Kvifor skal Sør-Rogaland få våre kraftmillionar?

KRAFT: Avtalen mellom Hydro og Lyse Kraft om å overta kraftanlegget Røldal Suldal blir sjølvsagt ikkje godt mottatt i Røldal. Det er vel rett å seia at å overføra avkastninga til evig tid – frå neddemde fjelldalar til kommunar i Sør-Rogaland, har ført til ein konflikt.

Har 14 kommunar i Sør-Rogaland større rett til vasskraftressursane enn bygdene der ressursane ligg, spør innsendaren.

Debattinnlegg

  • Sondof Rabbe
    Røldal
Publisert: Publisert:

Ein av verdas fremste forskarar på konflikt og fredsbygging er professor Johan Galtung. Han har mange innfallsvinklar i sitt arbeid. Det å lytta til alle partar er alltid avgjerande for å finna gode løysingar og skapa fred. Han har mellom anna utvikla ein formel som viser kva faktorar som er avgjerande for å skapa fred.

For å byggja positiv fred må likeverd og empati dyrkast fram. Traume må forsonast, og konfliktar løysast. Dersom trauma og konflikt blir for store, vil det vera lite grunnlag for fred og harmoni. Ein kan testa denne formelen på saka om konsesjon for Røldal Suldal Kraft.

Kvifor hemmeleg?

LIKEVERD: Kan den eine parten åleine bryta samfunnskontrakten om heimfall?
Har 14 kommunar i Sør-Rogaland større rett til vasskraftressursane enn bygdene der ressursane ligg? Er det demokratisk å først halda prosessen med konsesjonssaka hemmeleg, så skryta av det, og køyra fram i ekspressfart?

EMPATI: Kan ein prøva å sjå saka frå bygdene det gjeld si side? Kan ein snakka med folk i lokalsamfunna om erfaringar som er gjort gjennom 60 år?
Kan ein få fram positive og negative sider ved kraftanlegget?

TRAUME: Bygdene er prega av rasert natur og kultur Ein stor del av bygdene sin identitet og historiske livsgrunnlag er øydelagt. Nedtappa vatn, utvaska strender, tørre fossar er dominerande i vårt landskap.

Røvartokt med rojalt stempel

KONFLIKT: Bygdefolk slit med regulerte magasin – t.d. ved ferdsel og båtbruk
Store deler av året er det vanskeleg/umogleg tilkomst i magasina. Det er mange farar ved ferdsel i regulerte vassdrag.

Dette er økonomisk røveri til evig tid. 500 millionar kroner går frå fjellbygder til Stavangerområdet kvart år. Dersom ein skal oppnå rettferd og positiv fred, må likeverd og empati aukast – traume og konflikt må reduserast. I denne konsesjonssaka er ikkje likeverd og empati dyrka fram. Det er heller ikkje kome signal om å dempa trauma og konflikt.

Dersom den Kongelege Resolusjonen av 11.06.21 om konsesjon for Hydro/Lyse blir rettskraftig, vil det bety eit grovt røveri av lokale ressursar og ein kraftig verkebyll til evig tid. For å unngå at Ullensvang og Suldal blir lurt trill rundt, må Kongen sitt vedtak om konsesjon for Hydro/Lyse ankast.

Publisert:
  1. Røldal
  2. Suldal
  3. Lyse
  4. Konflikt
  5. Ullensvang

Mest lest akkurat nå

  1. – Trygve Slagsvold Vedum bør vente i to år

  2. Bruker du en av disse medisinene? Da skal du ha en tredje vaksinedose

  3. Ble utstengt av kommunen – nå klager klubben

  4. Oilers vinner en skikkelig slitematch i Fredrikstad

  5. – Ikke vant til dette på Østlandet

  6. Fem tigerunger er født i Dyreparken. En av dem døde