Når barnet ditt mobbar, treng det hjelp

KRONIKK: Mange vil hjelpe offera for mobbing, og slik skal det vere. Om dei som utset andre for mobbing, tenkjer ein gjerne at ein berre kan be dei om å skjerpe seg. Ein kan ikkje ta meir feil.

Publisert:

Barn og unge som mobbar, viser i større grad enn andre symptom på angst og drepresjon, og dei droppar oftare ut av skulen enn medelevar. Mobbeoffer må få hjelp, men det må òg dei som mobbar, inkludert dei «janusansikta» som i alle andre situasjonar framstår som snille, greie og veltilpassa. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

Sigrun K. Ertesvåg
Professor, Læringsmiljøsenteret ved UiS

Mange vil hjelpe offera for mobbing, og slik skal det vere. Om dei som utset andre for mobbing, tenkjer ein gjerne at ein berre kan be dei om å skjerpe seg. Ein kan ikkje ta meir feil.

Ringer skulen og fortel at barnet ditt mobbar andre, kan det verste du gjer vere å nekte for at det er tilfelle. Pust djupt og innrøm at barnet ditt kan ha eit problem. Start så samarbeidet med skulen om å stoppe mobbinga. Det er det beste du kan gjere for ditt barn.

Årleg utset om lag 35.000 elevar i grunn- og vidaregåande skule andre for mobbing. Det er sjølvsagt at vaksne skal stoppe mobbinga av omsyn til offera, men i tillegg kan det vere avgjerande for den som mobbar at han/ho får hjelp. Ein ny studie viser at elevar som mobbar, opplever svakare relasjon til lærarane sine enn medelevane gjer. Då vert det ekstra viktig at du som forelder tar problema til barnet ditt på alvor.

Dersom barnet ditt utset andre for mobbing, treng det hjelp til å slutte.

Opptakta

Det startar gjerne med ein telefon der skulen fortel at barnet ditt utset andre for mobbing. Ein naturleg reaksjon for mange foreldre er at det ikkje kan vere mogleg. Det beste du kan gjere for barnet ditt er likevel å samarbeide med skulen om å få klarheit i kva som skjer. Dersom barnet ditt utsett andre for mobbing, treng det hjelp til å slutte, – og du er saman med lærarane heilt sentral for å få det til.

Det hender at elevar med urette vert skulda for mobbing, då skal skulen sine undersøkingar avdekke dette.

Elevar mobbar ikkje fordi dei er vonde, eller ikkje kan skjerpe seg.

Janusansikta

Ein del barn og unge har to ansikt: Eit hyggeleg som ein viser foreldre, andre vaksne og vener; og eit anna, nådelaust, som ein viser dei eller den som vert plaga. Mange vaksne, også foreldre, kjenner berre den gode sida. Dei kan ikkje forstå at den kjekke jenta eller guten kan skade andre gjennom aggresjon og mobbing. Desse elevane rapporterer ofte høg proaktiv aggressivitet.

Når elevar nyttar aggresjon i form av mobbing, er det vanlegvis ikkje fordi han eller ho er sint. Det er ein strategi for oppnå noko utover sjølve handlinga. Elevar mobbar ikkje fordi dei er vonde, eller ikkje kan skjerpe seg. Dei gjer det fordi det er mogleg, og fordi det gir ein ønska gevinst. Mobbing gir kjensle av makt over offeret, og den gir tilhøyring når fleire går saman om å plage ein medelev. Karakteristisk for denne type aggresjon er at eleven som mobbar, sjølv tar initiativ og er pådrivar til den aggressive handlinga. Desse elevene kan vere hyggelege, men er i beredskap, og aggresjonen kjem fram under dei rette tilhøva.

Elevar som mobbar, droppar til døms oftare ut av skulen enn medelevar.

Dårlege utsikter

Det er likevel kanskje ikkje så opplagt å sjå elevar som mobbar, som nokon som treng hjelp. Likevel teiknar forsking eit dystert bilde for plagarane. Elevar som mobbar, droppar til dømes oftare ut av skulen enn medelevar. Dei viser i større grad symptom på depresjon og angst. Likeins har dei dårlegare relasjonar til medelevar enn elevar som ikkje mobbar. Plagarane er ikkje upopulære, men er populære først og fremst hos andre plagarar. Dette kan gjere det vanskelegare å slutte.

Oppsummert treng elevar som mobbar hjelp for sin eigen del, ikkje berre for offeret sin del.

Læraren treng gode relasjonar til barnet ditt for å vere i posisjon til å hjelpe han/henne til å slutte å mobbe.

Eit varsku

Ein ny studie tyder på at elevar som utset andre for mobbing, opplever dårlegare relasjonar til lærarane enn medelevane. Resultata viser at ein finn denne tendensen sjølv om ein tek omsyn til at relasjonen mellom lærarar og elevar kan vere ulik frå klasse til klasse. Vi har ikkje grunnlag for seie at lærarar behandlar elevar som utset andre for mobbing annleis enn andre elevar. Men desse elevane opplever ein svakare relasjon enn andre. Studien er del av CIESL-prosjektet, leia av Læringsmiljøsenteret og finansiert av Forskingsrådet.

Resultata er kanskje ikkje så uventa, men dei er av fleire grunnar likevel urovekkande. Først og fremst fordi læraren treng gode relasjonar til barnet ditt for å vere i posisjon til å hjelpe han/henne til å slutte å mobbe. Når elevane som utset andre for mobbing, opplever dårlegare relasjonar til lærarane enn medelevane, gjer dette at tiltak både retta mot den enkelte elev og mot klassa og skulen kan vere lite effektive. Å spele på lag med lærarane kan då vere ditt viktigaste bidrag.

Nokre elevar som mobbar, vert sjølv mobba.

Kva kan foreldre gjere?

Når skulen tek kontakt, kan det vere heilt avgjerande at ein får eit godt samarbeid. Be om eit møte med skulen der de legg ein felles strategi for å hjelpe barnet ditt. Ver heilt tydeleg overfor skulen at du vil samarbeide med dei om å få slutt på mobbinga fordi dette er det beste for alle involverte, ikkje minst barnet ditt. Be skulen om dokumentasjon om kva dei har gjort for å avdekke mobbinga, eller etterspør kva dei har tenkt å gjere for å kartlegge kompleksiteten i det som skjer.

Nokre elevar som mobbar, vert sjølv mobba. Denne gruppa har andre kjenneteikn og treng anna hjelp enn elevar som berre utset andre for mobbing. Be skulen involvere heile foreldregruppa så de vaksne kan stå saman om å hjelpe elevane til å få slutt på mobbinga og styrke miljøet i klassa.

Ta så ein prat med barnet ditt. Vis til at skulen har tatt kontakt, og at skulen og du/de som foreldre er samde om at de skal hjelpe med å få slutt på mobbinga. Gjer det klart for barnet eller ungdomen at det er det han/ho gjer som er uakseptabelt, ikkje han eller ho i seg sjølv, og at mobbinga må ta slutt. Når mobbing skjer, er det åtferda vi vil til livs, ikkje eleven.

Mobbing er ikkje alltid om nokon andre sitt barn. Mange foreldre kan ikkje akseptere at barnet deira utset andre for mobbing, sjølv ikkje når dokumentasjonen er klar og tydeleg. Å avfeie mobbing kan vere det verste du gjer for barnet ditt.

Publisert: