Sp vil ha like satsar for el- og fossilbilar i Ryfast

DEBATT: Stortinget har vedteke at elbilar ikkje skal betala meir enn 50 prosent takst av konvensjonelle bilar. Sp meiner at det likevel berre er eit tidsspørsmål før elbilane også må bidra på lik linje.

«Når bompengane gjennom Ryfast skal fastsettast, kan eit alternativ vere å innføra ein elbil-andel. Dersom elbilandelen kjem over ein viss prosentandel, så kan bompengeselskapet vurdera lik sats som for konvensjonelle kjøretøy», skriv Alf Henning Heggheim.

Debattinnlegg

  • Alf Henning Heggheim
    Alf Henning Heggheim
    Gruppeleiar, Senterpartiet i Strand
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Statens vegvesen har sendt på høyring nytt takst- og rabattsystem for Ryfast. Dette blei behandla i Kommunestyret 12.12. Sidan dette i høgaste grad angår våre innbyggarar som brukarar av Ryfast, meiner Senterpartiet det burde vere sjølvsagt at kommunen får uttala seg i den vidare prosessen. Det er ikkje gitt då det berre er råka kommunar som har stilt garantiansvar (fylkeskommunen og Stavanger) som i utgangspunktet får uttala seg.

Skjerma dagpendlarane

Takst- og rabattsystemet må gjera det «levelig» å bruka Ryfast. Det betyr ikkje langt frå dagens ferjetakstar. Senterpartiet er opptekne av å skjerma dagpendlarane med bil og næringstransport. Dess høgare bompengetakstane blir, dess mindre attraktivt blir det å bu og busetta seg i Ytre Ryfylke, og dess vanskeligare blir det å driva næring. Då treng me å sjå på både passeringstak og rabatt for personbil og næringstransport. Etter forslag frå Sp stemte fleirtalet i kommunestyret for å be Statens vegvesen vurdera fordelar og ulemper med rabatt på 20 prosent for næringstransport som alternativ til passeringstak.

Les også

Ryfast kan få maks-grense i bommen

Berre bygdelista støtta oss

Senterpartiet foreslo i tillegg å be Statens vegvesen vurdera effekten av at elbilar betaler samme takst som konvensjonelle kjøretøy. Dessverre fekk me berre støtte frå bygdelista. Fleirtalet i kommunestyret viser liten vilje til å få fakta på bordet, lukkar augo og vil ikkje sjå samanhengen og konsekvensen av realitetane. Dette sjølv om også Fylkestinget 11.12. i saka om eigarstruktur for Ryfast vedtok mot dei to stemmene til SV følgjande: «For nullutslippskjøretøy i takstgruppe 1 utredes to alternativ, med henholdsvis 50 prosent og 100 prosent takst for konvensjonelle kjøretøy etter rabatt». Ryfast er 92 prosent bompengefinansiert. Dess færre som bidrar til bompengane i Ryfast, dess høgare blir bompengetakstane, og dess større trafikklekkasje blir det til Høgsfjord ferja. At elbilar skal betale 50 prosent vil utvilsomt ha konsekvensar for bompengeinntektene i Ryfast. Omfanget av konsekvensane kjenner me ikkje. Det er det Sp ønskjer å få vurdert. Når bompengane gjennom Ryfast skal fastsettast, kan eit alternativ vere å innføra ein elbil-andel. Dersom elbilandelen kjem over ein viss prosentandel, så kan bompengeselskapet vurdera lik sats som for konvensjonelle kjøretøy.

Ingen ting hadde vore betre enn om staten kunne påtatt seg eit større ansvar for finansieringa av Ryfast.

Stortinget har vedteke at elbilar ikkje skal betala meir enn 50 prosent takst av konvensjonelle bilar. Senterpartiet meiner at det likevel berre er eit tidsspørsmål før elbilane også må bidra på lik linje. Me meiner det også er rett og rimelig så lenge staten ikkje bidreg meir i finansieringa. Det er flott at elbilar over langt tid har hatt gunstige bruksvilkår. Det har stimulert til teknologiutvikling og auka elbil-andel. Men, om staten ikkje bidreg meir, så er tida no komen til at elbilar må bidra på lik linje med konvensjonelle bilar. Dei gunstige ordningane for kjøp av elbil bør oppretthaldast for å sikre overgangen mot ein meir miljøvenleg bilpark.

Aukar usikkerheita

Ingen ting hadde vore betre enn om staten kunne påtatt seg eit større ansvar for finansieringa av Ryfast. I staden for blir det gjort vedtak som aukar usikkerheita i finansieringa av prosjektet. Det er nok å nemna kommunereforma der ein legg til rette for privat ferjedrift over Høgsfjorden, sjølv om det var ein klar føresetnad at både Tau- og Høgsfjord-sambandet skulle leggast ned. I tillegg legg ein opp til at fleire skal få reduserte bompengar. Senterpartiet er sjølvsagt glad for dette, men poenget vårt er at det har konsekvensar i forhold til finansieringa av Ryfast med høgare bomtakstar og forlenga nedbetalingstid.

Les også

  1. Maks-regel kan hindre 92.000 i bomutgifter i Ryfast

  2. Nå får elbiler halv pris på alle ferjer i fylket

  3. Ryfast-prosjektet blir utstyrt med 104 radarer

Publisert:
  1. Debatt
  2. Elbil
  3. Statens vegvesen
  4. Ryfast

Mest lest akkurat nå

  1. Forsker Gunnveig Grødeland: – Omikron kan være veien ut av pandemien

  2. Strammer inn tirsdag: – Det blir tiltak vi vil merke i hverdagen vår

  3. Frykter du ny korona­bølge? Nå kommer FHI med glad­nyhet

  4. Viking klar for Europa: 30 millioner ligger i potten

  5. Bør uvaksinerte nektes hjelp om de blir syke?

  6. Regjeringen framskynder tredje dose for alle over 45