Erfaringsmangfald fører til nyskaping

KRONIKK: I omstillingstider kan mange måtte få seg arbeid som ikkje er midt i blinken for utdanninga og arbeidserfaringa deira. Nettopp det kan gje verksemdene dei kjem til konkurransefordelar.

Publisert: Publisert:

Det kan vere utfordrande å samarbeide med kollegaer som har heilt annen bakgrunn enn din eigen, men då kjem gjerne dei gode ideane òg. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Marte C. W. Solheim
    Postdoktor, Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
iconDenne artikkelen er over to år gammel

I ein ny studie finn vi at ulik erfaring fører til søknadar for nye innovasjonar, nye patent. Dette gir grobotn for vidare diskusjonar om korleis vi kan tenkje nytt med tanke på kva kompetanse vi treng vidare, samt korleis vi kan på best mogeleg måte utnytte den allereie eksisterande kompetansen som vi har. Dette behovet vert særleg presserande i ei tid med auka grad av automatisering og digitalisering av arbeidsmarknaden.

Omstilling og rigionale strukturar

På nasjonalt nivå, og særleg i Stavanger-regionen, har ein som følgje av nedgang i oljeprisen vore inne i ei tid med sterk omstilling og utskifting. Mange arbeidstakarar har måtta sjå seg om etter nye arbeidsplassar. Mange av desse arbeidstakarane har ein anna type kompetanse eller har arbeidserfaring frå andre industriar enn dit dei no må søke seg mot. Det kan føre med seg nokre utfordringar, samstundes som at det kan opne opp for nye moglegheiter.

Dette fordrar at ein klarer å oversetje den kompetansen arbeidstakarane har med seg, og at ein er open for at erfaring frå eit område kan vere nyttig i innovasjonsarbeidet i andre type industriar.

I forskingslitteraturen ser ein gjerne at regional industri-samansetnad utviklar ei sti-avhengigheit, det vil seie at industriell utvikling byggjer på evnene og kompetansen som allereie eksisterer i ein region. Med andre ord ser ein at regionar har ein tendens til å bevege seg inn i industriar som er teknologisk kopla til den industrien som regionen allereie har. Dette kan føre til at ein vert best i klassen fordi at ein fokuserer på liknande industriar, men det kan òg verke slik at ein kan bli låst i vante mønster og ikkje evnar å ta til seg kunnskap frå andre domene − og dermed kan gå tapande ut. Desse omkringliggjande industri-strukturane påverkar erfaringsmangfaldet ein kan ha i ei verksemd.

Les også

Klimaspel om oljeverdiar

Når ein miksar ulike bakgrunnar

Derfor er det på sin plass å stille spørsmål: Påverkar ein heterogen arbeidsstokk innovasjonsevna ulikt enn ein meir homogen arbeidsstokk?

For å kunne undersøke dette, såg professor Sverre J. Herstad og eg på menneske si utdannings- og erfaringsbakgrunn i høve til ulike mål på innovasjon. Forenkla sagt vart tilsette delte inn i om dei hadde liknande eller forskjellege erfarings- og utdanningsbakgrunnar. Døme på liknande erfaring er om dei har arbeidd innanfor liknande industriområde. Til saman undersøkte vi rett under 3000 norske føretak. Dette datamaterialet baserer seg på registerdata frå Statistisk sentralbyrå som er kopla med ei omfattande innovasjonsundersøking (CIS).

Internasjonal forsking vel ofte å fokusere på det vi kallar for primær-mangfald, som er ting vi ikkje kan endre, som til dømes kvar vi er fødde. Denne forskinga har i mindre grad fokusert på sekundær-mangfald, som er element vi kan endre, som arbeidserfaring og utdanning. Internasjonal forsking har også fokusert på mangfald i delar av organisasjonen, med eit særleg fokus på topp-leiinga, men utan å ta høgde for at innovasjon førekjem i alle delar av ein organisasjon. Dette motiverte oss til å forske på sekundær-mangfald for alle tilsette i føretaket, samstundes som vi studerer dette på tvers av alle regionar og industriar i privat sektor i Noreg.

I denne studien finn vi ein positiv samanheng mellom menneske som hadde forskjellige utdannings- og erfaringsbakgrunnar (til kvarandre) og føretaka si patentering, altså søknadar om patent på noko som er nytt.

Vi fann òg ein positiv samanheng mellom menneske som hadde liknande erfaringsbakgrunnar (til kvarandre) og produkt og prosess-innovasjonar. Kan det vere fordi tilsette med liknande industrierfaringar arbeider godt saman fordi dei har kunnskap om liknande arbeidsmetodikkar, rutinar og forståingsrammer, noko som kan føre til nye innovasjonar, men at desse ikkje nødvendigvis er revolusjonerande nye?

Det kan då tenkast at når desse som kjem inn med forskjellege arbeidsrutinar og erfaring frå andre industriar, utfordrar desse allereie etablerte mønstra, så fører det til nye idear og søknadar om nye patent?

Den rette rekrutteringa

Innovasjon er ein sosial prosess, der menneske med ulik kompetanse møtast med det formål at dei skal løyse noko. Derfor er det også viktig å legge vekt på at desse ulikskapane, i til dømes erfaringsbakgrunn slik som synt her, kan vere viktige byggesteinar inn i å skape nyskaping. Dette fordrar at ein tenkjer nytt i høve til rekruttering, ved å tore å rekruttere menneske med ulik erfaringskompetanse, og at ein fokuserer på omsetje ulikskapen for på best mogeleg måte gjere seg nytte av den. På den måten kan erfaringsmangfald medverke til eit auka konkurransefortrinn.

Les også

Utdanning, innovasjon og næringsliv: «Skal alle med?»

Les også

Vekstrus i dag kan bli bakrus i morgen

Les også

Medisinutdanning er nøkkelen for at Nye Stavanger skal lykkes som helsehovedstad


Publisert:

Les også

  1. Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim: «Innvandring og internasjonale koplingar opnar for eksport frå verksemder i distrikta»

Mest lest akkurat nå

  1. Avslo det beste tilbudet hun hadde sett på grunn av treneren

  2. Sameie i Sandnes tilkjent nær 6 millioner etter mangler ved boligprosjekt

  3. Stjernespillerne tok ansvar da Oilers endelig vant igjen

  4. Tiltakspakkene og den voldsomme oljepengebruken må ta slutt

  5. 150.000 i gebyr for ulovlige boliger

  6. Gulvet er åpnet, men arkeologene får ikke grave

  1. Patenter
  2. Innovasjon
  3. Omstilling
  4. Næringsliv
  5. Rekruttering