Vann Finnøy kampen om ferjerutene?

DEBATT: Tor Inge Jøssang i Aftenbladet har den 14. juni ei heilside: «Finnøy vant kampen om bedre ferjeruter – indre Ryfylke tapte».

Publisert: Publisert:

«Vedtaket som er fatta, er perspektivlaust og viser oss samstundes ein administrasjon som turer i veg, og politikarar som lar seg styra», skriv Ivar Andersen. Her frå MF «Foldøy». Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Ivar Andersen
    Nedstrand
  1. Leserne mener
Denne artikkelen er over ett år gammel
Les også

Aftenbladet 14. juni: Finnøy vant kampen om bedre ferjeruter - indre Ryfylke tapte

Etter ein mangelfull og merkeleg prosess i fylkets administrasjon og politiske organ (samferdsleutval og fylkesting), vart vedtak fatta nå sist onsdag. Det spørs om det ikkje er flest taparar i denne saka? Finnøybuen sjølv undrar seg kva som føregår, og me er alle taparar, mest ryfylkingane.

Splittar fylket

Rutesystemet i fylket vert dyrare og dårlegare frå 1. januar i 2021, fylkesadministrasjon og politikarar splittar fylket meir enn dei samlar det, og nører opp om nord-sør konflikten, dei driv sentraliseringspolitikk, og arbeider imot distrikta, og bygger ned kollektivtilbodet. Er det dette fylket skal driva med?

To nye ferjer skal inn i Finnøysambandet, 60 personbileinheitar (PBE), universelt utforma, og muligens av «miljøtypen», som er i tida nå, skal ut på anbod med 10-års-kontrakt. Me kan jo håpa på at dette anbodet vert så dyrt at dei må sjå på vårt utkast, der me har vist at kapasiteten kan aukast med 60 prosent utan å gå med fleire ferjer.

Les også

Eit hjartesukk om ansvar og tillit i ferjesaka

Haldast for narr

Etter at Finnøy har fått sitt, skal nordre delen av eksisterande rute, Nedstrand, Foldøy, Hebnes og Jelsa, og «Fisterøyane» (Heng, Sør-Hidle, Brimse, Helgøy(å), Byre, og Sør-Bokn), få ei ferje nr. tre som skal bli den nye Ryfylkeferja. Men allereie nå legg politikarane føringar på denne ruta, med sterkt avgrensa opningstid, ulike ruter på ulike dagar, og ein kapasitet på 25 PBE som strupar den nordre delen, der det i dag går 23500 PBE i året, som er 64 PBE per dag. Dette stod det ingenting om i høyringsbrev eller saksutgreiing. Det er jo å halda næringsliv og fastbuande, og alle reisande for den del, for narr.
Vedtaket som er fatta, er perspektivlaust og viser oss samstundes ein administrasjon som turar i veg, og politikarar som lar seg styra. Det burde vera omvendt, men når høyringar vert formalitetar, og økonomiske krav (lav kostnad) berre skal brukast mot ferje nr. tre, så kan me frykta at det går med denne, som med tunnelen Espedal-Frafjord, den vart som kjent fjerna, for å få Ryfast på plass.

Torkel Myklebust frå Suldal sa i samferdsleutvalet den 12.6. at avgjerda om å rasera ferjeruta Judaberg-Nedstrand – Jelsa, var uklok, og at dette vil merkas negativt av svert mange i Ryfylke i lange tider. Kan fylkesrådmann og samferdslesjef fortelja oss kvifor det er så viktig å legga ned ting som fungerer, som held samfunnsmaskineriet i gang?

Publisert: