God miljøtilstand ved oppdrettsanlegga, Solfrid Lebrekk og Hallgeir Langeland tar feil

DEBATT: Kloakk fra menneske eller husdyr og fisk er ikkje det same. Fisk forureinar ikkje kysten.

  • Hans Inge Algrøy
    Hans Inge Algrøy
    Regionsjef havbruk vest, Sjømat Norge
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

SV-politikarane Solfrid Lerbrekk og Hallgeir H. Langeland skriv i Aftenbladet 29. juni at «i oppdrettsnæringa er det mest ingen restriksjonar» og samanliknar utslepp frå fisk med kloakk frå menneske og dyr i fjøs.

For det første er samanlikninga svært misvisande. Kloakk frå folk og gjødsel frå dyr er eit hygieneproblem om det ikkje blir reinsa, medan organiske utslepp frå fisk høyrer heime i havet. Fisk forureinar ikkje kysten vår, slik vi menneske gjer.

Les også

Lerbrekk/Langeland: Nå treng me politikarar som er heilt tydelege på at nå skal laksen i fjøs

Omfattande regime

For det andre har dei aller fleste oppdrettsanlegga langs norskekysten dokumentert god miljøtilstand under og ved anlegga. Skal ein drive havbruk i stor skala, må ein likevel passe på at fjordane ikkje blir overbelasta. Utslepp og miljøovervaking frå fiskeoppdrett i Norge er difor regulert på fleire måtar. Før produksjon på ein godkjent lokalitet kan starte, må oppdrettaren ha utsleppsløyve for anlegget. Styresmaktene vurderer då om fjordsystemet kan handtere forventa mengde utslepp på lokaliteten, m.a. basert på berekningar av mengde fisk, havstraumar og djupne.

Ved oppstart når fisken er sett ut i sjøen og når produksjonen er på det mest intensive, leigar oppdrettarane inn uavhengig fagpersonell som gjennomfører miljømålingar på sjøbotnen under og ved anlegget. Dette skjer etter Norsk standard 9410. Etter at fisken er sendt til slakteri, skal lokaliteten brakkleggjast i minst to månader før ny fisk kan setjast ut. Dette for å vera sikker på at normaltilstanden på botnen er gjenoppretta. Er ikkje to månader nok, må brakklegginga forlengjast.

Rapportane frå miljømålingane ligg åpent hos Fiskeridirektoratet, og seinast i mai 2017 rapporterte direktoratet at over 90 prosent av lokalitetane langs kysten har miljøstatus «god» eller «meget god», fire prosent har «dårlig» og 0,4 prosent «meget dårlig».

Alle oppdrettarar har sidan Akvakulturlova kom i 2005 plikt til å gjennomføre miljøovervaking. Dette er viktig for å kontrollere at miljøpåverkinga er forsvarleg og bærekraftig, både på den enkelte lokaliteten og i regionen.

Reint hav er avgjerande viktig

Når dette er sagt, er det lett å dela SV si bekymring for ureint hav. Reint hav er ein føresetnad for å kunne produsere meir mat gjennom akvakultur. FN og Verdensbanken ventar ei dobling i mattilførselen frå akvakultur fram mot 2030. Norge med sine store havområde, rike fiskeressursar og produktive kystareal har eit ansvar for å gje eit solid bidrag til dette.



Publisert: