Ikkje øydelegg konsertopplevinga mi!

DEBATT: Mange av konsertane eg har vore på i Stavanger har vore prega av eit rølpete og likegyldig publikum. Noko som rett og slett har avstumpa musikkinntrykket frå scena.

– Festivalmassen var ikkje på Utopia-festivalen (Highasakite) for å lytte til musikk, dei var der for å drikke seg sørpe hinsides, kaste plastikkølglas halvfulle med øl over hovudet, ta selfies og nyte kameratskap høgt overdøyvande over musikken, skriv Johanne Norén

Debattinnlegg

  • Johanne Norén
    Plass 14, rad 9 i Fartein Valen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Eg gler meg til 10. mai. På sjølvaste Kristi himmelfartsdag skal Susanne Sundfør entré scena igjen i Stavanger Konserthus. I september 2017 slapp Sundfør eit nytt album, «Music For People In Trouble», og like etterpå blei det satt opp fem eksklusive konsertar rundt om kring i landet. For dei som var raske nok til å hive seg rundt på billettsalet, var konsertopplevinga i Stavanger konserthus den 27. september rein magi.

Terningkast seks

Stavanger Aftenblad var raskt ute med terningkast seks. Resten av oss som knapt hadde rukket å ta inn albumet i sin heilskap blei sittande med skjegget i postkassa.

Susanne Sundfør med band i aksjon i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus.

No har eg heldigvis skaffa meg billett til neste konsert og kryssar fingrar og bein for gjentaking av «levende kunst» (Rogaland Avis, 27. sept. 2017). Men det er ein ting som uroar meg. Mange av konsertane eg har vore på i Stavanger har vore prega av eit rølpete og likegyldig publikum. Noko som rett og slett har avstumpa musikkinntrykket frå scena.

Under Utopia-festivalen vart Highasakite forminska til reine bakrunnstøyen for all minglinga som føregjekk framfor scena. Eg stod omtrent midt framme i publikumsmassen, då Ingrid Helene Håvik hadde avslutta ei roleg låt. Det var ingen som merka at songen var slutt. Eit desperat «Hallo!?» blei ropt ut til mengdene, og eg hadde mest lyst til å forsvinne gjennom betonggolvet.

Festivalmassen var ikkje der for å lytte til musikk, dei var der for å drikke seg sørpe hinsides, kaste plastikkølglas halvfulle med øl over hovudet, ta selfies og nyte kameratskap høgt overdøyvande over musikken. Det var berre headlineren David Guetta som kunne foreine publikummet til éit denne kvelden.

Eg høyrte nyleg at Shell hadde kjøpt opp eit opplag med billettar, som dei sel vidare til medarbeidarane sine. Sist eg høyrte var det endå ledige billettar, hjå Shell altså. La oss berre håpe at dei ikkje blir hivd vekk til dei som ikkje har betre å finne på med kollegane sine på himmelspretthelga, enn å snakke om overtid på jobb og nyaste Tesla-innkjøp, midt på rad 8 i Farten Valen.

Vil nok gi beskjed

Eg vonar og trur at fansen er dediserte. Viss ikkje vil nok Sundfør gi beskjed. Eller ein peikefinger kome midt frå rad 9, for å legge igjen eit hint på skuldra di.

Les også

  1. Aiaiaiaiaiaiai!

  2. Susanne Sundfør: Vakker vending

Publisert:
  1. Debatt
  2. Stavanger Konserthus
  3. Susanne Sundfør
  4. Musikk
  5. Øl

Mest lest akkurat nå

  1. Slutt på testing i skole og barnehage i Stavanger

  2. Bodde i hver sin etasje i boligblokk i Stavanger

  3. Gjesdal-ordføreren har fått ny kreftbeskjed: – Et hardt slag i mellomgulvet

  4. Kjørte på elsparkesyklist i fotgjengerfelt – får beholde førerkortet

  5. Ombo uten strøm i fire timer

  6. – Derfor smalt det godt på mange treninger