Kor mykje bidrar sjømatindustrien med?

DEBATT: Inger-Marie Sperre er styreleiar i Sjømat Norge, og bør vera ein av dei som kan fortelja kor mykje av overskotet sjømatindustrien betalte inn i skattar i fjor.

«Lukka anlegg ville vore ein metode til å førebyggja naturforureinsinga og lakselus-plaga. Men ei slik omlegging ser ikkje dei fleste oppdrettarane seg råd til», skriv Tore Thorsen. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Tore Thorsen
    Jelsa
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det vil bli vanskeleg å halda oppe velferdsordningane våre i framtida, skriv Inger-Marie Sperre i Aftenbladet 2. mai. Ho meiner at sjømatindustrien er den næringa som er i posisjon til å tryggja velferdsstaten. Det går fram av innlegget at føresetnaden for dette er «eit blått taktskifte» – at næringa kan få grønt lys til å veksa vidare.

Svære summar i utbytte

Men alt nå har næringa økonomisk ryggrad til å yta eit solid tilskot til det offentlege, og dermed til velferdsstaten. Aksjeeigarane i oppdrettsindustrien tok ut svært store summar i utbytte i fjor. 42 milliardar kroner er det talet eg har sett. (Dersom nokon lurer på kor mykje pengar dette er, så kan dei prøva å rekna på kor mange minutt det har gått frå Kristi fødsel og til nå. Då vil dei komma til sirka ein milliard.)

Inger-Marie Sperre er styreleiar i Sjømat Norge, og bør vera ein av dei som kan fortelja kor mykje av overskotet sjømatindustrien betalte inn i skattar i fjor. Eg spør fordi eg ikkje veit det. Men eg spør også fordi den største aksjeeigaren er John Fredriksen, ein mann som bur på Kypros og i London og ikkje betaler skatt til Norge i det heile tatt. Eg spør også fordi oppdrettsselskapa nesten ikkje betaler arealavgift til vertskommunen for dei mærane dei har liggjande inne i fjordane og langs kysten.

Sperre brukar plussord som berekraftig verdiskaping og berekraftig forvaltning. Men det målet kan ein førebels sjå langt etter, ifylgje uavhengige forskarar. Lukka anlegg ville vore ein metode til å førebyggja naturforureininga og lakselus-plaga. Men ei slik omlegging ser ikkje dei fleste oppdrettarane seg råd til.

Får styra seg sjølv

Desse spørsmåla burde også stillast til dei politiske styresmaktene, det er eg einig i. For når ei næring veks seg så stor og mektig som i dette tilfelle, så kvir politikarane seg for å skattleggja og regulera den for sterkt. Resultatet er at næringa i stor grad får styra seg sjølv. Slik ser det ut frå utsida.

Les også

  1. Sjømat er ein del av løysinga

  2. Fiskeslam fra oppdrettsanlegg blir til gjødsel

  3. Tror fisk og havbruk er viktigere enn oljå om 30 år

  4. Universitet utan ein tråd

  5. Lakseforskning på Ims i Sandnes bidrar til å redde villaksen

  6. Solfrid Lerbrekk og Hallgeir Langeland, SV: «Nå treng me politikarar som er heilt tydelege på at nå skal laksen i fjøs»

  7. Hans Inge Algrøy, Norsk Sjømat: «God miljøtilstand ved oppdrettsanlegga, Solfrid Lebrekk og Hallgeir Langeland tar feil»

  8. Trine Danielsen, Høyre og Blueplanet: «Å flytte all lakseproduksjon på land er en dårlig idé»

  9. Hallgeir Langeland (SV): Lukka anlegg og sitatjuks frå Høgre

  10. Tore Torsen: «Ingen kritikk av oppdrettsnæringa, takk!»

  11. Naturvernforbundet: «Vanvittige påstander og usannheter fra Blueplanet»

  12. Jeanette Jacobsen: «Tendensiøst med usannheter og unnlatelser fra oppdrettsnæringen»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Sjømat
  3. John Fredriksen
  4. Lakselus
  5. Utbytte

Mest lest akkurat nå

  1. Under landslagets frokost tok treneren Thorstvedt til side. Han fryktet det verste. Så kom meldingen som sjokkerte 22-åringen.

  2. Åtte smittet på skip i Stavanger

  3. Fant sovende mann på stuegolvet

  4. Glatte veier i Sirdal - tre biler involvert i ulykke

  5. Smitte ved videregående skole

  6. Begge sjåførene fortsatt på sykehus