Ei von i aust

GJESTEKOMMENTAR: Før helga fekk Moldova offisielt ei ny regjering. Det er ikkje sikkert du har høyrt det. Men det er gode nyhende.

Moldovas nye statsminister, Natalia Gavriliţa

Debattinnlegg

  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

Moldova ligg i eit hjørne av Europa som ganske sjeldan får noko særleg med merksemd i norske media, skvist inn mellom Romania og Ukraina. Det er Europas fattigaste land, eit land som stadig ber med seg ein heil del av arva frå sovjettida, då Moldova vart sett på som Sovjetunionen sin frukt- og grønsakshage.

Tre tiår med turbulens

Om nokre veker har landet vore uavhengig i tre tiår, og som i fleire andre tidlegare sovjetstatar har det vore tre heller turbulente slike. Berre kort tid etter sjølvstendet reiv regionen Transnistria seg laus frå Moldova. Etter ein kortvarig krig i 1992 har dei i røynda fungert som ein sjølvstendig stat. Moldova sjølv har også vorte slite mellom Russland og Europa, og moldovisk politikk har ofte vore prega av denne konflikten, og også ofte prega av korrupsjon og skandaler.

Så ille har det vore at ein del har omtalt Moldova som eit kleptokrati, eit land styrt av tjuvar.

Sommaren 2019 gjekk landet gjennom noko av ei konstitusjonell krise, som endte med ein koalisjon mellom proeuropeiske krefter og det prorussiske sosialistpartiet. Dei fann saman i motstand mot den mektige oligarken Vladimir Plahotniuc og hans påstått sosialdemokratiske parti. Då vart proeuropeiske Maia Sandu statsminister. Regjeringa hennar fall etter nokre månadar, men i 2020 vart ho vald som president.

No har partiet hennar – PAS, eller Partiet for handling og solidaritet – også teke kontrollen i parlamentet, etter ein stor valsiger tidlegare i sommar. Den nye regjeringa vert leia av økonomiutdanna Natalia Gavriliţa, Sandu sin tidlegare finansminister.

Gode nyhende og utfordringar

Dette er gode nyhende for Moldova, fordi det teiknar til at viktige reformar endeleg kan koma, ikkje minst i kampen mot korrupsjon, men også for å byggja ein stat som fungerer betre.

Samstundes står utfordringane i kø for både president Sandu og den nye regjeringa. For det fyrste er Moldova i ei demografisk krise, fordi mange av landets innbyggjarar rett og slett søkjer lukka andre stader, både i EU og i Russland. I løpet av dei siste tretti åra har faktisk nær ein tredjepart av moldovarane forlate landet, og folketalet har minka med halvannan million. I dag bur det i underkant av tre millionar i Moldova, når ein også tel med Transnistria.

For det andre er nettopp denne utbrytarstaten ei utfordring. Transnistria har inga internasjonal anerkjenning som stat, men i røynda har dei russisk støtte, og er også djupt avhengige av Russland. Fleire tusen russiske soldatar er utplasserte i Transnistria som «fredsbevarande styrker». Ei snarleg løysing på den frosne konflikten aust i Moldova er lite sannsynleg, og Russland kan koma til å bruka Transnistria som brekkstang, særleg om dei meiner Sandu og Gavriliţa vender seg for mykje i retning Europa. Moldova er ikkje Sovjet sin frukthage lenger, men i Moskva ser dei nok stadig på landet som ein del av sin bakgard.

For det tredje vil neppe kampen mot korrupsjon gå føre seg utan friksjon. Som analytikaren Vadim Pristrinciuc seier i eit intervju med RFE/RL har den nye regjeringa dårleg tid: «Dersom dei ikkje slår hardt til mot det kleptokratiske systemet i løpet av dei fyrste seks månadane, dersom dei ikkje slår det knockout, vil ikkje dette systemet bli øydelagt».

For det fjerde er økonomien sjølvsagt ei utfordring, og eit område der det kan verta vanskeleg for den nye regjeringa å manøvrera godt.

Den rumenske analytikaren Iulian Chifu uttrykker likevel betydeleg optimisme i avisa Adevărul, sjølv om han minner om at nokre av dei ambisiøse måla til Sandu heller ikkje er oppnådde i EU-landet Romania, og sjølv om han meiner andre vil krevja to presidentperiodar å få til.

Gode nyhende for Europa?

Chifu meiner også at endringar i Moldova kan koma til å tena som ein inspirasjon i andre postsovjetiske statar, for Ukraina og for Georgia, men også for Armenia og Aserbajdsjan, for kviterussarar og til sjuande og sist også i Russland.

«Det er ein sti som er verdt å følgja», skriv han, dersom ein ved enden av den kan finna fridom, framgang og respekt for menneskerettar, og «dersom republikken Moldova lukkast, kan alle i den postsovjetiske landskapen lukkast».

Ein slik optimisme på Moldova sine vegner kan lett vera overdriven, og det er mange skjer i sjøen. Men Chifu har eit poeng når han seier at utkomet i Moldova kan vera vel så viktig for Romania, for EU og for «den demokratiske verda» som det er for den vesle staten sjølv. Difor er det gode nyhende at Moldova har fått ei ny regjering. Og difor er Moldova også eit land det kan vera interessant å følgja med på frametter, sjølv om det ligg i ein del av Europa som ikkje når så mange norske avisoverskrifter.

Publisert:
  1. Moldova
  2. Korrupsjon
  3. Russland
  4. Gjestekommentar
  5. Øyvind Strømmen

Mest lest akkurat nå

  1. Treneren etter Vikings første seriemedaljer på 14 år: - Vi hadde noe å bevise

  2. Viking-børsen: «Helt avgjørende for at medaljen er sikret»

  3. Kristian er 39 år, men har over 20 år bak seg i festival- og eventbransjen. Dette er hans nye prosjekt

  4. Fauci om omikronvarianten: Oppmuntrende funn om alvorlighetsgraden

  5. – Vi sitter her og fryser. Politikerne har ikke bakkekontakt

  6. Knut Arild Hareide flytter til Rogaland