Leiing som liding – Lan Marie Berg gjer det same som Churchill gjorde

KRONIKK: Vekkjer valvinnarar lidenskap?

Publisert: Publisert:

Lan Marie Bergs «Vi eeeelsker bomringen!» er blitt kritisert for å skapa avstand. Men tvert om, ho gjorde rett – ei stor klimaendring kjem til å svi. Slik Winston Churchill òg sa det som det var då han berre kunne love «ingenting anna å by på enn blod, slit, sveitte og tårer». Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix og Shutterstock/NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Joar Haga
    Forfattar
  • Bård Norheim
    Forfattar

I sigerstalen til Lan Marie Berg (MDG) valkvelden vart nettopp kostnadssida framheva. «Vi eeeelsker bomringen!» ropte ho med barnleg fryd, og markerte med det meir enn avstand til bilistane: Ho meiner alvor. Dette kjem til å kosta, men saka hennar – klimapolitikk – er så viktig at sjølve symbolet på moderne fridom – bilen – kan ofrast.

Då Winston Churchill steig opp på talarstolen i Parlamentet ein maidag i 1940, hadde han «ingenting anna å by på enn blod, slit, sveitte og tårer». Rett nok var målet siger, ja, siger for ein kvar pris, men Churchill la ikkje fingrane i mellom når det gjaldt omfanget av liding og offer som venta. Dersom han hadde hatt moderne taleskrivarar og rådgjevarar av norsk valkampkaliber, ville dei truleg ha råda han frå eit slikt fokus på kostnadssida. Churchill burde i sterkare grad fokusert på det positive, ville dei kanskje sagt.

Kvifor framheva Churchill likevel kostnadane ved det politiske prosjektet hans? Burde han ikkje heller ha oppmuntra nasjonalforsamlinga og sagt som Obama, «Yes, we can!», eller lånt Støre sitt slagord «å gjøre en forskjell»?

Overtyding

Målet for leiarar er å skapa lidenskap for ei sak. Lyttarane skal overtydast om at ei historie er truverdig og verd å kjempa for. For Churchill innebar saka å kjempa for at Europa skulle bli verande demokratisk. Winston Churchill ville ikkje berre overtyda tilhøyrarane om at saka var viktig, men at det også var verdt å gje seg hen til saka. Når Churchill seier at han ikkje kan lova anna enn blodslit, appellerer han også indirekte til offerviljen for konge og fedreland. På gresk tyder pathos både liding og lidenskap, og er eit av verkemidla som talaren kan bruka for å overtyda tilhøyrarane.

For Lan Marie Berg er klimaendringane så alvorlege at ho ikkje vik frå å forsvara den upopulære bomringen. Det styrkar saka hennar. No kan ein peika på at Churchill tala i ein unntakstilstand. Tidspunktet var svært alvorleg. Då kan ord utanom det vanlege vera treffande. England stod åleine igjen i krigen mot Tyskland og framtida hadde eit mørkt drag, med hakekors og tysk ekspansjonslyst drivande innover den politiske horisonten. Men sjølv om samanlikninga er strekt langt, kan ein peika på likskapstrekk i måten dei to politiske talarane appellerer til saka. Som Churchill ser også Berg trugsmål av vidtrekkande karakter, og ho appellerer til politisk handling.

Berg er eit unntak i norsk politikk. Stort sett står Churchills karrige ord i slåande kontrast til norske politikarar og deira direkte eller indirekte lovnader om at oljefesten skal halda fram. Sjølv om ein står andsynes store utfordringar av uante dimensjonar, særskilt når det gjeld miljø- og klimaspørsmål, leitar ein mest fånyttes for å finna norske politikarar som vågar å seia noko om kva ei omlegging av livsstil vil innebera av liding for den einskilde. Det er symptomatisk for ei slik vegring når statsministeren vår legg fram miljøløftet sitt om at «kommunene bør [!] lage miljøplaner med klare mål» og elegant hoppar bukk over det alle veit: At borgarane må bretta opp ermane og ta i eit tak som kostar.

Det truverdige

Spørsmålet om kostnadar har framfor alt ei retorisk side som rekk vidare enn politiske talar. God leiing bør tematisere liding. Om du er statsminister Erna Solberg, konserndirektør Eldar Sætre eller fotballtrenar Ole Gunnar Solskjær og skal seia noko om framtida: Lov ikkje gull og grøne skogar! Kvifor? Eit slikt løfte står fram som lite truverdig. Leiarar bør tvert om seia noko om kva slags liding deira visjon vil innebera, nettopp slik kan leiaren vekkja lidenskap hos tilhøyrarane.

Då Churchill sa at «me vil slåst på havet, på strendene, på gatene og på høgdedraga» slo han utvitydig fast at han visste at tida var komen for å lida: No skulle det kjempast ein krig som alle visste ville bli kostbar. Akkurat som fortida knapt kan seiast å vera fri for liding for dei fleste, slik ventar ein heller ikkje at framtida blir ein dans på roser. Dette veit alle menneske, og det kan styrkja truverdet til både leiarar og politikarar dersom dei talar overtydande om den lidinga som ventar.

Kostnadssida må fram

Den åleglatte suksess-litteraturen som pregar mykje av leiingsfilosofien til bedriftsleiarar og politiske rådgjevarar, spring ut av ideen om at lidingar kan fortrengjast og teiast i hel. Men nokon må betala rekninga for gildet, anten vi nyttar billeg arbeidskraft eller forsyner oss av naturressursane. Denne kostnadssida bør fram når framtidsvisjonane blir presenterte, både når det gjeld fellesskapen og når det gjeld den einskilde. At «forsvar for demokrati og kvinners rettigheter» også kan føra til store offer, bør koma tydeleg fram før vi sender unggutar i uniform til Afghanistan. Når gutane kjem tilbake i kister, er det for seint.

Men truverdig tale om den lidinga som kan venta, er også viktig når det er eit individuelt prosjekt som er fokus. Dersom poden vil springa like fort som dei beste i utlandet, gjev det truverd viss trenaren seier at dette kjem til å kosta.

Slik er det også for leiaren som skal tala. Ho kan kanskje lova meir enn Churchill kunne, men bør alltid koma i hug at lunsjen aldri er gratis.

  • Joar Haga, førsteamanuensis i kyrkjehistorie ved VID vitenskapelige høgskole, og Bård Norheim, førsteamanauensis i praktisk teologi og avdelingsleiar ved NLA Høgskolen Bergen, er forfattarar av boka «The Four Speeches Every Leader Has to Know» (Palgrave Macmillan, 2019). Boka er ein retorisk manual for korleis leiarar i politikk og næringsliv skal motivera tilhengarar og tilsette. Red.mrk.

Les også

Unni Eikeseth: «Med klimakrisa som læringsarena»

Les også

Solveig G. Sandelson: «Det er ikkje Greta Thunbergs dirrande stemme som skremmer. Det er leiande politikarars manglande alvor.»

Les også

Harald Maaland: «Boris Johnson ikke helt som sin store helt Churchill, mildt sagt»

Les også

Einar Brandsdal: «Når de ansvarlige for omstillinger fornekter at det går dårlig»

Les også

Magasin: «Da Stalin mistet grepet om Stavanger»

Publisert: