Veit landbrukssjefen og Statsforvaltaren betre enn bonden?

DEBATT: Det er viktigare at allmenta får god tilgang til strandsona enn at redningsvestar, tauverk og fendrar kan liggja klart til ein tur som kjem brått på.

«Dei som bur og driv her veit best kva som trengst», skriv Eva Bringeland. Her frå naustet til Jan K. Bokn som Bringeland var ansvarlig søkjar for.
  • Eva Bringeland
    Pro-plan AS
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over to år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Fylkesmannen heiter no statsforvaltaren. Oppdraget er det same. Å sjå til at kommunane behandlar innbyggjarane rettferdig, og at det som er bestemt i stortinget kjem ut til folket.

Korrigerte Statsforvaltaren

Kommunal- og moderniseringsdepartementet korrigerte nyleg Statsforvaltaren i Rogaland i to delingssaker. Dei fastslo at eit hus som er bygd korkje medfører tap av landbruksjord eller gjev særleg auke i kryssande interesser. Dei tykkjer det er eit godt verkemiddel for å styrkje busetjinga at hus kan gjenbrukast av andre enn dei som driv garden. Dette har folk på bygda hevda lenge.

Eg har budd 30 år på Halsnøy i Finnøy kommunedel. Eg vaks opp på gard her. Dyrlegen, doktoren og presten vert framleis skyssa hit med båt. Her er LNF-område, som det heiter i byråkratverda. Alt som skjer på desse areala skal gagne landbruk, natur- og friluftsliv.

Kven avgjer om noko gagnar landbruket eller ikkje? Landbrukssjefen i kommunen og statsforvaltaren. Dei veit betre enn bonden.

Her på øyane trengst naust på garden berre viss bonden står i fiskarmanntalet og har inntekt frå fiske, eller t.d. vil bygge nausthytte til turistar. Då reknast naustet som ein del av landbruksdrifta. Dersom bonden ikkje har attåtnæring, men «berre» brukar båt for å sjå til dyra, eller hente dyrlegen i ein fart, trengst ikkje naust til naudsynt utstyr til båten. Då inngår det ikkje i landbruksføremålet.

Det er ikkje umogleg for bonden å få seg eit naust på garden, eller reparere det han har, men det sit langt inne. Då vert det «på nåde» – som dispensasjon frå arealføremålet. For det gagnar ikkje landbruket. Og som vi såg på Bokn: dersom det kjem i vegen for fritidsinteressene må det vike. Det er viktigare at allmenta får god tilgang til strandsona enn at redningsvestar, tauverk og fendrar kan liggja klart til ein tur som kjem brått på.

Landbrukssjefen i Stavanger har støtte frå Statsforvaltaren. Bondelaga i Finnøy hevdar dette er feil og strengare enn før. Departementet seier at naust knytt til produksjon på garden inngår i LNF-føremålet. Landbrukssjefen og Statsforvaltaren har ei skjerpa forståing av dette: Det landbruket som kan forsvare eit naust, skal vere til dømes kommersielt fiske eller turisme. Dei meiner at dersom kvar gardbrukar som treng båt skal ha naust, vert det ikkje nok plass att til bading og friluftsliv.

Er dette meininga?

Statsforvaltaren meinte landbruket vart sett på spel av nye folk i tomme hus på bygdene. Dei meiner og at fritidsinteresser i strandsona går føre dyrehald. Det strir mot mi erfaring: Landbruket på øyane er til gagn for naturen og friluftslivet. Dei som bur og driv her veit best kva som trengst.

Er dette meininga med rettleiinga frå landbruksdepartementet?

Publisert: