Pinleg stille om den aukande terroren Nigeria

KRONIKK: Det var blod på altaret og kyrkjegolvet og lik i kyrkjebenkane. Scenen var St. Francis katolske kyrkje i Owo i Nigeria første pinsedag.

Blod og eigedelar mellom kyrkjebenkane i Owo i Nigeria dagen etter terrorangrepet 5. juni. Islamistisk terror spreier seg i Nigeria, men Vesten bryr seg ikkje. Heller ikkje pressa i Noreg.
  • Johannes Morken
    Johannes Morken
    Redaktør, Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I ei nær fullsett kyrkje med plass til 1200 kom sjokket, panikken og blodbadet: Islamistiske terroristar kasta dynamitt og skaut rundt seg med automatgevær. Terroren var for alvor komen til den til no mest fredelege delstaten i det valdsherja landet, Ondo i sørvest.

Kring 50 liv gjekk tapt, blant dei fleire barn. Eit ungt par som inngjekk ekteskap dagen før, låg igjen blant dei døde. Guvernøren kalla angrepet, som varte minst 20 minuttar, «satanisk».

Politiet kom for seint

Alteret i St. Francis etter terrorangrepet.

Endå ein gong kjem klager på at politiet, som er stasjonert ikkje langt unna den terrorramma kyrkja, først dukka opp etter at det var for seint. Lyden av dynamitten som eksploderte, nådde langt. Men ikkje til politi­stasjonen?

President Muhammadu Buhari fordømde rett nok terroren. Men bileta av ein smilande president på middag timar etter terroren, gav det same inntrykket mange diverre har hatt lenge: Fordøminga var ord. Med rette vert regjeringa og tryggingsstyrkane skulda for ikkje å verna sitt eige folk.

Afrikas mest folkerike land, med 219 millionar, er blitt øydelagt av den brutale terrorgruppa Boko Haram, IS, andre islamistgrupper og ulike militsar og væpna bandar. Dei har drepe og lemlesta, kidnappa og jaga på flukt. Det har ramma titusenvis av kristne, men også moderate muslimar.

Terroren hadde lenge base i det muslimske nord i Nigeria, med Boko Haram i spissen. Den årelange etniske konflikten om beiteland i dei muslimsk-kristne delstatane i midtbeltet i Nigeria, er siste åra blitt meir og meir blodig. Ut frå gjetarfolket fulani har det vakse fram brutale militsar med tyngre våpen og eit sterkare og sterkare religiøst hat mot kristne.

Av dei 127 som var til stades i St. Francis-kyrkja første pinsedag, vart rundt 40 drepne. Fleire sjukehus i Owo vart fylt med 87 skadde etter terrorangrepet. Ei veke etter angrepet var ingen arresterte.

Terrorceller over heile landet

Militsar har gått inn i ein uheilag allianse med islamistiske jihadistgrupper. Samla er dette ei dødeleg kraft som gjer heile Nigeria til ei dødsfelle. Terroren rammar i midtbeltet, men også i aukande grad det kristne sør. Der ligg terrorceller som berre har venta på å bli aktiverte. «Eg spreier ikkje frykt. Terroristane er her», skriv den nigerianske gravejournalisten David Hundeyin på twitter.

På pinsedag, samstundes med angrepet på kyrkja i sørvest, skjedde ein annan tragedie i fleire jordbrukssamfunn i den terrorherja delstaten Kaduna sentralt i Nigeria. Drapsmennene, frå ein fulani-milits, kom på motorsyklar og skaut rundt seg med AK-47 i fleire landsbyar. Tilbake låg 32 døde og fleire titals skadde. To kyrkjer vart øydelagde.

Overlevande fortel jamvel at eit helikopter assisterte terroristane. Mennene som prøvde å forsvara landsbyen, hadde evakuert kvinner og barn og sett opp eit bakhald. Dei var i ferd med å driva drapsmennene unna. Då vart det skote mot dei frå eit helikopter. Dei som forsvarte landsbyen, måtte flykta. Terroristane fekk ta seg inn i landsbyen.

Sanninga må på bordet, også ubehagelege fakta om terroristar som måtte ha infiltrert hæren.

Religiøst hat

Den anerkjende egyptisk-britiske utviklingsforskaren Mariz Tadros er djupt fortvilt over at vestlege regjeringar og utviklingsaktørar nektar å ta inn over seg kor viktig religiøst hat er i terroren i Nigeria. Dersom konflikten i midtbeltet i Nigeria «berre» handlar om beiteland og ressursar, kvifor går ikkje valdsmennene etter kveget? Kvifor set dei fyr på kyrkjer, drep kristne og kidnappar prestar? spør ho fortvilt.

Konsekvensen av å fornekta det religiøse hatet er at fleire i Nigeria vert drepne, påpeikar Tadros. Utviklingsaktørane som skal hjelpa dei mest sårbare i landet, blir mindre og mindre i stand til akkurat det. I fleire område vågar dei ikkje lenger å dra inn, fordi det er blitt altfor farleg.

President Buhari fekk for sin del ein ufortent premie frå USA i fjor haust: Nigeria vart fjerna frå «verstinglista» over land som bryt trusfridommen. Det førte til sterke reaksjonar. Ei slik liste vert meiningslaus når somme av verstingane vert tekne av lista av ein eller annan politisk grunn, seier Tadros.

Vi reagerer på skuleskytingar i USA.
Drap av barn i Nigeria utløyser berre
eit redaksjonelt skuldertrekk.

Pinleg av norsk presse

Det blodige dramaet i Nigeria pinsedag kvalifiserte i mange norske aviser berre til ein notis levert av eit telegrambyrå. Tragedien i Kaduna same søndag har ikkje nådd avisspaltene i det heile teke. Drap på kristne i Nigeria blir anten ikkje nemnt – eller gøymt bort i ei sidespalte.

Vi får med rette god hjelp til å vera opprørte over skuleskytingar i USA. Drap av barn i Nigeria – eller stadige kidnappingar av skulejenter – utløyser berre eit redaksjonelt skuldertrekk. Eller ingenting. I fire og eit halvt år har den kristne skulejenta Leah Sharibu vore kidnappa til livsvarig slaveri i islamistane sin kamp mot skulegang.

Tre veker før pinseterroren blei ein ung kristen økonomistudent i ein delstat nordvest i Nigeria utsett for eit bestialsk drap av medstudentar som skulda henne for blasfemi, slo henne i hel og sette fyr på den døde. Drapet blei knapt omtalt i norsk presse.

Medias oppgåve er å setja flaumlys på terror, religiøst hat og andre faktorar. Det kan leggja press på vestlege utviklingsaktørar og regjeringar.

Innsatsen frå mange norske mediehus er skamfull.

Publisert: