Aktive utbyggarar, matte innbyggarar

DEBATT: Epilog for Bratteberggata 16.

Tomannsboligen frå 1858 i Bratteberggata 16 skal nå byggast om.

Debattinnlegg

  • Sigmund Trageton
    Nabo
Publisert: Publisert:

Eg fekk ein fin brosjyre frå Stavanger kommune for nokre veker sidan om kor viktig det var å ta vare på trehusbyen i Stavanger. Samtidig ser eg ein container på andre sida av gata. No er sentrumsekspressen komen, og her skal ein rive og bygge om for endeleg å få på plass det byen treng mest … Ein ny kafé.

Eit Håp

Eg skreiv i vår om Pedersgata si utvikling og korleis det var eit demokratisk problem at ein mann (Pedersgata Utvikiling AS) åleine bestemte utviklinga i gata vår. Me mobiliserte, skreiv lesarbrev, underskriftskampanje, ringde politikarar, fekk støtte av byantikvar og til slutt fekk me gjennomslag, trudde me.

I septembermøte til Utval for by- og samfunnsutvikling gjekk eit knapt fleirtal inn for å stoppa planane om å bygge om den verna tomannsboligen på hjørnet mellom Pedersgata og Bratteberggata. Endeleg seira fornufta tenkte eg, både sett frå eit verneperspektiv og med omsyn til bebuarane.

Utbyggar klaga sjølvsagt på vedtaket og kom med reviderte teikningar, og etter at eit stort vindauge var bytta ut med to små, gjekk klagen gjennom utan motstemmer. Merkeleg, tenkjer du kanskje, men eg skal prøve å forklare byråkratiets uransakelege vegar.

Les også

Sentrum som et ekspress­tog mot Stavanger øst

Sentrumsplan

Det heile starta med eit ord; aktive førsteetasjar, som er nemnt heile 24 gonger i den nye Sentrumsplanen. Til samanlikning er ordet «beboar» eller «beboarmedverknad» nemnt 0 gonger.

I avsnittet om Pedersgata er ikkje omgrepet aktive førsteetasjar brukt, her snakkar ein derimot om identitet og autentisitet. Men på slutten av planen er det eit kart som viser gater med aktive førsteetasjar, og her er heile Pedersgata med. Dette kunne jo ikkje passa betre for ein aktiv utbyggar. Alle husa kan jo byggast om!

Om eg er sur? Nei da, eg er berre veldig, veldig matt.

Forretningsplan

Ideen er like genial som den er enkel. Kjøp opp gamle hus med ein bakgård som kan nyttast til å byggje ut. Normalt er dette svært strengt, og noko ein sjeldan får lov til innanfor den verna trehusbebyggelsen. Men når ein kan vise til Sentrumsplanen og aktive førsteetasjar, får ein lett dispensasjon frå eksisterande reguleringsplan. Grav ut kjellar, løft gjerne huset ein meter. Pass på å seksjonere 2. etasje slik at du får enda meir igjen for utleige i tillegg til næringa i 1. etasje. Prøv og få plass til eit «infill hus» der det går. Blir det for mange protestar, kan ein berre sende inn eit nytt tilarbeida forslag og til slutt får ein gjennomslag.

Verneplan

Vern handlar ikkje berre om fasadar som føres tilbake til original utsjånad. Vern som er langsiktig, heng saman med bebuarkvalitet. Det at ein har folk som blir glad i husa sine og i nabolaget sitt. Det får ein ikkje med aktive førsteetasjar, seksjonerte andreetasjar og den lengste utleiegata i Stavanger. Det blir nesten tragikomisk å lese utbyggar sine argument om den nye vinbaren som skal kome i Pedersgata 59.

«Bruksendringen styrker gaten som bygate og byrom, og sikrer en økt opplevd trygghet på kveldstid ved endring fra små boligvinduer til butikkvinduer som gir mer lys og aktivitet.» (Frå søknad om bruksendring).

Min opplevde trygghet er større når eg kan slå av ein prat med nabo Carlos på den nyrestaurerte trappa hans.

Autentisitet og identitet

«Tipping point» er eit mykje brukt uttrykk for tida, og eg meiner me raskt er i ferd med å nå eit slikt punkt for identitet og autentisitet i Pedersgata.

Derfor har eg lyst til å avslutte med det byantikvaren skriv om den unike tomannsboligen i Brattteberggata 16.

«Ønsket om publikumsrettede fasadar mot Pedersgata må veies opp mot reguleringsplanens verneformål, altså ønsket om å bevare de historiske trehusene i området. Bevaring kan ha mange former, og noen ganger er bevaring av selve bybildet det beste man får til. Men der det er mulig, må alltid bevaring av selve substansen i bygningene være målet, ellers ender vi med en kulisseby».

No er det berre å stålsetta seg for planane som kjem for Pedersgata 58, Pedersgata 59, Pedersgata 61A, Pedersgata 65 og Pedersgata 67. Om eg er sur? Nei da, eg er berre veldig, veldig matt.

Les også

  1. Byutvikling på dispensasjon i «Ohms gate»

  2. – Pedersgata kan miste si sjel

  3. Ønsker å legge til rette for serveringssted og ny bolig i Pedersgata – kommunen sier nei

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Melder om snø i etter­middag

  2. Falt fra tak på bolighus

  3. Det skal godt gjøres å se at dette er et nytt bank­bygg

  4. Analytiker venter sky­høye kraft­priser hele vin­teren

  5. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben

  6. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over