Kyrkja politiserast

DEBATT: Aftenbladet har rett i sin leiar 2. september! Kyrkja er i ferd med å politiserast.

Publisert: Publisert:

«Eg vågar påstå at partiorganisasjonar tenderer å fylgje eigne interesser, logikkar og mål. Det å ivareta einskap og heilskap har ikkje førsteprioritet», skriv Svein Ingve Nødland. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Svein Ingve Nødland
    Nr. 13 på Nominasjonskomiteens liste
Les også

Leder: Et politisert kirkevalg

Slagordsprega retorikk, skryt av eige parti/listes fortreffelegheit og lite merksemd på korleis framtidige utfordringar i Den norske kyrkja (Kyrkja) konkret skal løysast, pregar valdebatten. I Oslo og Bergen legg politiske parti seg opp i kva liste folk bør stemme på. Respekten for at ein no har skilt stat og Kyrkje glimrar ved sitt fråvær!

Forankring på grunnplanet

To organisasjonar med partipreg og program, Bønnelista og Åpen folkekirke, stiller med lister for val til bispedømmeråd og kyrkjemøte. Det tredje alternativet, nominasjonskomiteens liste, er ikkje eit parti. Kandidatane på denne lista har si forankring på grunnplanet i Kyrkja, ved at dei er fremja som kandidatar i dei lokale menighetsråda og av ungdomsrådet i bispedømet. Denne lista representerer erfaring, innsikt og kompetanse frå den lokale kyrkja. Personane står for eit mangfald av oppfatningar, som i folkekyrkja elles. Kva den einskilde personen vil prioritere særskilt framgår av eiga nettside.

Kyrkjepolitiske parti har kome for å bli. Det er ein risiko for at i framtida vil bare slike parti delta ved val. Forslag om å kutte ut nominasjonskomiteens liste i bispedøme der det var minst to andre lister, var oppe på Kyrkjemøtet i 2018. Forslaget falt mot eit knapt fleirtal. Det vil med stort sannsyn komme opp på ny i neste periode. Skulle det bli vedtatt, vil ikkje lenger basiseininga i Kyrkja, soknet ved menighetsrådet, bli representert i Kyrkjas overordna organ. Skulle nominasjonkomitelistene falle ut, så er ein kanskje alt ved neste kyrkjeval over i den politiserte Kyrkja!

«Uløyselege» konfliktar oppstår

Av to grunnar ser eg ei fullstendig politisert kyrkje der bare kyrkjelege parti deltek, som eit stort problem. For det første, folkekyrkja er primært lokal. Sentrale mål på deltaking og aktivitet går nedover, så som medlemstal, gudstenestedeltaking, dåpstal og tal på konfirmantar. Utfordringa med redusert oppslutning må først og fremst møtast lokalt. Dette skjer ved løysingsorientert samarbeid mellom dei som gjer jobben: menighetsråd, prest, andre personar med leiaransvar, engasjerte medlemmer og frivillige. Eit partidominert kyrkjeleg rådshierarki, prega av partiprogram og partielitar, men utan representantar frå den lokale kyrkja, vil i sine avgjersler lett få for stor avstand til problema slikt dei opplevast «på kroppen» i den lokale kyrkja. For det andre, einskapen i Kyrkja er eit grunnleggande trekk ved Kyrkjas vesen, slik dette er uttrykt i Bibelen og Kyrkjas vedkjenningsskrifter. Eg vågar påstå at partiorganisasjonar tenderer å fylgje eigne interesser, logikkar og mål. Det å ivareta einskap og heilskap har ikkje førsteprioritet. Nominasjonskomiteens liste, forankra i det kyrkjelege mangfald på grunnplanet, blir dersom «uløyselege» konfliktar oppstår, slik sett ei mogeleg sikring for å søke løysingar på tvers der slike måtte finnast.

Publisert:

Les også

  1. Kirkevalget er i ferd med å bli politisert også i Norge

  2. – Bør biskopene velges ved direkte valg? Bør de miste arbeidsgiveransvaret?

  3. – Kan tro måles i meter?

  4. – Er fire meter høyt nok, Åpen folkekirke?

  5. – Hva en tror på er viktigere enn hvor sterk troen er

  1. Debatt
  2. Åpen folkekirke
  3. Kyrkjevalet
  4. Bønnelista