Kva trugar mest, Russland eller klimakatastrofar?
DEBATT: Det er eit paradoks at militæret som skal gjera oss trygge, gjer oss utrygge pga. skadane dei påfører klima og miljø.
– Store problem som forverra klima og miljø, atomtrussel og store skilnader i levekår blant verdas folk, kan ikkje løysast med militær makt, skriv Ingegerd Austbø. Her militære kjøretøyer til NATO-øvelsen Trident Juncture i Fredrikstad. Foto: NTB Scanpix
Debattinnlegg
- Ingegerd AustbøStyremedlem i Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF), Sandnes
Nå har me hatt to ekstreme somrar. Den første var kald og våt, den andre varm og tørr. Den globale oppvarminga er blitt tydeleg også hos oss. Bøndene fortvilar over fôrmangel og må slakta delar av buskapen. Desse somrane har kanskje vore ein "vekkjar" for mange, slik som den daude kvalen som rak i land med magen full av plast.
Stor øving
I desse dagar driv NATO med "deployment" – utplassering – av utstyr til den store øvinga Trident Juncture. Der skal soldatar frå 30 land øva på å stå i mot eit angrep frå Russland. Men kva trugar framtida mest, Russland eller faren for klima- og miljøkatastrofar? Tal for 2017 frå SIPRI (Stockholms fredforskingsinstitutt) viser at NATOs militærutgifter er 13 gonger større enn Russlands. Då verkar det helst absurd å tru at Russland vil gå til angrep. På den andre sida viser mange rapportar at isen smeltar over alt, og at mange område blir tørrare. Konsekvensane blir matmangel og fleire klimaflyktningar. Kva vil skje i India når isen i Himalaya smeltar? Kva vil skje med dei store kystbyane når havet stig?
NATO planlegger enorm militærøvelse i Norge i 2018
Sårbar is i Arktis etter varmerekord
NASA avslutter klimaprogram etter forslag fra Trump
Ikkje med i rekneskapen
Trump har sagt opp Paris-avtalen, der statane forpliktar seg til å kutta klimagassutsleppa for å stoppa oppvarminga og klimaendringane. Dessutan krev Trump at NATO-landa skal auka sine militærutgifter. Men meir militarisering vil skada klima og miljø enda meir enn det alt gjer. Militærvesenet er ikkje med i klimarekneskapen, sjølv om det står for svært mykje av klimagassutsleppa.
USAs forvarsdepartement er det «selskapet» i verda som har det største karbonfotavtrykket. Pentagon står for meir enn 70 prosent av USAs utslepp av klimagassar (CIA World Fact Book), og det brukar dagleg meir olje enn 175 land til saman (av 210). I tillegg går det med mykje olje og naturressursar for å produsera militært materiell. Produksjon og bruk av dette fører med seg «søppel» av ulike slag. I USA er militæret den største forureinaren av vassdrag pga. alle militærbasane rundt om i landet. Dette har m.a. ført til fødselsskadar og kreft blant sivile og mannskap.
Rivast etterpå
Militæret skal gjera oss trygge. Då blir det eit paradoks at det er med på å gjera oss utrygge pga. skadane det påfører klima og miljø. I den store NATO-øvinga skal 40.000 soldatar delta, 70 krigsskip og 140 fly, pluss mange store militærkjøretøy. Det skal brukast 40 millionar kroner på ulike installasjonar, som skal rivast etterpå. For Norges del er det berekna at utgiftene blir 1 milliard.
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen burde stå fram saman med NATO-sjef Jens Stoltenberg og fortelja det norske folk kor store CO₂-utsleppa frå øvinga vil bli i desse månadane. Militære fly, skip og andre kjøretøy er ikkje smålåtne når det gjeld drivstoff. F-16- jagarflyet brukar t.d. 3406 liter i timen og ei beltevogn kalla Leopard 2A4 brukar 21 liter på mila. Ein kunne kanskje avslutta utgreiinga med å samanlikna det med bensinbruken for ein gjennomsnittsbilist. Dei ansvarlege bør også gjera greie for spørsmål som: I kva grad vil desse tunge kjøretøya gjera skade på norske vegar, og på skog og mark? Kven skal stå for og betala for opprydding/reparering?
Høyrer mest på våpenlobbyen
Store problem som forverra klima og miljø, atomtrussel og store skilnader i levekår blant verdas folk, kan ikkje løysast med militær makt. Politikarar som prioriterer militæret, bør endra kurs, ta turen ut blant folk som blir direkte råka av militær maktbruk eller som lir pga. manglande medisin og legehjelp. Då vil dei nok få råd om å bruka ressursane på tiltak som kan førebyggje krig i staden for på opprusting. Slik prioriteringa er i dag, er eg stygt redd for at politikarar og militæret i staden høyrer mest på våpenlobbyen.
Les også
Mest lest akkurat nå
Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking
Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger
Finland stenger grensa mot Norge
Kondisprofessor knuser fem myter om vekt og forbrenning: – Det er helt feil
Strand: Lastebil skal ha veltet i et sandtak
Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren
Aftenbladet anbefaler
Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger
Branner, politiaksjoner og sprøytespisser: Nå vil politikerne selge de omstridte boligene på Storhaug
Da strømmen ble borte, tømte lokalbutikken fryseren og ga ut gratis is
Hver gang Tellef begynner å gråte, får moren et sug i magen: Har han fått et nytt brudd nå?