Eigedomsskatten i Stavanger bør fjernast!

DEBATT: Finnes det i det heile tatt argument for ikkje å kutte eigedomsskatten i komande budsjettet for Stavanger kommune?

Fleirtalet i Stavanger meiner at eigedomsskatt trengst for å finansiere tenestetilbodet. Det kunne kanskje gitt meining om kommunen hadde anstrengt økonomi. Men slik er det ikkje per dags dato.
  • Henrik Halleland
    Gruppeleder, Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Mange politikarar, med ordføraren sjølv i spissen, har kome med forslag etter forslag om tiltak for å imøtekome problema som oppstår i kjølvatnet av dei høge energiprisane. Alle er samde om at noko må gjerast for å hjelpe folk flest med dei økonomiske utfordringane som no ligg føre.

Men ord er ikkje nok. Handling må til. Mange meiner at det er Lyse og regjeringa som må ta rekninga. Dei må bidra til at innbyggjarane får pengane tilbake på grunn av stort overskot både i statskassa og hjå energiselskapet.

Til fond og ikkje til tenester

Det er ingen dum tanke, men me som driv politikk på lokalt nivå i Stavanger rår ikkje over desse organisasjonane. Me må konsentrera oss om det me har innverknad på; nemleg kommunebudsjettet. I dei sist budsjetta til Stavanger kommune har KrF foreslått å kutte eigedomsskatten. Sist i samarbeid med Høgre, FrP, Venstre og Pensjonistpartiet Eigedomsskatten er som all anna skatt strengt regulert i lovverket. Det er berre i samband med budsjett at skatten kan endrast eller fjernast.

Fleirtalet i Stavanger meiner at pengane må krevjast inn frå folk flest for å finansiere tenestetilbodet. Det kunne kanskje gitt meining om kommunen hadde anstrengt økonomi. Men slik er det ikkje. I alle fall ikkje per dags dato.

I mai 2022 vedtok kommunestyret å setje av kring ein milliard kroner på fond for å dekke framtidige investeringar og kostnader. Altså; eigedomsskatten på godt over 200 millionar kroner gjekk ikkje til tenestetilbodet. For 2023 er det framleis noko usikkert, men mykje tyder på at det også dette året blir stort overskot i kommunekassa. Hovudårsaka til dette er auka skatteinntekter frå næringslivet. Her må ein også ta høgde for truleg auke i utbytte frå Lyse som heilt sikkert vil tilfalla kommunen.

Eit effektivt tiltak

Om ein månad skal direktøren i Stavanger legge frambudsjet forslaget for 2023. Mange spør etter tiltak som kan hjelpe. Gode tiltak som er realistiske og som har effekt. Å fjerne eigedomsskatten er heilt klart eit slikt tiltak. Me kan gjerne drøfte andre tiltak også, men dette er utan tvil det beste og mest realistiske vi som lokalpolitikarar kan få til på kort sikt.

Dette tiltaket vi også bidra til å utlikne dei regionale skilnadane mellom dei kommunane på Nord-Jæren som har, og dei som ikkje har, eigedomsskatt.
Alle partia i Stavanger har no starta med budsjettarbeidet. La oss håpa at eigedomsskatten blir fjerna. Det er det innbyggarane treng no.

Publisert: