Kjære foreldre, det er ikkje flaut å be om hjelp når det røyner på!

KORONA-KRISA: Vi har gått frå å vere saman med borna nokre timar kvar dag til å vere i same heim nesten heile dagen. Ingen forelder skal skamme seg over å kjenne på at det kan vere utfordrande.

Publisert: Publisert:

Det finst mange tilbod om hjelp til foreldre som slit med kvardagen under koronakrisa – sjå oversikt under artikkelen. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Leiar, Stavanger KrF
iconDenne artikkelen er 40 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Som mor til fire barn veit eg at kvardagen kan røyne på. Som småbarnsmor var det av og til at eg berre måtte ut å lufte meg for ikkje å bli altfor sint, eller brøle i frustrasjon. Særleg gjaldt dette då det var fleire dagar utan god nattesøvn, eller når rutinane våre hadde blitt endra.

Heilt ny situasjon

I desse dagar opplever foreldre at dei faste rutinane har endra seg drastisk. Frå å vere saman som familien nokre timar kvar dag, er ein no saman stort sett heile dagen. For mange kan det vere eit lyspunkt å vere meir saman. Ein får sjå borna meir enn vanleg, og ein har funne løysingar på den nye kvardagen som fungerer godt for sin familie. Som ei velsigning, om ein kan seie det slik.

For andre kan det vere meir utfordrande. Det kan vere foreldre som til dagleg klarer kvardagen heilt fint, men no opplever at dagane er uoversiktlege og prega av kaos. Ein kan oppleve seg som ein dårleg forelder fordi ein ikkje heilt klare å hjelpe med leksene på ein god måte samtidig som ein har heimekontor. Ein klarer ikkje å lage gode rutinar eller å få til ein god dialog med ungdommen som sit på rommet og er på nettet heile dagen. Korleis starte samtalen? Kva spør eg etter?

Då er det viktig for meg å seie: Det er ikkje flaut å kjenne på å kome til kort. Faktisk kan det vere heilt naturleg. Ein skal ikkje vere flau over å bruke hjelpesystemet eller finne nokon å snakke med. Enten det er dei mange hjelpetelefonane, ei helsesøster, lærar, barnehagelærar eller ein annan ein har tillit til.

Då eg stod midt oppi min frustrasjon, oppsøkte eg eit lågterskeltilbod der eg kunne lette på trykket. Her fekk eg treffe vanlege folk som gjerne hadde levd litt lenger enn meg, og som kunne hjelpe meg å kome vidare. Det var godt.

Eg brukte også nettverket mitt, sjølvsagt med omhug, – og eg var heldig som hadde eit nettverk. I ei særleg vanskeleg tid med sjukdom i heimen oppsøkte vi også det offentlege hjelpesystemet, der vi fekk god hjelp.

Mange gode tilbod

I dag finst det samtaletilbod for foreldre som er gratis. Vi har det offentlege hjelpetilbodet, men det har også blitt oppretta fleire telefontenester via Frivilligsentralen, Røde Kors, Kirkens SOS og IMI-kirken. Stine Sofies stiftelse har også ein døgnopen foreldresupport-telefon der ein kan ringe for å lufte sine tankar, og få gode råd for til dømes korleis meistre sinne.

Mange frivillige står klare for å hjelpe. Bruk dei!

Det kan vere vanskeleg å spørje om hjelp, men om det kan hjelpe deg og familien din, er det veldig viktig å gjere det. Ingen skal skamme seg over å kjenne på at denne tida kan vere utfordrande, og ingen skal skamme seg for å be om hjelp til handtere den nye kvardagen som kom så brått på oss alle.

Eg seier #heiaforeldre!

Publisert:
  1. Bru og Sevland i krisemøte om ONS

  2. Nå kan du besøke dine kjære inne på sykehjemmet

  3. Regjeringen vil åpne for reiser til Danmark – i dialog med andre nordiske land

  4. MDG-lederen takker olje­arbeiderne for Oljefondet

  5. Permitteringer: - Lønnstilskudd kan være løsningen

  6. Michael (19) er én av 324 lærlinger i Rogaland som fortsatt sitter hjemme

Mest lest akkurat nå

  1. Korona-viruset
  2. Familie
  3. Foreldre
  4. Koronaviruset
  5. Anne Kristin Bruns