Kampen mellom løgn og sanning i krig er den same no som før

DEBATT: «Gjentek du ei lygn mange gonger nok, vil folk til slutt tru på henne,» skal Hitlers propagandaminister Goebbels ha sagt. Hans metode synest å vera gjeldande også i dag.

Under ein fangetransport til Kristiansand kretsfengsel, ville ein av offiserane som var med, vita kva han mislikte med Tyskland. «Dei har ikkje det frie ord,» svara Seland. «Er det alt?» «Det er alt!»
  • Ingvar Olimstad
    Suldalsosen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Når ein ser korleis Putin og Lavrov og dei andre russiske leiarane og dei kontrollerte russiske media lyg for det russiske folket og for heile verda, skjønnar ein også det gamle ordet om at i krig er sanninga det første offeret.

I desse dagane kjem biletet av morfar min, Ingvald Seland, fram. Han var i over 50 år eigar og redaktør av bladet «Agder» i Flekkefjord. Våren 1940 var «Agder» krydra med små notisar og korte leiarartiklar med kvass brodd mot okkupasjonsmakta og quislingane. Redaktøren nekta konsekvent å ta inn tyske propagandaartiklar i bladet. For dette blei han kalla inn til mange harde forhøyr og måtte sona korte fengselsopphald.

Det frie ord trumfa alt

Under ein fangetransport til Kristiansand kretsfengsel, ville ein av offiserane som var med, vita kva han mislikte med Tyskland. «Dei har ikkje det frie ord,» svara Seland. «Er det alt?» «Det er alt!» For han var det klart: Utan det frie ord kunne ikkje eit demokrati eksistera. Utan det frie ord ville sanninga bli eit offer. Lygna ville få makta.

Men innkallingane til forhøyr kom hyppigare og trugsmåla blei hardare. Han blei truga med å bli sendt i konsentrasjonsleir, fekk kniven på strupen og måtte til slutt gå med på å trykka artikkelen «Dagsbefaling frå der Fürher». Den dagen skreiv Seland leiarartikkelen på førstesida. Leiaren bar tittelen «Løyndomen»:

Når ein mann lyg, og veit at han lyg, og veit at dei som han lyg for, veit at han lyg, og han endå held fram med lygnene, då hev mannen visseleg djevelen til far og vil helst gjera det han hugsast; for han var ein mannsdrepar frå fyrste tid, og det finst ikkje sanning i han.

Det siste avsnittet er eit bibelsitat, Joh. 8,44. Dette var 17. juni 1940. Ingen av lesarane var i tvil om kven lygnaren var. Johanna Hjort i Drammen, som gav ut kalenderen «Årets dagar», tok vare på leiarartikkelen og brukte den på Hitler sin fødselsdag 26. april 1943. Ho fekk bot og eit fengselsopphald, men kalenderen blei utseld før tyskarane fekk stansa salet. Året etter kom det ingen ny kalender, det var det sett bom for.

Avisa stoppa

I veka etter at «Løyndomen» stod på trykk, blei Seland innkalla til fleire forhøyr i Flekkefjord. Han måtte også ta turen til Oslo for å stå til rette. 28, juni var han og sonen, Gudmund, innkalla til ortskommandanten i Flekkefjord, rittmeister Kurzai. Dei fekk eit klart ultimatum: Anten måtte dei lova å ta inn tyske propagandaartiklar og skriva redaksjonelt mot kong Haakon og riksstyret i London, eller dei måtte innan klokka fire same dagen melda frå til Der Reichkommissar om at bladet stogga. Ingvald Seland svara straks: «Då lyt Agder stogga.» Same dagen skreiv redaktøren ein leiar der han tok farvel med lesarane, men lova å koma igjen. Bladet låg så nede i mest fem år, til 16. mai 1945.

Det er den same kampen som føregår i dag. Det er kampen for det frie ordet, for sanninga, for demokratiet, ja, vi kan seia: Det er kampen for det frie Europa. I dag fører Ukraina den kampen for oss alle. Vi må ikkje la lygna vinna. Vi må ikkje ofra sanninga. Gud hjelpe oss om Ukraina skulle tapa den kampen. Landet treng all den støtta eit fritt Norge og eit fritt Europa er i stand til å gje.

Han blei truga med å bli sendt i konsentrasjonsleir, fekk kniven på strupen og måtte til slutt gå med på å trykka artikkelen «Dagsbefaling frå der Fürher». Den dagen skreiv Seland leiarartikkelen på førstesida. Leiaren bar tittelen «Løyndomen»
Publisert: