Hugs at svenskar er meir lydige enn nordmenn

DEBATT: Kor forskjellig er eigentleg den norske og den svenske kampen mot koronaviruset?

«Når statsminister Stefan Löfven ber oss ’stanna hemma’, så gjer vi det», skriv Charlotta Schaefer. Foto: Jonas Ekströmer/TT / TT NYHETSBYRÅN

Debattinnlegg

  • Charlotta Schaefer
    Charlotta Schaefer
    Hafrsfjord
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er 401 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

De siste dagane har vi kunne lese mykje i norske aviser om den svenske strategien mot koronaviruset, som ifølge avisene er svært annleis enn den norske. For kvar dag som går, verkar avstanden i strategiane mellom landa å auke, der det for eksempel har blitt skrive at svenskane ikkje eingong har ein offentleg diskusjon om strengare tiltak, og at dei sjølvsikkert hevdar at dei er dei einaste som gjer rett.

Eg som kvar dag følgjer den svenske pressekonferansen frå Folkhälsomyndigheten, lurar på om nordmenn eigentleg skjønar så mykje svensk som dei utgjer seg for å gjere. For sjølv om strategiane i utgangspunkt har ulik tilnærming til same problem, kan effekten av dei ulike strategiane sjåast nokså lik ut. Noreg kallar sin strategi for «dugnaden», men har som kjent valt å lovregulere fleire av tiltaka for å kunne straffeforfølgje dei som bryt lova. Næringsverksemder så som frisørar, treningssenter og restaurantar, er stengde ned, i tillegg til skolar og barnehagar.

Les også

Svenskene bedt om ikke å reise i påsken

Les også

Forsker: Halve Sveriges befolkning vil være koronasmittet i april

Solidaritet på ulikt vis

I Sverige er ikkje grunnskolen stengd, ikkje heller frisørane, restaurantane eller treningssentera. Sverige har valt ein strategi som i langt større grad er basert på tillit, ansvar og det vakre ordet solidaritet. Sjølve grunntanken i omgrepet solidaritet er å handle ut frå andre premissar ein eigeninteresse. Å gjere noko for andre utan at det er til nytta for meg sjølv. Solidaritet er namnet på kva vi driv med til dagleg i desse koronatider.

Og om vi verkeleg skal sjå på den svenske koronastrategien, så verkar den i praksis svært lik den norska. I Sverige rapporterer skolar og barnehagar om halvfulle klasserom, og nokre skolar har så stort fråvær som to tredelar fordi elevane blir heime. Kontorlandskap er lagt aude, butikkar manglar kundar og restaurantar må redusere opningstida fordi gjestane er redde for smitta. Eit webkamera frå Sergels torg i Stockholm kunne like så godt vore eit webkamera frå Karl Johan i Oslo. Sanninga er altså at det daglege samfunnet kan sjåast nokså likt ut, trass i at det på den eine sida av landegrensa er grunna tvang og på den andre sidan basert på frivillig innsats.

Sosiologiske skilnadar

Kvifor dette? kan ein då spørje. Nokre dreg parallellar til at Sverige ikkje var med i andre verdskrigen, og kanskje er det ein del å hente i den forteljinga.

Den forteljinga eg ønskjer å peike på, er heller at vi svenskar er eit lydig folk som er vant til å stole på forvaltninga og myndigheiter. For den som er interessert i å studera nordisk sosiologi, er det kanskje her dei store forskjellane mellom landa kjem fram.

Medan Noreg har ein sterk distriktspolitikk som vernar om individets og bygdas rettar, er svenskar vande til å rette seg etter politiske vedtak og nasjonale føringar. Nordmenn er vande med å gjere motstand, gå i fakkeltog og vise misnøye.

I Stockholm er det tog to gongar per år: pride og 1. mai. Og når statsminister Stefan Löfven ber oss «stanna hemma», så gjer vi det.

Kjenner folket sitt

Det er alvor no. Statistikken over dødsfall i Sverige stig raskare enn i Noreg. Folkhälsomyndigheten meiner det kjem av at Sverige ligg føre i utviklinga av smitten. Når ein les avisa, kan ein fort tru det er ei europeisk tevling om kven som har valt den beste strategien mot viruset. Men dette er ikkje ei tevling, alle land gjer det som dei trur er best for sine innbyggjarar.

Myndigheiter og politikarar vel tiltak ut frå kva dei trur vil fungera best. Og svenske myndigheiter veit allereie at svenskar er eit lydig folk.

Les også

  1. Sverige vil koronateste flere – 34 nye dødsfall

Publisert:

Korona-viruset

  1. 124 russ er korona­smittet i Rogaland hittil

  2. FHI: Alle får trolig tilbud om dose to før høsten

  3. I dag kommer dommen om Astra Zeneca-vaksinene – vanskelige spørsmål skaper splid i utvalget

  4. Trossamfunnene jobber med å sikre en smittefri id-feiring

  5. Smitten går ned på Nord-Jæren

  6. – Jeg er vanvittig redd for å bli smittet

  1. Korona-viruset
  2. Debatt
  3. Sverige
  4. Koronaviruset
  5. Stefan Löfven