Statsarkivet i Stavanger fyller 50 år! Er det så viktig då?

KRONIKK: Statsarkivet er ein sentral garantist for at du får det du har rett på, og for at også livet ditt blir hugsa for ettertida.

Publisert: Publisert:

Statsarkivet tar vare på enorme mengder offentleg informasjon – men mykje anna òg, som private og andre samlingar. Då Rogaland Teater sitt arkiv og gjenstandar skulle donerast til Arkivenes Hus på Ullandhaug, leita Gretelill Tangen heime hos seg – og fann mellom mykje anna skodespelarkontrakten til far hennar, Thor Inge Kristiansen, for «spilleåret» 1945. Foto: Anders Minge

Debattinnlegg

  • Anne Aune
    Statsarkivar
  • Ine Fintland
    Førstearkivar
  • Torkel Thime
    Førstearkivar

Statsarkivet er kanskje ikkje viktig for meg, tenkjer du. Men slik er det faktisk. Mange innbyggjarar i Rogaland har fått stadfesta opplysningar til bruk i pensjonssaker, rydda opp i eigedomstvistar eller sikra andre rettslege krav ut frå den dokumentasjonen Statsarkivet rår over.

Gir svar

På lesesalane og gjennom Digitalarkivet.no møter vi ei mangfaldig gruppe av brukarar. Nokre arbeider med historie eller samfunnsfag. Mykje journalistikk og offentlege granskingar byggjer også på arkivmaterial, nå sist i samband med nye krav om gransking av Alexander Kielland-ulykka.

  • Aftenbladserien om Kielland-ulykka.

Utan arkiva hadde kunnskapen om samfunnet og kvar einskild av oss vore mager. Det vi veit om alt frå heksebrenning til den andre verdskrigen og norsk oljehistorie er for det meste henta frå arkiva våre. Når vi har tatt vare på grunnlagsmaterialet, er det også mogleg for framtidige generasjonar å stille nye spørsmål og få nye svar.

Ved å gjere meir av materialet digitalt tilgjengeleg, vonar vi at folk flest skal sjå at arkiva er med på gi befolkninga eit rotfest i fortida. Ofte på godt, for å forstå positive utviklingstrekk. Men også på vondt, slik at framtida kan vere bevisst på undertrykking og feil som er gjort i fortida.

Les også

Granskningsrapporten av Alexander Kielland-ulykken er digitalisert

Store spenn

Det er mykje å ta av mellom 15.000 hyllemeter med papir og store mengder foto og kart. Sjølv om eit arkiv slett ikkje viser oss alt om korleis einskildmenneske har levd, gir det massevis av informasjon som kan hjelpe oss å forstå kåra dei levde under. Slik sett er det ei rik kjelde til forsking og bruk i undervising på ulike nivå. Nærleiken til Universitetet i Stavanger har styrka samarbeidet med lærarutdanninga og opna for nye brukargrupper, til dømes frå samfunnstryggleik-faget.

Statsarkiva har røter heilt tilbake til 1587. Statsarkivet i Stavanger blei oppretta av Stortinget først då statsbudsjettet for 1970 blei vedtatt. Frå 1949 hadde det statlege arkivet i Stavanger vore underlagt Bergen. Departementet argumenterte for opprettinga med at fylket var folkerikt og at Stavanger hadde ein sentral plass i administrasjonen og det kulturelle livet i denne delen av landet.

Då som no var hovudoppgåva å ta vare på dokumentasjon frå statlege verksemder og gjere den tilgjengeleg for ettertida. Statlege organ har plikt til å levere sine arkiv til det statlege arkivverket, som tar vare på det og legg til rette for at det kan brukast i framtida. Kommunane og fylkeskommunane har sjølve plikt til å sørgje for dette, ofte gjennom interkommunale ordningar. Dette er særleg viktig for små og mellomstore kommunar som ikkje har kapasitet og kompetanse til å gjere dette på eiga hand.

Les også

Nysgjerrig på egen slekt? Slik finner du forfedrene dine – steg for steg.

Samling av samlingar

Interkommunalt arkiv Rogaland – som no deler hus med Statsarkivet, Stavanger byarkiv og Misjons- og diakoniarkivet – var faktisk det første av sitt slag her i landet. Nærleiken mellom desse ulike arkiva opnar opp for nye kontaktflater, som til dømes innanfor samfunnsmedisin.

Riksarkivaren skal halde oversyn over private arkiv som er særleg verneverdige og bidra til at desse blir bevart. Gjennom mange tiår har vi hos oss bygd opp store samlingar dokumentasjon, ikkje minst frå private verksemder. Det gjer ein meir heilskapleg dokumentasjon.

Arkiv er i dag meir enn papirdokument. Den sterke auken i bruk av digitale lagringsformer fører til at vi må tenkje på nye måtar. Det krev mindre plass å ta vare på digital dokumentasjon, men utfordringane er truleg endå større enn dei vi kjenner frå arbeidet med papirarkiva. Informasjonsmengda er enorm. Handteringa av denne krev kjennskap til verksemdene som har produsert dokumentasjonen, og ikkje minst til systema der den er lagra.

Det er ei oppgåve for arkivet å sikre at materialet ikkje blir endra ved at noko blir tatt bort eller lagt til i ettertid. Her i dekksdagbokfor perioden 9.11.1977–28.5.1978 frå Alexander Kielland-plattforma, som vart funnen etter at riggen blei snudd i 1983. Foto: Jarle Aasland

For rettsstaten og demokratiet

Kjerneelementa ved arkivfaget står likevel fast. Det er framleis sett på som godt arkivfag, og viktig for kjeldekritikken, å sikre at dokumentasjon blir halden samla slik som den er skapt, altså ikkje splitta opp og systematisert på andre måtar.

Av omsyn til dokumenta sin autentisitet, integritet og pålitelegheit er det også ei oppgåve for arkivet å sikre at materialet ikkje blir endra ved at noko blir tatt bort eller lagt til i ettertid. Noko av det mest vesentlege ein arbeider med i eit arkiv, er derfor å omtala materialet slik at ein i framtida kan setje seg inn i kva samanhengen var då materialet blei skapt, og kva føremål det tente då. Dette blir publisert i ei web-løysning med tilgang for alle.

Utkastet til ny arkivlov (NOU 2019: 9) fastslår at «formålet med denne loven er å sikre dokumentasjon om samfunnet som skal kunne brukes til å forstå samtid og fortid, og til å bevare og videreutvikle Norge som rettsstat og demokrati».

Det er dette arkiv dreier seg om – ikkje noko mindre. Eller for å seie det med slagordet til våre franske kollegaer då det franske nasjonalarkivet flytta inn i nytt hus i 2013, omskriven frå den franske nasjonalsongen: «Borgarar, til arkiva!»

Publisert:

Les også

  1. Nå skal skuespiller Gretelill Tangen endelig arkiveres

  2. Fann sjeldne fargebilde frå Stavanger i 1945 i gamal trekasse etter far sin

  3. To søstre sto arm i arm ved hjemmet på Lura i 1945. Den ene ble skutt. Den andre måtte leve med savnet

  4. Verliebt und verloren

Mest lest akkurat nå

  1. Person skadet i alvorlig hendelse på Austrått

  2. Mann (18) kjørte i 230 km/t i Ryfast mens han filmet med mobilen: – Jeg blir sint og opprørt

  3. Familie­selskap skal være grunn til flere korona­smittede i Stavanger

  4. Fire ansatte korona­smittet hos Conoco­Phillips

  5. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  6. Ungdommen fikk sitt eget anneks på fjellet: – Her slipper de å henge med oss voksne