Kva vil eigarkommunane bruka Lyse sin kraftproduksjon til?

DEBATT: Nokre ordførarar har bede statsministeren om å hinda høg straumpris. Har ordførarane spurt sitt eige selskap om det same?

Lyse Energi er eit kommunalt kraftselskap som skal forsyna folk og næringsliv i 16 eigarkommunar med straum. Kva vil og kan eigarane gjera med straumen sin?

Debattinnlegg

  • Sigmund Hatløy
    Stavanger
Publisert: Publisert:

I Stavanger Aftenblad 05. august vert opplyst at Lyse Energi har lite straum fordi krafta er selt til utlandet. Me får også vita at Statkraft ikkje kan styra om kraftproduksjonen går til innanlands eller utanlands forbruk, og at kraftprodusentane ikkje veit kor krafta går. Kraftproduksjonen er prisbestemt og kan flyta fritt mellom landa rundt Nordsjøen. Det er berre pris og overføringskapasitet som kan styra kor straumen går. Me kan elles lesa at Statkraft produserer langt mindre enn vanleg, for dette vil auka prisen på vatnet i kraftmagasina. Vidare får me vita at dei store magasina kan lagra vatn i lang tid ved å setja ein høg pris. Høg pris fører til færre kjøparar av straumen.

Vindkraft er upåliteleg

Statnett ikkje kan styra kor straumen blir eksportert. Straumen vil gå frå område med låg pris til område med høgare pris. Nettselskapet opplyser også at kraftprodusentane styrer korleis dei brukar vatnet i sine magasin. Kva kan me læra av denne informasjonen?

Den som betalar mest får elektrisk kraft. Straumrasjonering i Rogaland kan ein unngå dersom me betalar meir enn utlendingar og andre nordmenn for straumen. Med stor energimangel i Europa er auka straumpris meir sannsynleg enn prisreduksjon i tida framover.

Auka straumproduksjon i Norge vil også gå til dei som betalar mest, redusert straumpris i Norge er heilt usannsynleg. Vindturbinar produserer straum berre i om lag 30 % av tida forbrukarane treng straum. Difor trengst større og større mengder reservekraft dersom ein satsar på vindkraft.

Kven styrer kven?

Lyse Energi er skipa som eit kommunalt kraftselskap for å forsyna eigarkommunane med straum. 16 kommunar i Rogaland eig straumen som folk, næringsliv og andre forbrukarar treng. Kva vil og kan eigarane gjera med straumen sin?

Nokre ordførarar har bede statsministeren om å hinda høg straumpris. Har ordførarane spurt sitt eige selskap om det same? Er det greitt at Lyse Energi tener stort på høg straumpris også dersom mange arbeidsplassar må leggast ned på grunn av dette? Styrer eigarane Lyse Energi, eller styrer Lyse Energi eigarkommunane?

Publisert: