Irans persiske arv er stor og tung
KRONIKK: Reaksjonane etter drapet på Qasem Soleimani reiser eit spørsmål: Kvifor har Iran interesser i så mange land i Midtausten?
- Magnar KartveitProfessor i Det gamle testeamentet, VID Misjonshøgskolen


Iransk innverknad finst ikkje berre i Irak, men i Jemen, Libanon, Syria. Eit land med 1,6 millionar kvadratkilometer (fem gonger Norge) og 82 millionar menneske (15 gonger Norge) skulle vel ha nok med sitt eige?
Arven etter Kyros den store
Ei storstilt feiring i oktober 1971 kan gi eit glimt av svar. Sjahen av Iran, Muhammed Reza Pahlavi, feira då 2500-årsjubileet for kong Kyros, grunnleggjaren av persarriket. Etter å ha vist ære ved Kyros’ gravmæle i Parsagadae, heldt sjahen bankett i Persepolis for 600 gjester i fem og ein halv time – den største og rikelegaste i moderne tid.
Keisarar og kongar var med – inkludert vår eigen kong Olav, danskekongen Frederik IX og den svenske kronprins Carl Gustaf – og presidentar, statsministrar og andre politiske toppar frå heile verda. Evenementet kom i «Guinness’ rekordbok». Paris-restauranten Maxim’s stod for mat og drikke. Tre og blomar var planta, og 50.000 songfuglar var innførte frå Europa. 250 raude Mercedes-limousinar frakta gjestene til og frå. Eit lys- og lydshow avslutta kvelden, og neste dag paraderte 1724 mann med tidskorrekte rustningar og uniformer frå hærane i alle dei 2500 åra.
Sjahen endra samstundes kalenderen frå den muslimske, rekna etter Muhammeds reise frå Mekka til Medina i 622 e.Kr. (hidjra), til det persiske imperiet. Den nye kalenderen skulle vera starten på ei ny tid.
Og det vart ei ny tid – men på ein annan måte enn tenkt: Åtte år seinare tok ayatolla Khomeini makta gjennom den islamske revolusjonen, og sjahens tid var ute. Den overdådige feiringa i 1971 kan ha fyrt opp under opposisjonen mot sjahens styre.
Arven lever vidare
Men det Iran som finst i dag, kjenner seg også som arvtakar etter Kyros. Dei 22 kulturelle verdsarvstadene, vedtekne av Unesco, sikrar historisk tankegang, og den interne turismen er stor.
Sjahen av Persia gjorde lurt i å velja Kyros som historisk identifikasjonsfigur. Kyros sin general Gobryas slo babylonarkongen Nabonid, og i 539 f.Kr. kunne Kyros dra inn i Babylon i noverande Irak. Der restaurerte han dyrkinga av byguden Marduk, som Nabonid hadde sett til sides. Dermed verka Kyros som ein ekte babylonar, og Marduk-prestane stilte seg bak han. Ein kan ikkje unngå å sjå parallellen til general Soleimani sitt viktige oppdrag i Bagdad da han vart drepen.
Kyros lét etter seg ein sylinder av leire med akkadisk kileskrift, funnen i Babylon i 1879. Der gir han Marduk æra for å ha utvald han, slik at han kunne ta Babylon og frigjera byen og gjera vel mot han.
Men Marduk og Kyros er «økumeniske»: Alle tempel med deira gudar blir rehabiliterte så dei kan visa «Kongen over kongane» ære. Sjahen av Iran framheva i 1971 denne teksten som den første menneskerettserklæring – ei mild overdriving. Viktig er det at Kyros «sende gudane tilbake i templa deira og let dei ha varande bustader […] Måtte alle gudane som eg har sett i heilagdomane deira, senda ei dagleg bøn for meg framfor Bel og Nabu om at eg må leva lenge».
Denne tonen finn me i Bibelen att i Kyros-ediktet i slutten av 2. Krønikebok og starten på Esra-boka i Det gamle testamentet: «Så seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk høyrer til hans folk? Gud vere med dykk, kvar og ein! De kan fara opp til Jerusalem i Juda og byggja eit hus for Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem.»
Innhaldet er ikkje identisk med Kyros-sylinderen, men liknar. Dette gjorde Kyros til ein helt i det gamle Israel, slik at Jesaja-boka omtalar han som «Herrens salva» (45,1).
Vart ei stor verdsmakt
Kyros fekk med erobringa av Babylon heile det assyrisk-babylonske området, inkludert Syria–Palestina. Sonen Kambyses erobra Egypt i 525, og snart var det største imperium i verda eit faktum. Det rakk frå Bosporos til Indus, frå Libya til Svartehavet, og omfatta store deler av folka på jorda den gong.
Berre Hellas (dei mange greske bystatane; red.mrk.) greidde persarkongane aldri å erobra, til stor forarging i hovudstaden Susa. Kong Dareios prøvde å ta Hellas, men vart stoppa ved Marathon i 490 f.Kr. Sonen Xerxes prøvde igjen, men vart slått ved Salamis i 480. Grekarane kalla det for persarkrigane, og dei varte i eit halvt hundre år. Resten av Den nære Orienten vart persisk område i 20 provinsar, med lokale guvernørar, og arameisk som språk. Dokument og innskrifter frå denne tida er stort sett på arameisk, også deler av Det gamle testamentet er skrive på dette språket (som truleg òg var morsmålet til Jesus og disiplane; red.mrk.).
I 334 f.Kr. marsjerte Aleksander den store mot Persia, og slo Dareios den andre ved Issos i Tyrkia i 333. Det vart slutten for persarriket, som Aleksander på ti år la under seg. Dermed var ei ny stormakt eit faktum: det hellenistiske riket. Der vart gresk språk og kultur dominerande, sjølv om arameisk framleis var i bruk. Det persiske imperiet fekk to hundreår, og det har prega Midtausten sidan.
Arv forpliktar
Sjahen av Persia greip tilbake til Kyros og persarriket. Også i dag kviler historia tungt på området. «Stor arv det er for mannen, av godtfolk vera fødd», skreiv Aasmund Olavsson Vinje. Arv løfter, og arv forpliktar. Og han kan tyngja.
Svartkledd folkehav tok farvel med general Soleimani
Norge vil ha svar på hvorfor USA likviderte Soleimani
Aftenbladet på lederplass: «Trumps fadese i Iran»
- Les også: