Forvalting av dyr og jord går ikkje ihop med den industrielle logikken

KRONIKK: Søker ein på ordet «effektivitet» i den nye jordbruksmeldinga, vil ein sjå at ordet finst på nesten kvar einaste av dei 160 sidene, og ofte opp til fleire gonger per side. Bodskapen er eintydig: effektivitet!

«For oss handlar ikkje effektivitet om stadig auke og konkurranse, men om å forvalta dyr og jord i ein evig syklus», skriv Eirik Magnus Fuglestad, odelsgut, sosiolog og trainee i Bondelaget.

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Eirik Magnus Fuglestad
    Odelsgut, PhD i sosiologi og trainee i Norges Bondelag
Publisert: Publisert:
  • Denne teksten vart publisert i januar 2017.
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

I jordbruksmeldinga, som no er til handsaming i næringskomiteen i Stortinget, heiter det då også: «Hovedformålet med jordbrukspolitikken skal være en kostnadseffektiv matproduksjon».

Effektivitet står, i regjeringa si idéverd, alltid saman med konkurransekraft, låge kostnader og auka verdiskaping. Og det er klart, dette er ting som er bra for bonden. Sjølvsagt vil bonden tena pengar som alle andre. Men bonden veit at jordbruket er del av noko større: Bonden har kulturlandskap å passa, dyr som skal ha velferd, og jord å pleia. Bonden veit at jordbruket kjem frå ei verd som ikkje toler industriell effektivitet, for med ein slik effektivitet går landskapet og dyrevelferda fort tapt.

Ein spelte på lag med naturen i ei forståing av at naturen er meir enn berre eit produksjonsmiddel for konkurransedriven vekst.

Den heilage naturen

Effektivitet og konkurransekraft høyrer til den industrielle verda. Jordbruket, på den andre sida, er derimot underlagt naturen og værets ur-gamle luner. Ein kan kalle dette ei agrar-religiøs verd, lik den ein kan lesa om i til dømes mosebøkene. Sjølv den dag i dag vert draumetydinga som Josef skal ha gjort av Farao sine syn – der sju magre kyr kjem og et opp sju feite kyr – nytta som ein metafor for at etter gode år kjem det skrinne år.

Jordbruket var i starten bunde opp til religiøse forståingar, der naturen var del av det heilage. Ein spelte på lag med naturen i ei forståing av at naturen er meir enn berre eit produksjonsmiddel for konkurransedriven vekst. I det norrøne samfunnet haldt ein til dømes blot fordi ein visste at naturen (og gudane) var ein var prisgjeven. Haldt ein ikkje eit godt midvintersblot, kunne det hende at våren aldri kom. Og som ein kvar jordbrukar veit: Ingen vår, ingen vekst.

I ei sentral myte i gresk mytologi blir Persefone – dotter til Demeter, gudinna for avling og vekst – bortført til underverda. Demeter leitar og leitar etter dottera si, og medan ho leitar, lèt ho ingenting gro. Menneska svelt, og til slutt blir klagesongen frå dei svoltne menneska så høg at Persefone blir levert tilbake frå underverda. Men i eit hemmeleg triks blir det slik at Persefone vert dømd til å vera i underverda ei viss tid kvart år. Dette vart vinteren som stadig kom, og om vinteren gror ingenting.

Det er verdt å minna om at Stortinget har stått ganske samla om den effektiviserande jordbrukspolitikken me har hatt sidan 1980-åra.

Den industrielle tenkemåten

Religiøse førestillingar var tufter for jordbruket heilt opp til den industrielle revolusjonen, ofte endå lenger. I dag avfeiar ein dette som overtru, men det religiøse har røtene i røynda, og peikar på noko grunnleggjande: Jordbruket handlar om å produsera og forvalta natur som er avgrensa, sårbar og syklisk. I sum er jordbruket ressursforvalting av ein avgrensa arealressurs, og det er sjeldan samanfallande med verken industriell effektivitet eller med kostnadseffektiv produksjon. I staden bør jordbruket handla om forvalting og hevd.

Ingenting er meir forskjellig frå eit slikt syn på jordbruket en den industrielle tenkemåten regjeringa er forkynnarar av. Men dette er ikkje nytt; somme gonger viser det nye seg som det same gamle. Det var til dømes under Ap-minister Gunhild Øyangen, sist på 1980 talet og tidleg på 1990 talet, at strukturrasjonaliseringa i jordbruket verkeleg skaut fart. Det var også i denne tida ein fekk konkurranseutsetjing i mjølkesektoren. Det er verdt å minna om at Stortinget har stått ganske samla om den effektiviserande jordbrukspolitikken me har hatt sidan 1980-åra.

Sist på 1800-talet skjedde ei samfunnsomfattande mentalitetsendring der marknadens logikk vart sett over alle andre verdiar.

Fundamentalt annleis

Når regjeringa Solberg i 2014 opna for at 1650 mjølkebruk kan produsera heile det norske forbruket av mjølk (Fuglestad og Tufte, Klassekampen, 9.12.2016), er dette eigentleg eit framhald av den same politikken me har hatt dei siste 30 åra. 1650 mjølkebruk blir kanskje effektivt, men det blir stussleg mot dei 9000 bruka ein har i dag, og det har lite å gjera med eit trygt forvaltande jordbruk over heile landet.

Den stadige trongen til effektivisering kan truleg sporast attende til det økonomen Karl Polanyi kalla «the great transformation» (den store omforminga). Sist på 1800-talet skjedde ei samfunnsomfattande mentalitetsendring der marknadens logikk vart sett over alle andre verdiar. Slik blir jorda og jordbruksvarer gjorde om til ei vare for masseproduksjon som alle andre varer, sjølv om jordbruksvarer er fundamentalt annleis.

Hovudtanken som driv dette, handlar berre om vekst og konkurranse, ikkje om skjønsmessig bruk eller fordeling.

Forvalting i ein evig syklus

Me skal sjølvsagt ikkje tilbake til før-moderne tider og mytar, og sjølvsagt skal ein ikkje undergrava at det moderne industrijordbruket har potensial til å brødfø mange fleire menneske med mindre slit. Men dette er framleis berre eit potensial, fordi hovudtanken som driv dette, berre handlar om vekst og konkurranse, ikkje om skjønsmessig bruk eller fordeling.

Det som me verkeleg treng i ei ny landbruksmelding, er ei erkjenning av at jordbruket ikkje høyrer til den industrielle logikken, at graset ikkje veks seg evig inn i himmelen, og at sommar går over i vinter. Me bønder er først og fremst forvaltarar og del av ein syklus. For oss handlar ikkje effektivitet om stadig auke og konkurranse, men om å forvalta dyr og jord i ein evig syklus.


Publisert:
  1. Landbruk
  2. Eirik Magnus Fuglestad

Mest lest akkurat nå

  1. – Imponerende at de klarte å ha aktiviteter som passet både treåringer og tenåringer

  2. Ryfylke har fått sin første vingård

  3. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  4. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv

  5. Fylkesordføreren: – Staten har en stor pengesekk

  6. 65 nye smittede på Nord-Jæren