Denne rektoren går ikkje på gummisolar!
DEBATT: Mine knuteråd til russen er ikkje trekte tilbake, slik Kjell Arild Pollestad hevdar i sitt innlegg 12. mai.
Debattinnlegg
- Ingunn FolgerøRektor, Bryne vidaregåande skule
Pollestad viser til ein rektor på gummisolar. Eg har aldri snakka med eller møtt Pollestad, men skjønar av innlegget at det er eg som er gummisolerektoren. Forfattaren av innlegget viser til at eg har gjeve russen ei moralsk åtvaring eg skal ha fått så mykje motbør for, at eg måtte trekke den såkalla moralske åtvaringa tilbake. Det stemmer ikkje. Pollestad har truleg fått annahandsinformasjon om brevet eg sende elevar og lærarar, og er såleis ikkje å skulda for feilinformasjon.
Mange knutar handlar om sex
Så til brevet eg sende. For nokre veker tilbake fekk eg lista over russeknutane. Desse knutane er stort sett like over heile landet og har overlevd tiår med russekull. Likevel: ei stor mengd av russeknutane var knytt til å ha frivillig sex. Sex på skulens toalett, sex med russepresident, sex med sju ulike personar på ei veke og elles sex i ei rekke variantar. Sex vert såleis ein føresetnad for å få russeknutar. Det reagerer eg på. Ikkje av moral, men av omsut for elevane, noko eg også presiserte i skrivet.
Når unge menneske må ha sex for å oppnå eit gode, kan det frivillige i det å ha sex vere truga. Vidare er mi erfaring at somme elevar går lenger enn dei ønskjer i si seksuelle åtferd. Både gutar og jenter kjem i situasjonar som er vanskelege å stå rakrygga i, i etterkant. Kommentarane let ikkje vente på seg, bilete vert gjerne delt, angeren og skamma vert vond. Mange menneske slit i årevis med overtramp dei har gjort mot både eigne og andre sine grenser. I staden for å gle seg til 5- årsjubileum, vert minna frå vidaregåande ein vond klump. Difor engasjerer eg meg. Eg vil gjere det eg kan for at færre elevar skal kome i situasjonar dei opplever som destruktive i ettertid.
Russens råskap minner om den som også finnes blant kristne
Eg ser faren for å krenka
Samstundes ser eg logikken i eit innspel eg fekk på brevet. Ved å omtale det å ha sex med sju forskjellige på sju dagar som potensielt uheldig for elevane, kan eg forsterke skamma over elevane som har det. Det var sjølvsagt ikkje min intensjon, men somme gjorde meg merksam på at meldinga også kan gi slike kjensler. Innspelet utvidar perspektiva mine og eg vil ha det i minne neste gong eg uttaler meg. Det er denne anerkjenninga av anna perspektiv enn mitt eige Pollestad truleg refererer til når han skriv at eg ikkje våga stå ved eigne ord. Eg vart ikkje pressa og kjenner meg heller ikkje att i at eg no går rundt på gummisolar, skadeskoten av motbør.
Saka er viktig fordi den tematiserer ei samfunnsutfordring som handlar om grenser, kva som er frivillig og kven som skal ta ansvar for ei russefeiring mange er uroa over. No er det russefeiringa me snakkar om. Makteliten har strevd med desse grensene i årevis. For å endre trengst gode intensjonar og handlingar frå fleire hald, slik at me møter behova til og kan støtte mangfaldet av elevar.
Les også
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Søppelet flyter i byen – heldigvis starter noen på jobb klokken 05.00 fordi vi ikke treffer bosspannene
Fortviler over kommunens nye krav: – Ikke gjennomtenkt
Nye SUS: Må vurdere tomtesalg for å håndtere budsjettsprekk
Tusenvis gikk i tog – her ser du bildene
De russiske soldatene som dør, er unge og fattige