«Ber eg om å bli valdteken?»

DEBATT: Er det slik at fordi eg er kvinne så ber eg om å bli valdteken? Er det ein del av det å vere kvinne/jente? Svaret er sjølvsagt nei. Alle kvinner og jenter må kunne kjenne seg trygge, uansett.

«Vi må bli kvitt haldningar i samfunnet der ein gjev heile eller deler av skulda for valdtekta på kvinnene», skriv Anne Kristin Bruns.
  • Anne Kristin Bruns
    8.plass på stortingslista, nestleiar KrF Kvinner og bystyremedlem i Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Alle skal kunne kjenne seg trygge inne, ute, på arbeid og privat. Vi må bli kvitt haldningar i samfunnet der ein gjev heile eller deler av skulda for valdtekta på kvinnene. Det kan sjå ut som vi leiter etter grunnar for å skulde på kvinnene som er blitt valdtekne. Det kan gå på klestil, om de var fulle, om skjørtet var for kort, om det var for mykje sminke, om dei var på feil plass.

Valdtekt er eit kriminelt overgrep og er i dag blitt eit folkehelseproblem for kvinner, meiner Bruns, bildet.

Uakseptabelt

Ofte ser ein på valdtekt frå mannen sitt perspektiv. Valdtekt av kvinner er uakseptabelt. Eg er skremt over det eg les i sosiale media om synet på jenter/kvinner. Valdtekt er eit kriminelt overgrep og er i dag blitt eit folkehelseproblem for kvinner. For meg som KrF-politikar og kvinne er dette ei viktig sak. Ikkje minst ei haldningssak, men og ei sak der rettssystemet må gjere endringar.
I Noreg blir det årlig anmeldt om lag 1200 valdtekter, men berre halvparten blir etterforska. Påtalemyndigheitene reiser sak for under ein tredjedel av dei etterforska sakene, og under 10 prosent av dei anmelde blir dømde.

Svært mange kvinner vegar seg frå å melde frå om valdtekt av frykt for ikkje å bli trudd, få ei rettferdig behandling, men kanskje mest for å ta vare på si eiga helse. Faktisk berre ein av ti vel å anmelde valdtekta.

I rettssystemet har vi sett eksempel på at fagdommarar og lekdomarar fordømmer ofra og unnskylder overgriparane. Dette kan vi ikkje godta.
KrF har vedteke i programmet å setje i gang tiltak for å forebyggje og etterforske valdtekt samt følgje opp valdtektsofre. KrF Kvinner foreslår en nullvisjon for valdtekt og sextrakassering. Kvifor skal vi ikkje ha det når vi har nullvisjon for dødsulykke i trafikken og mot mobbing?

Opplæring og rettleiing

Vi vil at norsk lov skal definere valdtekt slik internasjonale konvensjonar krev det, der sex utan bevisst samtykke er valdtekt. Fagdommarar må ha opplæring og lekdommare må få rettleiing om kva som er forbode. Eg har i fleire år vore lekdommar i Stavanger tingrett. Noko av desse haldningane ser ein også der, nettopp fordi vi representere folket.

KrF vil arbeide for å få på plass ei haldningskampanje retta mot alle innbyggjare om valdtekt og samtykke. Både overfor kvinner og menn. Vi trenger eit system der seksualforbrytarar blir dømde og kvinner og barn blir gjevne ein reell rettssikkerheit. Dette vil vi arbeide for både lokalt og sentralt.

Publisert: