KrF, stemte mot å senka promillegrensa i vår, etter forslag frå Ap og SV. Er det av frykt for å tirra Frp? Men også Sp stemte mot ei senking. Geir Pollestad kalla saka skjærgardsmoralisme under debatten.

Symbolpolitikk?

Nettavisen formidla resultatet slik: Senker ikke promillegrensen til sjøs: Båtfolket kan fortsatt nyte det gode livet. Utsegna kom frå Tor André Johnsen (Frp), i transportkomiteen på Stortinget. Å setje ei promillegrense på 0,2 vil ifølge Johnsen berre vere symbolpolitikk, fordi det i Havarikommisjonens rapport frå 2019 går fram at båtførarane som er involvert i ulukker til sjøs, er sterkt ruspåvirka.

«Båtførerne hadde gjennomsnittlig 1,4 promille, betydelig høyere enn dagens promillegrense på 0,8, og noe høyere enn ruspåvirkede bilførere som omkommer», står det i rapporten. Johnsen meiner at for dei båtførarane som er sterkt ruspåverka, spelar det inga rolle om promillegrensa er 0,2 eller 0,8.

La oss ta for oss ordet symbol. Er det ikkje slik at ei promillegrense på 0,2 og ei på 0,8 signaliserer ulike ting? Hadde promillegrensa vore 0,2, ville truleg færre drukke før dei køyrde båt. Er slingringsmonnet større, som ved 0,8, kan du fint drikke to øl, og har du drukke to, kan du kanskje strekke det til tre, og så har du komme ut av teljinga.

Ingen gode grunnar

At folk tøyer strikken viser ei sak frå Agderposten 25. juli. Ifølge politiloggen, er for høg båtpromille ein gjengangar denne kvelden.

Sjølv om myndighetene truleg innfører pliktig sertifikat for svært raske båtar neste år, blir det ikkje meir fornuftig å køyre ein RIB med toppfart på 70 knop (130 km/t) med 0,8 i promille. Og sjølv om Høgsterett i ein prinsipiell dom frå juni år, kom fram til at dei som køyrer båt med meir enn 0,8 i promille, automatisk mistar førarett for båt i eit år, er heller ikkje dette nok.

Det er ingen grunn til at båtførarar skal kunne setja eige og andre sine liv i fare, for å nyta sine styrepils.

Alle regjeringspartia, også KrF, stemte mot å senka promillegrensa i vår, etter forslag frå Ap og SV. Er det av frykt for å tirra Frp?
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Bistandsadvokat vil snakke med kvinnen i kveld eller onsdag

  2. Familie­selskap skal være grunn til flere korona­smittede i Stavanger

  3. Mann (18) kjørte i 230 km/t i Ryfast mens han filmet med mobilen: – Jeg blir sint og opprørt

  4. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  5. Fire ansatte korona­smittet hos ConocoPhillips

  6. Ungdommen fikk sitt eget anneks på fjellet: – Her slipper de å henge med oss voksne

  1. Promillekjøring
  2. Fritidsbåt
  3. Båt
  4. Alkohol
  5. Vannscooter