Høgrepopulismen i Frp

DEBATT: For dei av oss som framleis ønskjer ein liberal verdsorden, ventar det store utfordringar. Dette konstaterer Jonas Vikingstad i ein kronikk i Aftenbladet 24.2.

Publisert: Publisert:

Frp-leiar Siv Jensen og Frp-statsråd Sylvi Listhaug feilar i testen når det gjeld haldninga til menneskerettar og flyktningar og i høve til den liberale verdsordenen. Foto: Berit Roald, NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Han skriv som ungdomsansvarleg i den høgreorienterte tankesmia Civita, men er òg politisk nestleiar i Rogaland FpU.

Vikingstad peiker på at vi «risikerer å få et mindre fritt og liberalt Europa om populistene skulle få mer makt». Eg deler utgangspunktet og er samd med mange av analysane hans. Men denne debatten gjeld også her heime, inkludert Vikingstad sitt eige parti. Kor godt klarer Frp seg i ein liberalisme-kontra-populisme-test?

Menneskerettsvernet har du i kraft av å vere menneske.

Hadninga til menneskerettane

Eit uomtvisteleg krav i ein liberal orden gjeld menneskerettane sin posisjon. Mulla Krekar er ein upopulær mann, men han høver godt i ein menneskerettstest. Frp-leiar Siv Jensen har ved gjentekne høve «kontant» avvist at menneskerettane bør gjelde for Krekar. Men menneskerettane er universelle og udelelige. Dei er ikkje ein smørbrødmeny der styremaktene kan velje ut smørbrøda dei likar. Så får resten vere.

Dei kan heller ikkje ta folk ut av køen og seie at du og du der borte, de fortener ikkje rettane. Menneskerettsvernet har du i kraft av å vere menneske.

Når Siv Jensen til liks med to tredelar av 500 tillitsvalde i Frp vil nekte Krekar menneskerettar, indikerer det at partiet anten ikkje forstår eller ikkje aksepterer ei sentral side ved det liberale demokratiet.

Les også

16-åring: «Det er ikke rettferdig at vi skal leve i vår velstand, mens flere millioner er på flukt»

Hans eige parti syner inga forståing av EUs rolle som garantist for den liberale ordenen.

Haldninga til EU-ideala

Eit anna punkt i ein test av kven som fremjar ein liberal orden, gjeld EU. Med aust-utvidinga i EU i 2004 inkluderte EU ei rekkje tidlegare kommuniststatar i den europeiske fellesskapen. For å bli medlemmer måtte landa vise at dei respekterte demokratiske og rettsstatlege standardar. Politikarar og parti som skal vere støttespelarar for det Vikingstad kallar den liberale verdsordenen, må forstå nøkkelrolla EU-institusjonane spelar, for å spreie og halde oppe dei liberale verdiane. Vikingstad fryktar med rette at valtriumfar for europeiske høgrepopulistar vil kunne gje EU nådestøyten.

Men hans eige parti syner inga forståing av EUs rolle som garantist for den liberale ordenen. Det er snarare tvert imot. Frp har det siste året erklært ny motstand mot EU, og nest-leiaren Per Sandberg er jamvel imot EØS.

Les også

«EU kan ende som en ren fasade»

Det er vanskeleg å sjå at Frp på eiga hand garanterer den liberale ordenen.

Haldninga til flyktningar

Den siste delen av testen gjeld haldninga til flyktningar. Sylvi Listhaug sa sist haust at i Noreg «spiser folk svin, drikker alkohol og viser ansiktet sitt». Det vart oppfatta både som klønete og anti-liberalt. Listhaug hevda at ho vart misforstått; ho sikta til at muslimar ikkje kunne nekte å servere folk svinekjøt, med meir. Men oppklaringa forsterkar problemet, sett i lys av liberalismetesten. Problemet ho lanserer gjeld nesten ingen. Ho bidrar berre til stigma, det motsette av å behandle borgarane med lik omtanke og respekt, som ein kvar liberal orden vil føresetje.

Frp vert i dag moderert av dei andre partia. Det er vanskeleg å sjå at partiet på eiga hand garanterer den liberale ordenen. Diskusjonen over illustrerer at Frp på sentrale politikkområde liknar meir på europeiske høgrepopulistar enn på gode liberalarar.

Publisert:

Les også

  1. Jonas Vikingstad i Civita om Europa: Liberale utfordringer i populismens tid

  2. Grasrota presser demokratene til motstand mot Trump

  1. EU
  2. Siv Jensen
  3. Mulla Krekar
  4. Civita
  5. Sylvi Listhaug