Opplyst og høveleg meiningsbryting gjer verda betre

BOKOMSLAG-DEBATTEN: På debattplass i Aftenbladet møter eg krav om at eg som rektor ved Universitetet i Stavanger skal svare for innhaldet i eit debattinnlegg frå ein tilsett. Dei som framleis tenker og trur at rektor skal stå inne for alle oppfatningar og meiningsytringar frå tilsette, har ikkje forstått kva eit universitet er.

Rektor ved universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, håpar Karoline Holmboe Høibo og dei andre tilsette også framover bidreg aktivt i det offentlege ordskiftet, då dette er i tråd med UiS sine visjonar. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Bakgrunnen for saka er eit debattinnlegg i Aftenbladet av fakultetsdirektør Karoline Holmboe Høibo, der ho reiser kritiske spørsmål rundt valet av bilete til omslaget på Hadia Tajik si nye bok. Sjølv delte eg debattinnlegget på Facebook og Twitter, slik eg gjerne gjer med innlegg frå UiS-tilsette, utan dermed å ta stilling til innhaldet.

Denne gongen var temaet høgst relevant som opptakt til ein boksamtale med Hadia Tajik under KÅKÅnomics-festivalen seinare same dagen, og blei tagga i tråd med dette. I etterkant har debattinnlegget fått stor merksemd i nettaviser og sosiale medium, og forfattaren har i sanning fått kjenne korleis det er å stå i debatt-stormen.

Formidling og samfunnskontakt ein viktig del av universiteta sitt samfunnsoppdrag. Som institusjon skal me romme eit mangfald av meiningar, me skal bringe idear og kunnskap til debatt-torget, og gjerne med perspektiv og synsmåtar som kan opplyse, utfordre og utvide det offentlege ordskiftet. Det me ønsker er å stimulere både tilsette og studentar til kritisk refleksjon, deling og deltaking i offentleg debatt. «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente», som det heiter i mottoet for Universitetet i Stavanger.

Sjølv er eg glad og stolt over at tilsette ved Universitetet i Stavanger engasjerer seg. Mangfaldig, opplyst og høveleg meiningsbryting gjer verda betre. Ein kjepphest for meg er ideen om eit opent universitet, som no er eit sentralt element i strategien for UiS mot 2030. Difor håpar eg både Karoline Holmboe Høibo og andre tilsette ved UiS vil halde fram med å engasjere seg i aktuelle samfunnsspørsmål. Dette er heilt i tråd med vårt samfunnsoppdrag, motto og strategi.

Sjølv er eg glad og stolt over at tilsette ved Universitetet i Stavanger engasjerer seg. Mangfaldig, opplyst og høveleg meiningsbryting gjer verda betre.

Les også

  1. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  2. Øydelegg Høibo for UiS med denne omtalen?

  3. - Litt blonder er tydeligvis alt som skal til

Publisert:
  1. Hadia Tajik
  2. Universitetet i Stavanger
  3. Klaus Mohn
  4. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Fører av personbil omkom etter trafikkulykke

  2. Viking-profilen ble trist da han fikk Berntsen-beskjeden: – Mer enn en trener

  3. Rørt Bjarne Berntsen: – Aldri opplevd maken

  4. Kristiane (19) var blant de første som ble smittet. Smerten i brystet slipper ikke taket

  5. «Jeg tenkte 2020 var året Bjarne Berntsen skulle få æresmedlemsskap i Viking. Ikke få sparken»

  6. Her er Viking-supporternes klare beskjed