Arne Garborgs syn på natur og økonomi – og klimakrisa i dag

KRONIKK: Var Arne Garborg den første i Norge som såg ubalansen mellom økologi og økonomi, den ubalanse som saman med naudsynt vekst i BNP er den eigentlege orsaka til klimakrisa i dag?

Publisert: Publisert:

Arne Garborg og kona Hulda på Finse Hotell i 1910. På den tida arbeidde Hulda for å fremje bunadbruken, og her sit ho i sin versjon av hallingdalsbunaden, som ho reiste land og strand rundt og heldt kurs i sying av. Foto: Anders Beer Wilse/Nasjonalbiblioteket

Debattinnlegg

  • Rolf Erik Solheim
    Kulturskribent, Arvika, Sverige

Ordet «økologi» fanst ikkje den gongen, men Arne Garborg engasjerte seg dei siste 20 åra av livet kolossalt med den amerikanske sosialøkonomien til Henry George. Med dagens auge var georgismen ein reint økologisk økonomi basert på bruken av naturresursar. Om den hadde vorte gjennomført, ville den ha avverja klimakrisa som venta. Og det norske oljefondet ville vore noko mindre.

Rettferd og natur

I innleiinga til Garborgs dagbøker skriv kona Hulda: «Radikal og eldhuga som ein ungdom, utrøyttande, trassig og seig heldt han på med å «hamre inn i folk», at det einaste som etter hans meining no kunde berge Noreg, ja heile verda, var at jorda, liksom luft og vatn, vart fri for alle, etter Henry grunntanke».

Frå ca. 1900 og framover spela Garborg på lag med den unge Winston Churchill i England, med Lev Tolstoj i Russland, med Kinas første president Sun Yat Sen, med Albert Einstein og mange fleire. Georgismen skulle løysa utbreidd fattigdom og korrupsjon i mange land, ein sterk konkurrent til Karl Marx sin kommunisme.

Men georgisme var ingen kommunisme, grunnlagd på brorskap og altruisme, på skattlegging berre på bruk av naturresursar som jord, luft og vatn. Jorda skulle ikkje eigast, berre leigast, slik at odelsretten måtte avskaffast. Ingen skatt på arbeid og løn, og ingen skulle tena pengar på pengar; altså bort med renter og børs. I boka «Heimkomin Son» er Jesus og Henry George to sider av same sak, ikkje berre med krav om fred og rettferd, men også om måten dette skulle gjennomførast på.

Arne Garborg (1851–1924), slik målaren Eilif Peterssen såg han i 1894.

Sjølve Livet

Dette var ikkje småtteri på Jæren. Det er eit grovt understatement at dei kristne og bøndene vart fornærma, liksom finanskretsane i Stavanger. Då som i dag. I utstillinga på Garborgsenteret finst mest ingenting om dette, og dei vidaregåande ungdomane på Bryne har inga aning om at dei i staden for Greta Thunberg kan bruka Garborg som helt.

For å forstå hans verdssyn må ein fylgja korleis livet og skrivinga hans utvikla seg frå tida som riksrevisor og framover. Det vert sagt at han på 1880-talet vart sosialist, på 1890-talet anarkist og seinare georgist. Men det er eit mykje større djup i livssynet som gradvis fall på plass etter «Troen på Livet» i 1895, «Den burtkomne Faderen» i 1899 og så i 1906 med «Jesus Messias».

I 1908 kom «Heimkomin Son», den siste boka om hoveslekta, der Pål i Kvernhusheia igjen spelar hovudrolla. Pål fortel korleis Jesu brorskapstanke står i skarp kontrast til etablert kyrkjeteologi, og korleis georgismen er eit samspel mellom naturen og økonomisk politikk.

Ikkje ein einaste litteraturforskar eller nasjonaløkonom har undersøkt kvifor Garborg kunne engasjera seg så sterkt for georgismen, og kva som skjedde då alt gjekk i grus med første verdskrigen. Litteraturvitarar har også hatt vanskar med å forstå Garborgs livssyn, dette at Livet i seg sjølv er så kolossalt, overveldande, storslått og mystisk at det utan teologi, prest eller kyrkje kan vera rettleiar til det heilage.

Som han uttrykkjer slik: «Det guddommelege er ikkje berre der ute, eller noko ein kan velja å tru på, – eller ikkje tru på. Det er kjernen i den vi er, ursubstansen som alt består av».

Kva er dette? Religion eller ateisme? Han presiserer i dagboka: «Dei høge Menneskjetankar har Verd i seg sjølve, og dei som ser og er med på det høge og rette, dei lever det sanne Menneskjeliv, og står seg på det, om dei i det ytre taper på det, kan hende. Men alt det må ein skjøna sjølv; det gjeld kje for Verda.»

I dagboka skriv han 20.11.1908: «Endeleg ferdug med ’Heimkomin Son’, som sluttar «Fred»-Rekkja. Dermed er Bokverke mitt fullført, – det som frå fyrsto var upplagt då (og eit og anna Innskot som ikkje var påtenkt, men som «kom»). «Heimkomin Son» er ein litin Ting, men hev kosta mykje både Tid og Arbeid. Mangt og mange Slag skulde med... Eg hev peika ut den Leidi som eg trur det må gå, um det skal bera fram-yvi; og dermed fær eg vera nøgd. Det er ikkje alle som vinn so langt.»

Klimakrisa i dag

Han kunne sjølvsagt ikkje ana kor aktuell den «Leidi» han peika ut skulle bli hundre år seinare. I rapporten «Global Risks 2020» leitar World Economic Forum (WEF) stadig etter ei løysing på alle trugsmåla. Børge Brende er sjef i WEF, og rapporten hans viser at klimakrisa nå er den største risikoen for katastrofe i dei neste 10 åra. Berre eit globalt samspel mellom nasjonar, bedrifter, folkegrupper, religionar og organisasjonar kan møta krisene.

På pressekonferansen til «Global Risks 2016» sa redaktøren dette: «Med eit globalt samspel utan sidestykke i historisk tid, kan vi klara desse utfordringane. Elles er det køyrt.»

Dette handlar med andre ord om det same samspelet, den same brorskapstanken og den same altruismen som hos Henry George og i «Heimkomin Son».

I 2051, når Arne Garborg ville ha fylt 200 år, har mange trugsmål i «Global Risks 2020» slått til. Desse kunne hans geoisme/georgisme ha avverja.

Kan henda er det då aktuelt i det restaurerte Garborgsenteret med «Dei høge Menneskjetankar» og hans eigen undertekst: «Er det då fåfengt reint å drøyme om Fred og om Rettferd? Nå-ja; for Verda. Men ikkje for dei som trur på det sanne; for dei har Livet ei Meining, som for dei andre er Skodde og Natt».

Publisert:

Les også

  1. Per Halse: «Brør under brynja – Arne Garborg og Peter Hognestad»

  2. Hun betaler av egen lomme for å gi Haugtussa nytt liv

  3. Nå blir Haaland tema i kommunestyret

  4. Rolf Erik Solheim: «Den blinde flekken i økonomisk teori»

  1. Arne Garborg (forfatter)
  2. Klima
  3. Natur
  4. Livssyn
  5. World Economic Forum