Vår kystkultur i fritt fall

DEBATT: Snart set nokre få reiarar med all fisken; strukturert bort til eit fåtal fiskarar. Dette er historias største ran som har føregått i langsam kino på høglys dag.

«Det er innlysande at Staten bør ha styringa med norske fiskeressursar, – og så låna kvotane ut gratis – som eit drosjeløyve blir utlånt», skriv Knut Vadla. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Knut Vadla
    Hjelmeland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det blir mest dagleg fokusert på ulike former for kriminalitet i våre fiskeri. Mens den verkeleg store kriminaliteten i norske fiskeri var då trålreiarane tiltok seg å selja dei store kvotane dei hadde (fått) til låns av staten.

Stengjer ute kapitallaus ungdom

Dette har medført at dei urettmessig har tilrana seg verdien av svære kvotar, og såleis berika seg av fellesskapets ressursar, og gjort fiskaryrket til ei kapitalkrevjande næring, som krev millioninvesteringar i kvotekjøp, som stengjer all kapitallaus ungdom frå å ernæra seg av fiske frå eigen småbåt eller sjark.

Dette blir ikkje nemnt med eit ord i debatten. Det blir såleis ein floskel når Stortinget seier at fisken er folkets eigedom. Den frie retten til fisken i havet
blir teken frå deg og meg. Og det er sjølvsagt det norske folk, du og eg, som kjøper fisk, som er med og betalar det kvotane kostar. Kven skulle det elles vera? for desse pengane dalar då ikkje ned frå oven.

Den frie retten til fisken i havet blir teken frå deg og meg. Heile vår kystkultur er i fritt fall. Folketalet i våre tre nordlegaste fylke er i nedgong. Snart set nokre få reiarar med all fisken; strukturert bort til eit fåtal fiskarar. Dette er historias største ran som har føregått i langsa kino på høglys dag.

Det er innlysande at Staten bør ha styringa med norske fiskeressursar, – og så låna kvotane ut gratis – som eit drosjeløyve blir utlånt. Betre kan ikkje fiskeressursane
forvaltast for det norske folk. Storparten av fisken bør tildelast og tas av kystfiskeflåten.

Lite miljøvennleg

Trål er eit rovfiske, og det er ein kollosalt dyr og lite miljøvennleg måte å fanga fisk på. Når våre styresmakter har forsømt styringa av havets fiskeressursar, og slept det dit det er i dag, er det ingen annan veg tilbake enn å løysa inn kvotane med pengar frå Oljefondet, og starta ny forvaltning av fiskeressursane.

Det vil kosta, men lite i forhold til å la fylgjene av ranet liggja til grunn for styringa av norske fiskeri i all framtid.

På vegne av folket krev eg fiskeressursane tilbakeført til det norske folk.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  2. Politiet frigir navn på de fem omkomne i hyttebrannen i Andøy

  3. Lastebil har veltet i Sandnes - føreren er nå ute

  4. Han fikk ALS: – Jeg blir levende begravet i min egen kropp

  5. NÅ: Regjeringen holder pressekonferanse om koronasituasjonen

  6. Bilselger til­talt for å ha svindlet over 40 privat­personer, egen arbeids­giver og flere bedrifter