Vestlandet er hjartet i eksport­nasjonen Noreg

DEBATT: Alle skal bidra når Noreg no skal bli betre på eksport, men regjeringa gjer klokt i å la eksport­landsdelen Vestlandet leie an.

10. mars presenterte næringsminister Jan Christian Vestre den nye eksportsatsinga «Hele Norge eksporterer». No trengst det at han er like framoverlent i verkemidla.
  • Tommy Aarethun
    Tommy Aarethun
    Dagleg leiar, tankesmia Initiativ Vest
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ingen annan landsdel eksporterer som Vestlandet. Ifølgje tal frå Menon Economics stod dei tre vestlandsfylka i 2020 for 41 prosent av eksporten. I tillegg er næringane her i regionen i front kva gjeld potensialet for vekst framover.

Det er bra at regjeringa tydeleg anerkjenner og styrkar miljøa på Vestlandet si rolle i arbeidet med å nå Noreg sine eksportmål. «Vestlandet er hjertet i eksportnasjonen Norge», sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) då han lanserte satsinga. Det er i seg sjølv eit viktig signal til næringslivet og fagmiljøa her i regionen, som vert understreka av at ein no knyter det nasjonale verkemiddelapparatet som allereie finst tettare på miljøa i regionen.

Setninga må ikkje verta berre ein entusiastisk setning på ein pressekonferanse, men den må forplikte og følgjast opp med konkrete grep og verkemiddel i tida som kjem.

Vi må få fatt på arbeidet

Ikkje minst er det også her på Vestlandet miljøa som skal drive fram utviklinga i regjeringa sine to fyrste satsingar ligg: havvind og den maritime næringa. Sjølv om det ikkje var ei veldig stor overrasking at havvind ville vera ei av satsingane, var det likevel nettopp det berre ein månad etter at regjeringa sjølv lanserte si eiga havvindssatsing med kablar berre til Noreg.

Skal dette bli eit eventyr, må vi få fart på arbeidet med storskala flytande havvind også, utover den botnfaste utbygginga i fyrste fase av Sørlige Nordsjø II. Frå verksemdene på Vestlandet er beskjeden at det viktigaste er at ein no faktisk kjem i gang, og ikkje berre diskuterer kva som skal vera målsetjingane.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Opptakt til en ny fiasko i vind­kraft­utbyggingen»

Koplast opp mot klyngene

I tillegg til dei nasjonale grepa som no vert gjort, mellom anna gjennom å styrkje verkemiddelapparatet i regionane, bør ein også sjå på korleis dette kan koplast opp mot næringsklyngene og andre miljø i regionen. Mellom anna er det i den felles næringsstrategien i regi av Vestlandsrådet peika på ein del utfordringar og moglegheiter som Nasjonalt Eksportråd bør merka seg i sitt arbeid.

Dei bør også sjå nøye på andre satsingar som vert gjort av fylkeskommunane og andre miljø i eksportlandsdelen. Som satsinga Skaparkraft 2022–2032, der Møre og Romsdal fylkeskommune har som målsetjing å «stimulere til utvikling av nye næringar gjennom ei spissa satsing på grøne industrielle løft, kompetanse, teknologi og energi.» 

Sikre nok kompetanse 

Framover vert det heilt avgjerande å sikre nok og rett kompetanse, om ein skal lukkast med å auke eksporten. Dette vil vera ein heilt sentral byggjestein og grunnmur dersom Noreg skal kunne skape nye eksporteventyr.

Det nasjonale eksportstrategirådet og andre som no skal meisle ut planen for å auke eksporten frå Noreg, både på kort og lengre sikt, må difor ikkje gløyme dette heilt sentrale aspektet: Å sikre at ein framover har tilgang til nok og rett kompetanse, som er kopla tett på dei næringane som har potensialet for vekst i eksport.

Publisert: