KrF si satsing på familiar og foreldre sikrar velferdsstaten

DEBATT: Eg kan med handa på hjartet seie at å ta seg av barna er den viktigaste samfunnsoppgåva eg har teke på meg, den viktigaste jobben og det beste og mest utfordrande eg har gjort og framleis gjer.

« Å satse på foreldre og familiar kan på sikt bety fleire barn og fleire i jobb», skriv Anne Kristin Bruns.

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Mor til fire og lokallagsleiar i Stavanger KrF
Publisert: Publisert:

Gjennom å vere forelder har eg bidrege til å oppdra fire born som etter fleire år bidreg til å bygge samfunnet. Dei har teke utdanning, har engasjert seg i frivillig arbeid, har hatt både helgejobbar og sommarjobb og etter kvart fast jobb.

Beste ballast

Jobben min har vore å bidra til at nettopp desse fire borna mine skulle få den beste ballast og hjelp til å utøve sine talent og vere den dei er, skapte til å vere i samfunnet vårt. Leiaren i Aftenbladet 3. mai framstiller det som at KrF går bort frå arbeidslinja og ikkje ser kor dyre prioriteringar ein har vedteke i programforslaget. Eg vil påstå at det er nettopp gjennom å satse på foreldre og familiar at samfunnet sikrar framtida til velferdsstaten. Å satse på foreldre og familiar kan på sikt bety fleire barn og fleire i jobb.

Når vi som politisk parti vil gje småbarnsfamiliar ei ekstra ferieveke, utvide foreldrepermisjonen med fire veker, ha makspris for SFO og barnehage og skrote dagens rigide tredeling av foreldrepermisjon, så synest eg faktisk at det er å gå framoverlent inn i framtida. Aftenbladet undre seg over kven som spør etter desse ordningane, men eg kan seie at mange foreldre eg kjenner seie ja og amen til nettopp dette.

Foreldre er ei gruppe i samfunnet vårt som gjer ein heilt uvurderleg innsats.
Les også

Her er skrekkgrafene KrF er nødt til å snu

Les også

Fylkeslag i KrF: – Svært mange setter pris på tax-free-ordningen

Investering i framtida

Ja, det kostar pengar, men det er ei svært god investering i framtida. Eg snakka nyleg med ei mor som seier at ho aldri har følt eit så stort press om å marsjere i takt som etter at ho vart gravid. Har vi fridom til å gjere våre eigne val, eller blir vi pressa til å gjere akkurat det same som alle andre? For KrF er det viktig å ha politisk vilje og tiltak som debattere og set familien i sentrum av debatten.

Forslaga som kom fram under landsmøtet, er kostbare, men forslaga heng saman med ei rekke inntektsbringande tiltak som ikkje vart debattert. Magne Supphellen, professor ved NHH, seier: «Ser vi på helheten i programmet, inklusive helgens nye vedtak, vil vi hevde at det både er offensivt og ansvarlig.»

Heia foreldre

Vi kan ikkje berre snakke om familielinja og foreldrerolla, vi må også vise det i handling og politisk vilje. Det er ei gruppe i samfunnet som ikkje får like stor merksemd og takk for den viktige jobben dei gjer. Kvar einaste dag står mødrer og fedrar på og gjer så godt dei kan. Foreldre er ei gruppe i samfunnet vårt som gjer ein heilt uvurderleg innsats. Vi skulle alle reist oss, klappa frå alle terrasser og ropt: Heia foreldre! Skulle ikkje det bli satsa på og sett søkelys på ein gong for alle? Er det feil?

Det er i alle fall ikkje å gå baklengs inn i framtida, det er å bygge framtida.
Så kan ein få slengt tilbake at ein ikkje bidrar i arbeidslivet, at ein ikkje bidrar i fellesskapet. Kva haldning er det?

Ein god start på det nye livet som foreldre er avgjerande. Som barselkvinne veit eg kor utslegen eg var etter fødselen, kor lang tid eg trengde på å kome meg ovanpå og oppleve at energien og kreftene kom tilbake.

Tek ikkje mor på alvor

Tredelinga av foreldrepermisjon er ikkje nødvendigvis til det beste for verken mor, far eller barnet, slik KrF ser det. Mange eg har snakka med, og ei Facebook-gruppe som har engasjert foreldre over heile landet, viser tydeleg motstand mot dette. Eg må seie at vi som samfunn ikkje tek mor nok på alvor etter eit svangerskap, fødsel og barseltid.

Tilknyting og tid med barnet skal ikkje vere prega av å måtte gjere det på bestemte måtar, og KrF vil ikkje ha eit samfunn der alle må gå i takt. KrF vil satse på foreldre og bidra til at deira kvardag blir litt enklare og at ein faktisk får meir tid saman med borna, ikkje mindre. Det er framtidsretta politikk.

Les også

  1. KrF går bort fra arbeids­linja og vil samtidig inn­føre en rekke dyre vel­ferds­ordninger. Det er en poli­tikk som ikke henger sammen

  2. Olaug Bollestad inviterer eks-prest på kaffe etter knallhard KrF-kritikk

  3. «Det går jo selvfølgelig fremdeles an å håpe på et mirakel»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Anne Kristin Bruns
  3. Foreldrepermisjon

Mest lest akkurat nå

  1. Heteste kandidat til å bli sjefredaktør i Aftenbladet

  2. Birgitte-saken: Politiet ble ikke ferdig med avhøret av draps­siktede

  3. Studio A: Avslører Berisha-nyhet på direkten

  4. Knuste rute hos gullsmed i Stavanger

  5. Pøbel: – Synd at mitt verk blir brukt til å fronte andre sine meninger

  6. Tiltalte ville kjøpe konen sin tilbake