Statped prøver ut eit lågterskeltilbod

DEBATT: Nytt skule- og barnehageår er eit godt tidspunkt for laget rundt barnet til å ha søkelys på tidleg innsats heilt frå starten av.

– I Statped ser vi fram til at regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule hausten 2019, skriv regiondirektør i Statped vest Gerd Ingunn Opdal.

Debattinnlegg

  • Gerd Ingunn Opdal
    Gerd Ingunn Opdal
    Regiondirektør, Statped vest
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Statped vest har eit lågterskeltilbod der kommunar og fylkeskommunar kan få rask tilgang til kompetanse som bidreg til auka læring hjå barnet.

Har barn og ungdom behov for tilretteleggjing i læringssituasjonen, er det viktig å kome i gang raskt. Statped arbeider for at prinsippa førebyggjande arbeid og tidleg innsats er inkludert i opplæringsløpet. Vi prøver ut eit lågterskeltilbod, som skal gje riktig hjelp når behovet er der.

Les også

Tidlig innsats - en tom floskel?

Lågterskeltilbodet:

  • Fagleg drøfting i anonyme saker.
  • Sakene er anonyme, Statped veit ikkje kva barn eller ungdom det gjeld.
  • Tilbodet har pedagogisk/spesialpedagogisk fokus og legg vekt på mogelege tiltak, tilretteleggjing og inkludering.
  • Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og Statped kan avtale eit møte kort tid etter førespurnad.
  • I praksis bidreg tilbodet til at ambisjonane om tidleg innsats blir verkeleg for fleire.
  • Teknologiske løysingar, som til dømes videomøte, gjer at vi når ut til samarbeidspartane raskare.

Satsing frå regjeringa

I Statped ser vi fram til at regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule hausten 2019. Meldinga er eit resultat av arbeidet til eit regjeringsoppnemnt ekspertutval. Det har konkludert med at det er for mange barn og unge i opplæring som ikkje får riktig hjelp når dei treng det.

I mellomtida kan både barn, unge og tilsette glede seg til barnehage- og skulestart i august. Med Statped vest sitt lågterskeltilbod vil vi leggje til rette for samarbeid og eit godt og inkluderande læringsmiljø for alle.

Les også

  1. En skole å glede seg til

  2. Utdanningsdirektøren slår alarm: For dårleg tilbod til elevar som treng ekstra hjelp

  3. Barn med spesielle behov har også rettigheter

Publisert:
  1. Barn og unge
  2. Barnehage
  3. Skolepolitikk
  4. Barnehageforskning

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet gjorde alkoholfunn i konteiner: Butikksjef erkjenner salg av smuglerøl og -sprit

  2. Jakob Ingebrigtsens nye naboer på Lura synes huset hans blir for svært

  3. Nå kan dette ikoniske huset i Oslo bli fredet - rett før salg

  4. Forslag om stor gassterminal på Talgje

  5. Politiet advarer mot svindel-mail: - Ikke svar og blokker avsender

  6. Etter «vaksine-brevet» begynte Heart å føle press. Nå melder hun seg ut av MDG