Gutta på (gran)skauen

KRONIKK: Nokre kvinner var òg med. Motstandsfolk på sin hals alle saman. Mot koronatiltak, vaksinar og munnbind.

Ei av dei som deltok på arrangementet til konspirasjonsteoretikaren Hans Kristian Gaarder på Gran på Hadeland «palmefredag» før påske – der koronaviruset vart spreidd til fleire kommunar – døydde av covid-19. Ifølgje familien ville ho korkje teste seg eller ha legehjelp då symptoma dukka opp. Det ville heller ikkje Gaarder, som òg mista livet. Ingen av dei ville akseptere at koronaviruset var farleg, det var eit påfunn frå styresmaktene for å kontrollere og undertrykke folket.

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Skribent
Publisert: Publisert:

Ein av dei, frontfiguren Hans Kristian Gaarder, fall nyleg på sin post. Før han døydde hadde han koronasymptom. Etter at han døydde, viste testar at han var smitta med viruset. Det var òg dødsårsaka, ifølgje ein foreløpig obduksjonsrapport.

Hans Kristian Gaarder var ein sentral konspirasjonsteoretikar i Noreg.

Ja, og så?» spør du kanskje. Karma, mine damer og herrar. Karma på sitt mest vondskapsfulle. Gaarder var konspirasjonsteoretikar og koronafornektar. Han heiv seg på den trumpske korona-ikkje-farlegare-enn-influensa-trenden.

På Facebook skreiv han mellom anna:

«Hva kan grunnen være til de massive tiltakene «for å forebygge smitte» for noe som vil være som en forkjølelse eller lettere influensa? Kan det være for å kamuflere at coronavirus IKKE smitter fra person til person?!»

Særleg!

Kor gale det kan gå

I USA har denne «lettare influensaen», som Trump meinte det ikkje var viktig å førebyggje mot, i skrivande stund tatt livet av 577.000 menneskje.

I Noreg er blant andre Gaarder kroneksempel på at det smittar frå person til person. 26. mars hadde han eit arrangement på Kulturlåven sin på Gran på Hadeland. Fleire av dei som var til stades, har i etterkant testa positivt for korona og smitta andre i sine respektive kommunar. Ei av dei som deltok, har døydd av covid-19. Ifølgje familien ville ho korkje teste seg eller ha legehjelp då symptoma dukka opp.

Ein annan ikkje-farlegare-enn-influensa-entusiast er den brasilianske høgrepopulistiske presidenten, Jair Bolsonaro. Han har med styrke hevda at smitteverntiltak er for pingler. Som Trump har han uttalt seg med forakt om og latterleggjort bruk av munnbind. No er situasjonen fatal i Brasil, med over 350.000 døde. Dei siste dagane har over 4000 menneskje døydd dagleg. Dei rekk knapt å gravleggje alle som dør. Helsevesenet i landet er nede i kneståande. Lokale politikarar og helseekspertar tiggar Bolsonaro om å stenge ned landet. I likskap med Trump meiner han det er fullstendig feilslått politikk.

I Brasil er det eit mutert og enda farlegare virus som herjar, og fleirtalet av dei som hamnar på sjukehus, er relativt unge. Den tidlegare presidenten Dilma Rousseff seier at Bolsonaro er skuldig i folkemord når han nektar å sette i verk tiltak som kan hindre at hans medborgarar stryk med i hopetal.

Les også

Øyvind Strømmen: «Kjærleik og forakt hand i hand»

Den gode smitteeffekten

Det som burde vere eit tankekors for alle som forfektar at koronasmitteverntiltak er utan verknad, er at influensa nærmast har vore utradert i Noreg i år. Det er registrert under tjue tilfelle, noko som er sensasjonelt.

Dette er prov på at alle restriksjonar, all nedstenging, alle oppfordringar til å halde avstand, til hyppig handvask, til bruk av munnbind, har verka.

Når det har hatt ein slik oppsiktsvekkjande effekt på spreiing av influensa, er det lett å konkludere med at koronasituasjonen i Noreg hadde vore dramatisk mykje verre utan desse tiltaka.

Les også

Korona har nesten utradert influensa

Dei fleste av oss er sjølvsagt grassat leie av alle tiltaka og restriksjonane. Vi vil klemme folk, møte familie, vennar og kollegaer, trene og delta i ulike aktivitetar, reise dit vi vil, sitte på bar, nyte god mat og drikke på kafear og restaurantar. Ja, vi vil ganske enkelt leve som normalt.

Men vi bit tennene saman og har forbanna oss på at vi skal halde ut, at vi ikkje skal snuble og falle på oppløpssida, men krysse målstreken med bravur når den dagen kjem.

Dei utanfor det verkelege

Kjendisen Svein Østvik – «Charter-Svein» – var mellom koronaskeptikarane som demonstrerte mot koronarestriksjonane utanfor Stortinget 10. desember.

Ikkje alle, forresten. Ikkje konspiratørane som meiner at pandemien er ein «lett influensa», at smittevern er noko tull, at menneskerettane er i spel. Om lag 200 av dei møtte opp framfor Stortinget sist helg i eit superspreiar-evenement for å demonstrere mot styresmaktene og dei lettlurte av oss som ikkje forstår at det er Bill Gates, jødar og Erna Solberg som forfører oss og lokkar oss inn i ei felle for å kontrollere oss. Dei demonstrerte ganske enkelt for den menneskeretten som kan kallast «retten til å smitte andre».

Og dei protesterte mot munnbind. Denne sataniske oppfinninga som skjuler våre vakre smil, gjev oss andenaud og dogg på brilleglasa. Ja, så hata er innretninga blant Hans Kristian Gaarder sine meiningsfellar at dei rett og slett laga munnbindbål framfor Stortinget. Ljuvlege munnbindflammar blei overført via tv-skjermane til hundretusenvis av helgekosnordmenn.

Og sjå om vi ikkje midt blant munnbindbrennarane skoda eit kjent fjes. Svein Østvik, alias «Charter-Svein». Han som er blitt kjendis ved å ta med seg nordmenn på tur sånn at dei kan hive seg på meir eller mindre pinlege påfunn under Spanias brennande (sic!) sol. Han hadde definitivt gått lei og kunne fortelje at styresmaktene har gått for langt. At dei visst har gløymt at vi har eit immunforsvar som toler det meste sidan dei sjukeleggjer oss så til dei grader.

Sosialistisk Venstreparti hadde ein kampanje med «100 grunnar til å stemme SV» gåande. Ein av grunnane var «Charter-Svein» Østvik. No er det truleg bare 99 grunnar att. Partiet har i alle fall tatt avstand frå munnbindbrennestuntet hans.

Det ironiske er at charter-entusiasten ikkje vil sleppe inn i sitt kjære Spania igjen utan munnbind i bagasjen. Der er det påbode overalt. Til og med på strendene.

  • Sjå biletgalleri frå demonstrasjonen 10. april:
Les også

Harald Birkevold: «I en låve på Hadeland»

«Gutta på skauen» har fått ein historisk heltestatus for sin motstand mot nazistane som invaderte Noreg. Motstandskampen til dei som no poppar fram med granbar i håret, vil truleg stå fram i eit nesten tragikomisk skjær når historia ein gong skal dømme dei.

Les også

  1. Uten en viss skepsis mot bjørner, store høyder, fargerike bær, fluesopp og tyskere med liten bart hadde vi alle vært daue

  2. Amerikansk doktor kaller covid-vaksinen for eksperimentell genterapi. Hva sier norske eksperter?

  3. – Konspirasjons­teorier fyller et følelses­messig behov

  4. – Alt jeg trodde var godt, viste seg å være ondt

  5. «Hvordan unngå feilskjær når du ’gjør din egen re­search’»

Publisert:
  1. Koronaviruset
  2. Konspirasjonsteorier
  3. Jarl Wåge

Mest lest akkurat nå

  1. Snøvær skaper problemer på Stavanger lufthavn, Sola: – Vi fikk ingen informasjon

  2. Advarer mot svært glatte veier

  3. Som å bli truffet av markedsavdelingens ømme julegodstog

  4. Disse korona­reglene gjelder nå

  5. Halvannet år etter at Konrad Åsnes (18) brakk nakken i en stupeulykke i Godalen, ble stupebrettet fjernet

  6. – Ahhh, som vi har savnet dette!