Kunstnarane i Rogaland får stipend, Zahl!

DEBATT: Jan Zahl skaper feil bilete av biletkunstfeltet i Rogaland.

Publisert: Publisert:

«Jan Zahl malar fram eit bilete av dei nasjonale stipendtildelingane som ikkje heng på greip, i alle fall ikkje om du er biletkunstnar», skriv Ingeborg Kvame. Foto: Kenneth Varpe

Debattinnlegg

  • Ingeborg Kvame
    Styreleder i BKFR (Bildende Kunstneres Forening Rogaland)
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Har du kunstnarambisjonar bør du flytta til Oslo, seier Jan Zahl i ein kommentar i Aftenbladet 4. april. Zahl malar fram eit bilete av dei nasjonale stipendtildelingane som ikkje heng på greip, i alle fall ikkje om du er biletkunstnar. Zahl tel berre tildelingar som kjem frå Statens Kunstnerstipend (Kulturrådet), og referer til heilt andre tal enn dei tala Norske billedkunstnere (NBK) opererer med. NBK fører eigne statistikkar, desse inkluderer tildelingar frå Statens Kunstnerstipend, Billedkunstnernes Vederlagsfond og Bildende Kunstneres Hjelpefond.

Kvalitet og kunstnarisk aktivitet

For biletkunst blir stipenda frå dei tre ordningane tildelt på same søknadsgrunnlag, dei blir tildelt samstundes og av same jury. Juryen er ein demokratisk vald fagfellejury, som skiftar medlemmar annan kvart år. Tildelingane har same kriteria: Kvalitet og kunstnarisk aktivitet. Å berre sjå på ein ordning isolert, viser ikkje heile bilete. NBK sin statistikk for 2018 fortel at i Rogaland fekk 33,33 prosent av alle som hadde sendt inn søknad innvilga stipend, i Oslo var dette talet 38,60 prosent og på landsbasis 35,21 prosent. Året før, i 2017, fekk heile 44,44 prosent av søkjarane frå Rogaland stipend, Oslo måtte nøye seg med 32,73 prosent, og på landsbasis var talet 32,11 prosent.

I 10 år har Jan Zahl tald og fortalt historia om at «Oslo fekk flest kunstnarstipend», «Total Oslo-dominans – igjen», «Over halvparten av kunstnerstipenda kvart år hamnar i Oslo», «Oslo – Rogaland: 186 – 6», «Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.» Og nå bør me altså flytta til Oslo med kunstnarambisjonane våre. Det er ei trufast forteljing som kjem år etter år på trykk i regionens største avis: I Rogaland får kunstnarane det ikkje til.

Er det ikkje heller slik at den største utvandringa av biletkunstnarar frå Rogaland skuldast tilbodet av estetiske fag på universitetsnivå? Medan Oslo lokkar med 45 utdanningar, Bergen med 18, Sør-Trøndelag med 14 og Vest-Agder med 8, har Rogaland berre eitt utdanningstilbod innan estetiske fag. Dersom Jan Zahl hadde kome med årleg kritikk som synleggjorde denne skeivheita, kunne me kanskje fått endra ein faktor som kunne ført fleire av dei store stipenda til regionen. For med ei slik skeivheit blir nødvendigvis den samla faglege kompetansen høgare andre stader enn i Rogaland.

Markerer seg nasjonalt og internasjonalt

Til tross for dette har me eit kunstmiljø som stadig markerer seg nasjonalt og internasjonalt. Vår forteljing er at i Rogaland har me mellom anna Noregs beste produksjonsforhold for kunstnarar på Atelierhuset. Me har eit vitalt kunstmuseum som viser musklar, ein kunsthall på statsbudsjettet og ein kunstnardriven visningsstad med internasjonal suksess. Me har eit eige ressurssenter for kunst og kunstnarar, ein grafisk verkstad i verdensklasse og ein eigen seriøs nettbasert plattform for kunstformidling og kritikk. Me har Noregs største kunstforeining og ein residency-ordning med søkjarar frå heile verda. Og jammen får kunstnarane som bur her stipend! Slik dei gjer over heile landet.

Publisert:

Les også

  1. KOMMENTAR: Kunstnarambisjonar? Flytt til Oslo!

  2. Jevn fordeling av kunstnerstipender, Zahl!

Mest lest akkurat nå

  1. Denne kreftforma er spesielt utbreidd blant menn i Rogaland. Dette kan vere forklaringa

  2. Sivilisert debatt viser forskjellen på Trump og Biden

  3. Fjernet ulovlig garasje, men Atle har likevel fått 40.000 kroner i tvangsmulkt

  4. Ung kvinne knuste rute i Stavanger sentrum

  5. Fire nye smittetilfeller i Stavanger

  6. «Stavangermannen som formet det sosialdemokratiske Norge»

  1. Debatt