Kunnskap kostar

DEBATT: Norsk Lektorlag er i streik før høgare løn. Høveleg løn er viktig for lærarar og lektorar, men det er nok endå viktigare for dei unge i skulen.

«Ein må gjerne skulda ein fagorganisasjon for å mele si eiga kake, men streiken til Norsk Lektorlag er eit symptom på eit større samfunnsproblem», skriv Helge Kristoffersen.

Debattinnlegg

  • Helge Kristoffersen
    Helge Kristoffersen
    Hovedtillitsvalgt i Norsk Lektorlag, Sandnes kommune
Publisert: Publisert:
  • Aftenbladet beklager at dette innlegget kom på.
    Streiken ble avsluttet fredag ettermiddag (11.4.).

For om løna er for dårleg. er vegen ut av klasserommet kort. Respons analyse har funne at om lag halvparten av lærarane og lektorane har søkt eller har vurdert å søka arbeid utanfor skulen dei siste to åra. Det er eit faktum som gjer streiken viktig for langt fleire enn medlemmane i norsk lektorlag.

Allereie er det slik at om lag 10 prosent av alle som jobbar i lærarstillingar ikkje har pedagogisk utdanning i det heile. Tala er langt høgare i distrikta og på fagskular. I tillegg er det slik at berre halvparten av engelsklærarane har den utdanninga som krevst for å undervise i faget, og ein gjennomsnittleg matematikklærar har berre studert faget sitt i litt over eit halvår.

Kan ein byggja landet om ein ikkje prioriterer ressursar til skulen?

I fag som mat og helse, musikk og kunst og handverk er det eit mindretal av lærarane som har studiepoeng i det heile. Kan det tenkjast at ikkje alle norske born får tilstrekkeleg opplæring?

Les også

Tvungen lønnsnemnd mellom KS og Unio - streiken avsluttet

Byggjast på kunnskap

Vikingane skreiv i hovamål at landet skulle byggjast på kunnskap. Det er ikkje mindre viktig i 2021. Samfunnet er i stadig raskare endring. Vår tid krev ein god skule. Då må nokre av dei beste hovuda via livet sitt til opplæring av neste generasjon. Men kvifor skal dei gjere det når ein i skulen ikkje heng med i lønnsutviklinga? Gjennomsnittsløna i Noreg er 48.750, og det er berre lektorar i vidaregåande skule som tener marginalt meir enn dette. Grunnskulelærar si månadsløn er 3000 lågare enn gjennomsnittet.

Kan ein byggja landet om ein ikkje prioriterer ressursar til skulen?
KS har som oppdrag å fremja norske kommunars interesser, og sjølvsagt skal dei då passa på at kostnadene ikkje vert for store. Eit av mandata er då å ikkje gje for store sentrale tillegg. Lærarløn er ein stor del av dei kommunale budsjetta. Men på den andre sida er den største kapitalen i landet vårt humankapitalen, verdien av kompetansen og arbeidet vårt.

Verdien av folka våre

Humankapitalen utgjer 75 prosent av nasjonalformuen, og er mykje høgare enn verdien av olja. Dei som spør om kva vi skal leve av etter olja, veit eigentleg at svaret er enkelt. Vi skal leve av det same som no, – verdien av folka våre. For sjølv om kunnskap kostar, er investeringar i kunnskap lønsamt. Er det ikkje dårleg kommuneøkonomi å spara der ein byggjer den viktigaste kapitalen?

Då arbeidsministeren greip inn med tvungen lønsnemnd vart det klart at løna til lærarar og lektorar skal fastsetjast i tråd med frontfaget i år også. Men er eksportindustrien vår tent med at det ikkje vert investert tilstrekkeleg i humankapital? Resultatet av at norsk skule tapar kampen om dei beste hovuda er mykje meir alvorleg enn ein brann i Fredrikstad. Tida er meir enn moden for at politikarar i KS, storting og regjering går saman om eit skikkeleg lønnsløft for lærarar og lektorar. Det må vere slutt på tida då partane skuldar på kvarandre. Dei må ikkje få lov til å skrive frå seg ansvaret når dei kjenner situasjonen i norsk skule.

Finna seg anna arbeid

Tillitsvalde i Norsk Lektorlag jobbar sjølvsagt mest for løn og arbeidsvilkår for medlemmane våre. Dei fleste av oss gler set til å gå attende til klasserommet for å møte elevane. Men og dette året er det nokre som vil sei at nok er nok, og finna seg anna arbeid. Det er ein stille marsj ut av klasserommet, og allereie har 20 prosent av dei som jobba i yrket i 2008 funne seg jobb andre stader.

Ein må gjerne skulda ein fagorganisasjon for å mele si eiga kake, men streiken til Norsk Lektorlag er eit symptom på eit større samfunnsproblem. Dette må politikarane våre tan inn over seg og me visa med røystesetelen til hausten. Kunnskap kostar, kunnskap er lønsamt.

Les også

  1. Kommunestreiken trappes opp – Unio tar ut 2158 nye medlemmer

Publisert:
  1. Debatt
  2. Utdanning

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av

  2. – Folk skal kunne spise som en konge med lue­sveis

  3. 21 smittetilfeller på Nord-Jæren, en Stavanger-skole på gult nivå

  4. Opptur for Jan (71) etter flosshatt-aksjon

  5. «17 nye spillere! Her må printeren ha gått varm!»

  6. Frustrert Fridjonsson ute i kulden: – Jeg er sint