Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

KVINNEROLLER: Det rålekre fotografiet av Tajik skal ikkje selje sminke eller klede, men lokke oss inn i ei bok som startar med 50 sider om kor viktig det er med fagforeiningsarbeid. I så måte er det feminiserte og seksualiserte portrettet sterkt malplassert.

Bildet av Tajik er ikkje i seg sjølv problematisk, men truverda til den politiske forteljinga hadde vore større om ein ikkje hadde vurdert det som naudsynt å lokke lesarar inn med bilete som normalt vert assosiert med lett vekebladlektyre.

Debattinnlegg

  • Karoline Holmboe Høibo
    Fakultetsdirektør, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Ikledd mjuk, djupgrøn velur, blonder over bar hud og høge tynne hæler set ho eit sensuelt forførande mørkt blikk i oss. Flatterande lyssett, med delikat sminke og nyføna hår kunne Hadia Tajik pryda både Vogue og Elle.

Dette omslaget skal lokke lesaren inn i ei politisk og personleg historie. Bildet vitnar om ei haldning om at kvinners meiningar ikkje er tilstrekkeleg interessante i seg sjølv. Eg meiner bildebruken øydelegg både for hennar politiske bodskap og for andre unge kvinners moglegheit til å virke politisk i framtida.

  • Les bokanmeldelsen: Hadia Tajik reflekterer klokt, opent og nysgjerrig om det meste. Bortsett frå krisa i Arbeidarpartiet.

I Amerika må dei føne håret

Gro Harlem Brundtland trong ikkje by på eigen kropp for å bli lagt merke til, men noko tyder på at vi nå har tatt eit steg tilbake.

I dokumentaren om Hillary Clinton fortel Clinton om korleis utsjånaden hennar var avgjerande, ikkje berre for hennar suksess, men og for mannen. Ho måtte skifte ut briller med linser, og føne håret i store bølgjer for ikkje å øydelegge for mannen sitt politiske liv. Dette såg vi og tydeleg då Michelle Obama kom med sin sjølvbiografi for nokre år sidan.

Michelle har alltid stått fram som ei sterk, flott og velkledd dame. Det burde ikkje vere naudsynt å pynte meir på ho. Men på portrettet som pryder omslaget av «Min historie», har fotografen plassert ein bar skulder drapert i kvit sateng midt i det gylne snitt på omslagsbiletet, slik at skuldra og den nakne huda er det første vi legg merke til når vi ser på bildet. Dernest leier komposisjonen av bildet oss opp til nokre lange velstelte fingre og negler, før vi landar på eit stort smil. Det seier noko om handlingsrommet til kvinnelege leiarar i Amerika når forlaga meiner dei må ty til flørtande blikk og sensuelle fakter for å selje den politiske bodskapen.

Vi liker å tru at vi har kome lengre i likestillinga i Noreg enn i USA, og at kvinner i Norge kan forvente å bli høyrde ut frå like vilkår som menn. Gro Harlem Brundtland trong ikkje by på eigen kropp for å bli lagt merke til, men noko tyder på at vi nå har tatt eit steg tilbake.

Jonas i frakk, Hadia i blonder

Hadia kjem frå ei bygd nær der eg vaks opp, og har vore eit forbilde for mi eiga leiargjerning. Trygg, modig og tydeleg har ho markerte seg tidleg i den politiske debatten. Med eit skråblikk på bygdedyret, norsk kultur og innvandrarkultur har eg tenkt at ho har bana veg for eit større mangfald i leiande posisjonar. Men Hadia må visst og føne håret for å selje bøker. I ein norsk politisk kontekst er bildet endå meir framandgjerande enn bildet av Michelle, fordi det trekker den norske bildediskursen mot den kroppsfikserte amerikanske.

Der tilsvarande bokomslag til bøker om politisk oppvakning hos Jonas Gahr Støre berre ber tekst, eller eit bilete av mannen i farta, tilsynelatande på veg frå eitt viktig politisk møte til eit anna, med frakk og skjerf knyta godt om halsen ein kald haustdag, ser det ut til at Hadia Tajik er på veg heim frå glamourfest. Det er ikkje slik vi kjenner ho frå mediebiletet elles, og den politiske bodskapen blir med eit slikt bilete redusert, nærast drukna i det sensuelle, som om bodskapen hennar ikkje står på eigne bein.

Kiosklitteratur

Valet av fargepaletten er og verdt å merke seg. Den raude fargen følgjer normalt alle andre Arbeidarparti-politikarar, men Tajik sit i kalde, harde fargar. Ho er plassert på ein benk av slipt betong og med betong rundt seg, lett lent framover, med brei beinstilling og handa kvilande på låret. Er fargevalet og posituren meint å leie tankane mot 50 Shades of Grey? Det er i så fall eit underleg val, sett i lys av dei interne utfordringane dei har hatt i Arbeidarpartiet dei siste åra, der nettopp eldre menn i maktposisjonar sitt seksualiserte blikk på unge kvinnelege partikollegaer, har vore kjernen i problema.

Bildet av Tajik er ikkje i seg sjølv problematisk, men truverda til den politiske forteljinga hadde vore større om ein ikkje hadde vurdert det som naudsynt å lokke lesarar inn med bilete som normalt vert assosiert med lett vekebladlektyre. For å bane veg for bodskapen til unge kvinnelege leiarar og politikarar, treng vi opinionsleiarar som vågar å utfordre denne bildebruken. Berre då kan vi legge til rette for at desse kvinnene blir høyrde ut frå kva dei har å seie, ikkje korleis dei bruker utsjånaden sin. Å halde den politiske diskursen sakleg og anstendig handlar også om portretta vi vel å bruke.

Er fargevalet og posituren meint å leie tankane mot 50 Shades of Grey? Det er i så fall eit underleg val, sett i lys av dei interne utfordringane dei har hatt i Arbeidarpartiet dei siste åra.

Les også

  1. Hadia Tajik har skrive ei uvanleg politikarbok

Publisert:
  1. Hadia Tajik

Mest lest akkurat nå

  1. Risa har dratt inn milliardbeløp på vindkraft - nå vil de helst ikke snakke om det

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. De trodde munnbind beskyttet. Så gikk de syke på jobb i sykehjemmet.

  4. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  5. Denne lunsjretten får du bare tak i på Jæren: - Vi får ukentlig henvendelser fra utflyttede jærbuer

  6. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent